Nokre refleksjonar rundt Israel, jødane og kristendommen

I DagenMagazinet på fredag (17.04.09), og i eit bilag til avisa same dagen, var det fokus på Israel, og på MIFF. I sjølve avisa var det skrive ei melding av boka Glemt av sine egne, som er skrive av Jens Olav Mæland, og som handlar om kristne i midtausten. I bilaget var det ein artikkel om Den katolske kyrkja si historie med jødehat.

I sistnemnde vert det nevnt at Vatikanet ikkje godtok staten Israel, og at pave Paul VI var der éin dag i 1964 der han nekta å ta namnet Israel i sin munn, og nekta å titulera presidenten som president. Dette er sikkert ikkje ein god ting, og dei siste pavane har gjort mykje for å retta opp att dette — mellom anna ved at Pave Johannes Paul II oppretta diplomatiske band mellom Israel og Vatikanet. (No trur eg at grunnen til at ein ikkje godtok dette, var at folk ikkje såg på dette som ein utelukkande sekulær stat, men som ei guddomleg handling, og oppfyllinga av landløfter, noko som vi som kristne ikkje nødvendigvis bør godta.)

Pave Johannes Paul II oppretta som sagt dei diplomatiske banda mellom Israel og Vatikanet, og dette vert nemnt i teksten som ein av dei positive tinga han gjorde. I same andedrag legg dei til at han sørga for at ein ikkje skulle driva misjonsarbeid overfor jødar. Eg har ikkje sjekka denne siste påstanden, men eg må berre spørje: Skal dette liksom vere noko positivt? Treng ikkje jødar frelse som alle andre? Er det ikkje nettopp det som er Paulus sitt poeng i Rom 3, der han polemiserar mot jødar som meiner at dei er betre enn andre? “Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar nokon fordel framfor andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nettopp skulda både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman.” (Rom 3:9) “Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. Dette er Guds rettferd, som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, for alle har synda og manglar Guds herlegdom. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.” (Rom 3:21-24) Og dette tek meg til medlinga av Mæland si bok.

Der skriv Morten Fjell Rasmussen frå MIFF ein interessant tekst, med sikkert mykje god kritikk. Men det mest påfallande er at han ikkje nemner det som eg ser på som det viktigaste i boka, nemleg ideologien og teologien som ligg bak mykje av det som vert sagt og gjort av dei såkalla kristensionistane, mellom anna dei som står bak den Internationale Kristne Ambassade i Jerusalem. Dei har, ved pengeinnsamling, mellom anna vore ‘involvert’ i planar om at ein skal byggja opp att tempelet. Kanskje har eg misforstått, men korleis er dette ikkje på kollisjonskurs med den kristne trua? Har desse kutta ut hebrearbrevet?

Nei, vi kristne må halda oss borte frå slikt. Og vi må forstå at alle treng frelse — og at det ikkje er “frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved,” nemleg Jesus Kristus, vår Herre. (Apg 4:12)

One comment on “Nokre refleksjonar rundt Israel, jødane og kristendommen

  1. Morten Rasmussen says:

    Hei Kjetil! Gøy å se at du har lest omtalen jeg skrev av boken “Glemt av sine egne”. Du bemerker at jeg “ikkje nemner det som eg ser på som det viktigaste i boka, nemleg ideologien og teologien som ligg bak mykje av det som vert sagt og gjort av dei såkalla kristensionistane, mellom anna dei som står bak den Internationale Kristne Ambassade i Jerusalem. Dei har, ved pengeinnsamling, mellom anna vore ‘involvert’ i planar om at ein skal byggja opp att tempelet.” Av plasshensyn kom jeg ikke inn på dette. Mæland gir et karikert bilde av kristensionisme som de færreste kristensionister kjenner seg igjen i. Kristensionister har f eks ikke et annet syn på frelse enn andre evangliske kristne (i så fall kan de ikke kalles evangeliske kristne). Og da jeg leste påstanden om at IKAJ samler inn enorme beløp til gjenoppbyggingen av templet, fant jeg den utrolig. Jeg har sjekket dette opp med venner av meg i IKAJ Norge, som totalt avviser at IKAJ har samlet inn et øre til dette formålet. Påstanden er like grunnløs som Mælands påstand om at Hjelp Jødene Hjem samler inn flere millioner i året til bosetninger. Jeg har vært varamedlem i HJH-styret i flere år, og kan bekrefte at HJH aldri har bevilget et øre til bosetninger. Nok et eksempel på slett research fra Mælands side.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s