Forbundet sin kjønnsnøytrale vigslingsliturgi

For ei tid tilbake kom Norges Kristelige Studentforbund med ein ny ekteskapsliturgi. Så eg bestemte meg for å ta ein titt på denne i dag. Og eg må seie at det er skremmande korleis folk klarar å klippe saman Bibelen for å få den til å passa saman med sitt bilete av kristentrua.

Det fyrste eg reagerte på, var inngangsordet. I seg sjølv er det kanskje “lovleg,” men eg trur at dete berre vengeklippar Gud. “I Gud, Skaperens, Jesus Kristus, Frigjørerens og Den hellige Ånd, Livgiverens navn” skal ein seie. Eg meiner det er uheldig å sementere personane i ein funksjon når dei er så mykje meir. (Meir om dette her.)

Det eg reagerte sterkast på, var den fyrste lesinga. Der skal en lese 1Mos 1:26a og 27a:

Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! … Så skapte Gud mennesket i sitt bilete…

For å passa dette inn i sitt syn på kristentrua, må ein altså klippa bort det som ikkje passar inn. Her er alt, inkludert 26b og 27b:

Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. (Mi utheving)

Så, for å skapa ein kristen liturgi for kjønnsnøytrale ekteskap så må ein altså klippe og lime — og endar opp med ein ikkje-kristen liturgi. Kvifor har desse eit så stort behov for å kalla seg kristne, når dei gong på gong viser at dei har null respekt for den kristne overleveringa?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s