Gratulerar med dagen!

I dag er det grunnlovsdagen vår her i Noreg, og eg vil gjerne byrja med å sitere fyrste lesetekst for Den norske kyrkja i dag.

Det står skrive i Pauli brev til Efesarane i det 3. kapitlet:

14 Difor bøyer eg mine kne for Far,
15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.
16 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua,
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
18 Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
19 ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!
20 Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,
21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Grunnlovsdagen vår handlar over alt om fridom, men fridom må forankrast i sanninga — i Gud. Som vi ser av teksten, så handlar det om å bøya kne for vår himmelske Far. Men på kva måte kan vi bøya kne for Han, dvs. tilbe Gud? Eg trur at ein av dei viktigaste er å fylgje dei boda Kristus gav oss — og leva eit liv i retteleg dygd. Eg trur dette kjem best fram i ei av salmane som ofte vert sunge 17. mai i kyrkjene landet over (Dnk). Det er Nos 560, og i v. 3-5 står det:

3 Ja, lat Guds ord frå bera
si grøde i kvar grend,
så du eit land må vera
som høgt i dygder stend,
4 eit land som Gud velsignar,
der Andens grøde gror,
ein hage de det dignar
kvar grein med frukt til jord,
5 der folk med kristne dygder,
med god og gudlæg sed
bur sælt i sine bygder
i lukke, kjos og fred!

Eg trur at hovudpoenget i desse salmeversa, dikta av Elias Blix i 1896, er å få fram kva det er som er viktig med grunnlovsdagen vår; dei dygdene som landet vårt er bygd over. Grunnlovsfedrane som var samla på Eidsvoll på denne dagen, 195 år tilbake, hadde desse dygdene i bunn. Dei laga grunnlova vår, slik at landet skulle veksa fram i dygder, og ikkje ramla saman.

Men dygdene våre, vår moral generelt — og vår fridom — er knytt til Gud. Difor vil eg i dag sitere Henrik Wergeland, frå ei preik han hadde på ein Kristi himmelfartsdag over Markus 16:14ff. Det kan kankje ikkje, som Ronald Fangen seier, rosast for teksttruskap, men den er “et frihetstestamente av enestående art og rang.” Eg siterer (frå eit essay av Ronald Fangen):

“Også vi forstå og føle at den 17de mai er den velsignelsesrigeste dag, Gud har ladet lyse over Norriges fjelde; og derfor vide vi, at den først og fremst bør feires med tak til Gud … Ja, vi vide mere: Vi vide at Gudsfrygt må være ethvert riges første grundlov, om det skal beståe.”

“Vi berømme os forgjæves av at være frie, når vi endnu kun lystre vore lyster, adlyde vore lidenskaber, når synden endnu hersker over os, når vi endnu ikke ere i stand til at dæmpe vor vrede, vor vellyst eller til at sætte havesyken skranker og kue æresyken og forfængeligheden, og under alle omstændigheder vælge og følge det den prøvende fornuft erkjender for det ene rette. Den der gjør synd — sier Jesus — er syndens træl.”[1]

I dag vil eg oppfordre til å ta fram dei gode dygdene, leve etter dei, og gjere det i takkseing (eller eukaristi) til Gud. La oss be:

Herre Gud, himmelske Far, vi takkar deg for at vi får leva i ein fri nasjon, at vi har overflod — ja, at vi har så mykje at vi kan dela det med andre. Vi ber deg om å minna oss på at skilde frå deg kan vi ingen ting gjera. Av den grunn takkar vi for at du, som eit teikn på vår fridom i Kristus, har gjeve oss bøna slik at vi kan be om alt i Kristi namn. Lær oss ved din Heilage Ande å be rett, så vi i tillit til lovnaden din lever i bønesamfunn med deg saman med alt ditt folk, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter:

[1] Ronald Fangen, “Om frihet,” i: Ronald Fangen/C.F. Engelstad (red.), Essays (Norske Essayister). Oslo: Grøndahl/Dreyer 1995, s. 134

[2] Basert på kollektbøn for 5. søndag etter påske, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 275)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s