Den trancendentale krafta åt liturgien

Også publisert på Mediator Dei. Lettare redigert.

I 2010 er det planlagt at vi i Dnk skal byrja å bruka den nye forma av Herrens bøn, slik vi finn den i NT05. I staden for “Fadervår, du som er i himmelen…” skal vi be “Vår Far i himmelen…” Eg er skeptisk til dette prosjektet, og vil her nemna to grunnar, ein pastoral og ein estetisk. (Den pastorale har ikkje så mykje å gjera med overskrifta på denne posten, men det har den estetiske.)

1. Pastoralt sett er det uheldig å byta form av Herrens bøn no. For dei eldste vil dette kanskje vera tredje, fjerde eller til og med kanskje femte gongen dei må læra seg ein ny form av bøna. Bokmål: 1930, (evt. 1975,) 1978 og 2010. Nynorsk: 1917, 1938, (evt. 1975,) 1978 og 2010. Dette er kanskje ikkje det største problemet, men det er likevel eit problem.

2. Ei omsetjing av Bibelen bør liggja nært opp til daglegtalen. Den skal snakka til dagens menneske på ein måte dei forstår. Ein kan dermed enklare forstå det grensesprengjande i kristendommen, at vi har eit Far-barn-forhold til Gud, at vi kan kalle Han ‘Abba, Far.’ Men det betyr ikkje at ein må gjera det same i liturgien.

Den katolske kyrkja kom, ved Erik Gunnes, med ei radikal omsetjing av Herrens bøn i 1968, ti år før Bibelselskapet si førre omsetjing (1978) og 37 år før den nyaste (2005). Bøna er der uforma slik (Matt 6,9-13):

Du vår Far i himlene!
La ditt navn lyse blant oss,
og opprett ditt rike;
som i himmelen, la din vilje skje fyldest på jorden!
Gi oss det brød vi trenger idag.
Tilgi oss hva vi har forbrutt,
som også vi har tilgitt dem som har forbrutt seg mot oss.
Og bring oss ikke i fristelsens vold,
men riv oss ut av det ondes makt!

Men denne radikale omsetjinga, som vart godteke som omsetjing frå gresk av dåverande biskop John W. Gran, hindrar ikkje Den katolske kirke kyrkja i Noreg i å bruka forma av 1930 i liturgien. Kvifor det? Jo, eg trur det er fordi dei har ei god forståing av at vi også treng eit rom for det som er annleis, for det ekstraordinære, for det som transcenderar det daglege. For Gud er ikkje berre Far. Han er også den trascendente, den vi tilber.

Messa er møteplassen mellom himmelen og jorda. Og difor bør språket vera litt ekstraordinært. Og denne rolla kan gamla språk ha, rett og slett fordi dei ikkje vert brukt til dagleg. Eg trur at dei fleste vil skjøna dette, med mindre dei har det som ein ven av meg kalla for ein ‘velutviklet dagligtalefetisjisme.’

Om 100 år bruker ein kanskje dagens språk i liturgien. Dette er ikkje fordi gamle språk er magiske, men fordi dei peiker utover det daglege til det som er over oss — til Gud.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s