Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande

Treeiningssundagen

I deg feirar vi treeiningssundagen som innleiar treeiningstida, også kjent som kyrkja sitt ålmenne kyrkjeår. I det fyrste halve kyrkjeåret feirar vi alle dei store: inkarnasjonen, Kristi død og oppstode, himmelfarten og pinsen — der Anden vart gjeve oss. Frå no av vil vi konsentrera oss om å realisere dette, tilbe Gud — Fader, Son og Heilage Ande. Og det byrjar i dag med treeiningssundagen. Lat oss lesa frå dagens tekstar. Eg vil i dag ta utgangspunkt i epistelteksten i Den norske kyrkja (Dnk) si tekstrekkje.[1]

Det står skrive i Pauli brev til romarane i det 11. kapitlet:

33 Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar! 34 Kven kjende Herrens tankar, eller kven var rådgjevaren hans? 35 Kven gav han noko først, så han skulle få vederlag? 36 Av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! Amen.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Det vi seier om Gud vil få — bør få — konsekvensar for kva vi seier om menneska. I 1Mos 1,26-27 les vi at Gud skapte menneska i sitt bilete. Difor bør vi spegla noko av Guds vesen. Men kva er det distinkt menneskelege? Dersom vi spør dei store filosofane, seier dei at det distinkt menneskelege er at mennesket er zoon politikon — eit rasjonelt og politisk/sosialt dyr. Vi er altså kjenneteikna av at vi på den eine sida er fornuftige, rasjonelle — og potensielt kloke — og på den andre sida at vi held saman. “No Man is an Island,” som John Donne sa det. Og dette kan vi sjå reflektert i det vi seier om Gud. Gud er éin. Men også tre. Dette er ikkje noko motsetnad. Gud har éitt vesen, og tre personar. regorius Nazians, ein teolog frå 300-talet, sa det slik:

As soon as I begin to contemplate the Unity, the Trinity bathes me in its splendor. As soon as I begin to think og the Trinity, I am seized by the Unity. When one of the Three appears to me, I think that it is the whole, so fully my eye is filled, so fully the abundance escapes me. For in my mind, which is too limited to comprehend a single One, there is no room for any more. When I join the Three in a single thought, I behold a single flame, and I am able neither to divide nor to analyze the unifiec Light.[2]

Mange opplever det same, og endar opp med eit modalistisk gudssyn. Dersom vi skal halde oss til den modalistiske læra, at Gud er éin person som berre har openberra seg som Fader, Son og Heilag Ande oppetter historia, så møter vi på nokre problem. I denne retninga held ein fast på det guddommelege ved kvar ‘person,’ men på ein heilt anna måte enn i treeiningslæra. Personane blir framstilt som ulike måtar eller modusar (derav ‘modalisme’) Gud har vist seg i historia. Først — i Israels historie — som Jahve, Faderen, så — i Inkarnasjonen, i Jesu liv — som Sonen, og så — i kyrkjas tid — som Anden. Dette er den mest vanlege modalismen; den historiske sabellianismen, etter presten Sabellius, som meinte at Gud openberra seg i forskjellige ‘roller’ i historia. Ein har også ein annan type modalisme, som meiner at Gud ‘bytter rundt’ på rollene.

Modalismen serverer oss eit enkelt svar på spørsmålet: korleis er Gud? Men, for å parafrasera Dumbledore frå Harry Potter-bøkene: Det enkle er ikkje nødvendigvis det rette. Modalisten seier at Gud er éin (person) med forskjellige ‘roller’ eller ‘masker.’ To måtar å forklare Gud i eit modalistisk syn, er:

  1. Vatnet: Gud er flytande, i hard from (is) og i gassform (damp).
  2. Altmoglegmannen: Gud blir forklart ut frå at ein mann er far til sitt barn, son av sin far og talsmann for sitt selskap.

Men det er nokre openberre problem med å bruke modalismen som modell på Gud, spesielt i Det nye testamente. Dei problema vi står over, er korleis ein skal få desse tre tinga til å stemme ilag:

  1. Det er berre éin Gud;
  2. Det er tre personar som vert kalla Gud — Faderen, Sonen og Den Heilage Ande
  3. Desse tre personane står i relasjon til kvarandre.

