Den lange, gode fredagen

Langfredag/Den gode fredagen

Tekstane i dag finn de her (Den katolske kyrkja). Eg vil berre sitera epistelteksten.

Det står skrive i Hebrearbrevet i det 4. og 5. kapitlet.

4:14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og nåde til hjelp i rette tid. 5:7 Då Jesus levde som menneske, bad han i naud med høge rop og tårer til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig. 8 Endå han var Son, lærde han lydnad ved å lida. 9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Desse versa fortel oss litt om kven Kristus er, og kva Hans frelsesverk er heilt essensielt. Eg skal ikkje dvela så mykje med akkurat denne teksten, men vil rett og slett skrive nokre tankar omkring korleis Kristus, ved sin død — og vidare — kunne verta “ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han.”

Det fyrste vi må slå fast, er at krossfestinga ikkje handlar om at Gud tømmer sin vreide ut over Sonen. I 1947 skreiv Dorothy L. Sayers ei bok som mellom tok opp dette; The Dogma is the Drama. Ho gjengav der, i nærast katekistisk spørsmål-svar form, kva kvardagsfolk meinte om kristendomen. Om forsoninga skreiv ho:

Spørsmål: Kva blir meint med forsoninga?
Svar: Gud ønska å fordømme einkvar, men hans vreide vart tilfredstilla ved krossfestinga av hans eigen Son, som var heilt uskuldig, og difor eit spesielt skikka offer. Gud fordømmer no kun personar som ikkje fylgjer Kristus eller som aldri har høyrt om han.[1]

Men denne type teologi, som dessverre er så altfor dominerande i vår kristne tradisjon, tar ikkje inkarnasjonen på alvor. Døden på krossen handlar ikkje om at Kristus døydde for at vi skulle sleppe unna, men at Han døydde for å transformera vår død. I Kristus vert døden ein vinning, som Paulus seier. Poenget med krossen må — ja, det må! — forståast i lys av inkarnasjonen, ikjøtinga. Paulus skriv at Kristus “for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.” (2Kor 8:9) Dette handlar ikkje om rikdom i pengar, det er ein metafor. Gud vart menneske, og levde som menneske, slik at vi kan få del i det guddomlege, slik at vi kan få “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4). Eller slik Johannes seier det: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:14)

Kristi lydnad til døden handla altså ikkje om krossen i og for seg. For at vi skulle få “del i guddomleg natur,” så måtte Gud verta menneske og leve som menneske og på den måten herleggjere og ta opp i seg alt det menneskelege. Eit fundamentalt prinsipp som ligg bak inkarnasjonstanken er ideen om at det menneskelege som ikkje er teke opp i Kristus heller ikkje er frelst.

Kristus er Guds Lam, som ber verdsens synd. Og ved Han vert vi Guds hjord. Vi dør frå oss sjølve ved Kristi død, og slik kan vi stå opp med Han til eit nytt liv. “Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden,” skriv Paulus. “Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.” (Rom 6:4f)

La oss be:

Vi takkar deg, himmelske Far, fordi du gav oss din einborne Son, så kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Vi bed deg: la dette verta til eit føredøme for oss, slik at vi kan leva eit heilt og heilagt liv, til din hugnad. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Sitert frå Jacob Frode Knudsen, “Måtte Jesus dø?” Spor (magasin for Bergen domkirke menighet), nr. 2/2007, s. 13 (omsett til nynorsk).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s