Amen, ja, kom, du Heilage Ande!

Pinsedag

I dag er dagen som ofte vert kalla for “kyrkja sin bursdag.” I ein andakt for pinsedag[1] skriv Dag-Øivind Østereng at dette eigentleg er feilaktig, og at vi heller bør sjå på dette som ein guddomleg openberringsdag. Og dette skal eg no gjere, utan å dra nokre fleire tankar frå Østereng.

Før pinsedagen har vi tre store openberringshøgtider (og enkelte mindre). Desse er; jula, påsken og Kristi himmelfartsdag. Desse tre openberrar Kristi verk. Fyrst har vi jula, der vi feirar at Kristus vart fødd inn i vår verd som eit lite barn, at “Ordet vart menneske.” (No vart Ordet menneske omlag 9 månadar før fødselsdagen sin, og difor feirar vi Maria bodskapsdag den dagen.[2]) Deretter har vi påsken, der frelsa vert openberra, at Kristus døydde for oss, at vi skal døy og oppstå med Han — og at vi vert reinsa i Kristi blod. Og deretter har vi Kristi himmelfartsdag — ei svært viktig høgtid — der vi feirar at Kristus fór opp att til himmelriket, sit ved høgre handa åt Faderen — som Gud og menneske. Han tok mennesket med seg, og har gjeve oss del i himmelens herlegdom. “I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han.” (Ef 2,6)

Desse tre høgtidene vert så fullenda i den fjerde, i pinsen. Og der ser vi for fullt openberringa av Anden — Heilaganden. La oss lese dagens evangelietekst, etter Den katolske kyrkja si tekstrekkje.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 15. og 16. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

15,26 Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27 Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund. 16,12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. 15 Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus. Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Anden si ‘hovudoppgåve’ er altså denne; at Han skal vitna om Sonen, herleggjera Han, forkynna Han for alt folket — og leia oss fram til heile sanninga. Det er i og med Han vi får del i dei himmelske løyndomane, spesielt sakramenta. Anden utvirkar desse. Han er — i fylgje ortodoks liturgi — gudstenesta sin hovudcelebrant. I ein artikkel eg skreiv i tidsskriftet Lære og liv poengterte eg at vi kristne “trur at sakramenta, og særleg eukaristien, er, kyrkja sitt nervesenter. Når vi feirar nattverd trur vi at nattverdselementa, saman med Kristi ord og befaling (og ved Den Heilage Ande) konstituerer ein ontologisk realitet.”[3] Som ein kommentar til Andens verk skreiv eg vidare: “At det [nattverdsmysteriet] skjer ved Den Heilage Ande meiner eg vi har god dekning for, både i den liturgiske tradisjonen, og i Skrifta sjølv, som påpeiker at Kristus «i kraft av ein evig Ande» har «bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.» (Hebr 9:14, NT05)”[4]

Og i dag feirar vi nettopp at denne same Anden vart gjeve til oss. Han openberrar Sonen for oss, ikkje berre på eit abstrakt plan, slik at vi kan lesa om Han i ei bok eller la han få “bu i hjarto vore,” for å gripa til gode bilete frå bedehustradisjonen. Desse er viktige, men dei er ikkje fullstendige. Nei, Han openberrar Sonen ved å gjera Han reelt nærverande i altarsakramentet. Når de i dag går til nattverd, tenk på at dette er Andens verk i våre liv, heilt konkret. Her får vi del i Kristi offer, her vert vi éin lekam (1Kor 10,16f; 12,12f). Eller sagt på ein annan måte, slik ein eg kjenner sa det i ein andakt (sitert etter minnet): Pinsen er fullendinga av påsken i våre liv. Og difor kan vi no ropa ut i Anden: “Abba!” “Far!” “Pappa!” “Fader vår!” La oss be:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, Han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. Vi bed deg: Vara oss i ditt navn, så vi kan mognast og verta eitt. Gjev oss i dag å drikka av éin og same Ande, og sjå i nåde til oss, slik at vi kan nå fram til fulledninga der vi kan få stå rettferdige for deg som arvingar til det evige livet. Ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.[5]

Noter:

[1] DagenMagazinet, 25. mai 2009.

[2] Sjå elles her for å lese meir om forholdet mellom desse to høgtidene.

[3] Kjetil Kringlebotten, “Liturgi og sakramentalitet.” Lære og liv, nr. 1/2009, s. 40

[4] Ibid, s. 42

[5] Mellom anna basert på nokre bibeltekstar, samt veksellesinga for dagsbøna onsdag i boka Tidebøn (Bergen: Efrem forlag 2009, s. 60)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s