Ja, Han er sanneleg oppstaden!

Påskenatt/påskedag

God påske!

Oppdatering: Anbefalar å lesa Bjørn Are Davidsen sine tankar omkring oppstoda og historisk forsking.

For omlag ein time sidan kom eg heim frå påskenattsmesse i Mariakirken i Bergen. Så no vil eg skrive ein kort refleksjon rundt oppstoda, men fyrst vil eg sitere frå Jesja, ein av lesetekstane for påskenattsliturgien i Den katolske kyrkja. (Natta/dagens tekstar finn de her og her for Den katolske kyrkja og her og her for Den norske kyrkja. Det er nok ein viss overlappping.)

Det står skrive hjå profeten Jesaja i det 55. kapitlet:

1 Å, alle de tyrste, kom og få vatn! Og de som ikkje har pengar, kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk! 2 Kvi gjev de ut pengar for det som ikkje er brød, og dykkar arbeidsløn for det som ikkje kan metta? Å, høyr på meg! Så skal de få eta det som godt er, og gleda dykk over feite retter! 3 Vend øyra hit og kom til meg, høyr, så skal de få leva! Så gjer eg med dykk ei evig pakt og syner dykk trufast mi miskunn, så som eg gjorde mot David. 4 Han sette eg til eit vitne for folk, til hovding og fyrste for folkeslag. 5 Ja, du skal kalla på folk du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Israels Heilage, Herren din Gud, har gjeve deg ære og herlegdom. Søk Herren medan han er å finna! 6 Søk Herren medan han er å finna, kall på han den stund han er nær! 7 Den gudlause må venda seg frå sin veg og ugjerningsmannen frå sine tankar og snu om til Herren, så skal han visa miskunn, til vår Gud, for han er rik på tilgjeving. 8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. 9 Nei, så høg som himmelen er over jorda, så er mine vegar høgare enn dykkar vegar og mine tankar høgare enn dykkar tankar. 10 Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, 11 så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Det eg skal konsentrera meg om her, er dei siste to versa. Der seier Gud det slik ved profetens munn: ”Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til.” Gud sende sitt ord julenatt. Då vart Ordet menneske (Joh 1:14), Ordet som var frå opphavet av (Joh 1:1), Han som ”har sitt opphav i gamal tid, han er frå eldgamle dagar,” som det heiter i ein av lesetekstane julekveldsliturgien (Mika 5:1).

Vår himmelske Far sende ut Ordet, og det kom ikkje tomt tilbake til Han. Han gjorde sin Fars vilje, og fullførde det som Han vart sendt for å gjera. Kristus vart menneske for å ta oss med tilbake att i fanget åt Faderen, tilbake til vårt eigentlege opphav. Han kom tilbake til Faderen med mennesket, herleg og opphøgd — oppstaden! Og ved Han har vi også del i dette, ved vår dåp der vi døydde frå oss sjølve, og stod opp at med Kristus til evig liv! Då vil eg gjerne sitere ein salme av biskop emeritus Johan Nordahl Brun. Den er skrive i 1786, og vart omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1904. (Nos 180):

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever,
gravi brast, og Jesus lever!

Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde;
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

La oss be:

Allmektige Gud, himmelske Far, vi høglovar ditt heilage namn og takkar deg for den store nåde og miskunn at du gav Son din for syndene våre og reiste han opp så vi skulle verta rettferdige for deg. Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande, så vi kan leva i krafta av Kristi oppstode og etter livet her vekkjast opp til det evige livet, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Piero della Francesca. The Resurrection of Christ.

Noter:

[1] Kollektbøn for påskedag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 235)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s