Eit nytt hjarte

4. sundag etter påske

Dagens tekstar finn de her (Dnk) og her (Dkk).Eg held meg i dag til GT-teksten frå Dnk.

Det står skrive hjå profeten Esekiel i det 36. kapitlet:

26 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. 27 Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei. 28 Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Det eg tenker mest på når eg les denne teksten er sakramenta. I Confessio Augustana (kap. 5) står det at “med Ordet og sakramenta som middel vert Den Heilage Ande gjeven, han som verkar trua, kvar helst og når Gud tykkjer om det.”[1] “Min Ande vil eg gje inni dykk,” seier Herren, “og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.” (Esek 36:27) Og, ved denne Anden får vi også del i nattverden — Herrens kropp og blod. I denne samanhengen vil eg gjerne sjå litt på historia om Dracula. (SPOILER WARNING!)

vlad-dracula
Den verklege Dracula. (Frå: Weird Encyclopedia)

I går såg eg Francis Ford Coppola sin meisterlege versjon av Bram Stokers Dracula. Og eg trur at denne historia kan fortelja oss noko svært viktig om den kristne trua. Det byrjar med at Dracula er ein Guds soldat, men kjærleikssorg, etter at kona tek sjølvmord og ikkje vert gravlagd, fornektar han Gud — og byrjar på eit langt hemntokt.

Det er to svært viktige ting med denne filmen. For det fyrste ser vi i (den vonde) grev Dracula ein viktig kontrast til Kristus. Dracula kjem får å ta ditt blod, for å drepa deg — og gjera deg til ein av dei ‘levande døde.’ Kristus, derimot, gjev sitt eige blod, gjev oss ein ‘blodoverføring.’ Han kjem med liv — for å gjera oss til meir levande. Nattverden er det kristne livet sin hovudpuls. Utan den er det ingen kristendom. Kristus seier det slik:

“Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh 6:53f)

For det andre er Dracula si frelse i slutten svært viktig. Ingenting er umogeleg for Gud, sjølv ein Dracula kan nå frelsa, sjølv han kan få eit nytt hjarte, sjølv han kan verta eit Guds barn. Og dette trur eg er svært viktig å huska på i våre dagar. La oss be:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, Han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. Vi bed deg: Gje dei som i dag vert døypte del i din nåde, og gje oss på nytt del i den som du ein gong gav oss i det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande. Sjå i nåde til oss, og la oss ein gong få stå rettferdige for deg som arvingar til det evige livet. Amen.

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 49. Mi utheving.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s