Om modalismen er sann, så vitnar Kristi dåp (Luk 3:21f) om at Gud anten (1) har ein slitta person, fordi han opererer med tre roller samstundes, eller (2) at Gud leikar med oss, lurer oss til å tru at Han er tre. Eg trur ikkje noko av det stemmer. Problemet med modalismen, spesielt med den forma der Gud ‘bytter rundt på rollene,’ er at vi sit igjen med ein Gud som ber til seg sjølv, som sit ved si eigen høgre hand og som har ein relasjon til seg sjølv. Dale Tuggy skriv:

Modalism has no problems at all with consistency and intelligibility, but it utterly fails as a way to read the New Testament. If modalism were true, it would be a mistake to think that the Father and the Son have a wonderful, loving, cooperative personal relationship. Rather, what we see in the gospels would really amount to a single individual (God) communicating to, relating to, and cooperating with himself in various roles, much as a human suffering from multiple personality disorder or a versatile actor does. This is a terrible reading of the New Testament, which is why nearly all Christians in all ages have (at least, officially and in their clear-headed moments) rejected modalism. The trinitarian interactions therein are not to be thought of as divine delusion, pretending, or deceit.[3]

Men det som verre er, dersom modalismen er sann, så vil det å “få del i guddomleg natur” og det at vi skal “vera eitt slik som [Faderen og Sonen] er eitt,” bety at vi skal ‘smelte saman’ med Faderen, Sonen og Anden, og gå opp i ein ‘større samanheng,’ lik ein vassdråpe i havet. Men det er ikkje kristen lære, det er buddhisme — det er utslettinga av vår person, og ikkje hans fullkommengjering. Nei, la oss saman tilbe Gud — Fader, Son og Heilag Ande. For det er der, og berre der vi finn frelsa og fellesskapet. La oss be:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, Han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. Vi bed: Far, la oss frå del i det heilage samfunnet du har gjort for alle dei som trur på deg. La oss få augene opp for at du verkeleg er treeinig, og la oss forstå kva dette verkeleg betyr. Send i dag din Ande til oss, og opplys oss. For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos. Ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.

Noter:

[1] Tekstane for Dnk finn de her. Tekstane for Den katolske kyrkja finn de her.

[2] Boris Bobrinskoy, The Mystery of the Trinity. Trinitarian Experience and Vision in the Biblical and Patristic Tradition. Translated by Anthony P. Gythiel. St. Vladimir’s Seminary Press 1999, s. 1-2

[3] Dale Tuggy, “The unfinished business of Trinitarian theorizing.” Religious Studies, 2003, s. 13-14. [Henta: 06.06.2009]

One comment on “Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande

  1. Erlend F. says:

    Hei!

    Jeg håper du tilgir min iver etter å kommentere bloggposter som omhandler Guds natur og vesen. Det er bare så veldig spennende, og selv om jeg ikke deler din oppfatning om emnet så respekterer jeg deg og at du har en overbevisning du står for. Det heter seg jo at den som ikke står for noe, faller for alt.

    Når modalismen er tema vil jeg bare angripe saken fra en litt annen vinkel. I stedet for å snakke om moduser eller roller vil jeg ut fra mitt ståsted si at Gud har åpenbart Seg i stigende grad for Sitt folk. Gud har for å si det på en enkel måte steget ned til oss gjennom historien og inn i våre hjerter for et stadig nærere forhold til oss.

    Gjennom Bibelhistorien har Gud åpenbart Seg på langt flere måter enn de tre kjente, som egentlig mer er titler enn manifestasjoner (Gud åpenbarte jo seg i flere former i GT).

    Moses så en mann bakfra. Abraham så også en mann som til og med spiste maten han gav ham. Melkisedek, han som ikke hadde begynnelse eller ende, var også Gud i menneskelig skikkelse. Israel så Gud som en ildstøtte og en sky.

    Siden Gud er Ånd, og usynlig, gjør Han seg synlig for mennesker ved å tre inn i fattbare former. Det er i bunn og grunn ikke skyen, ilden eller duen som er Gud, men de gjør Ham synlig for oss.

    Nå er ikke mitt Gudssyn nødvendigvis 100% likt det som kalles modalisme eller sabellianisme. Ikke hvis dette er det samme Guddssyn som “Jesus Only”-retningen står for. Den er noe forenklet. Jeg vil imidlertid kommentere et av dine argumenter mot modalismen eller et Gudssyn som sier at Gud er én person (eller personlighet).

    Slik jeg forstår deg sier du at det er problematisk for noen med et slikt syn å få disse tre utsagnene til å stemme overens:

    1. Det er berre éin Gud;
    2. Det er tre personar som vert kalla Gud — Faderen, Sonen og Den Heilage Ande
    3. Desse tre personane står i relasjon til kvarandre.

    Det stemmer selvsagt. Premissene du setter her er jo hentet fra treenighetslærens tolkning av Bibelen. Anvendt på modalismen eller et annet Gudssyn vil de selvsagt ikke fungere.

    Punkt 1 kan vi ut fra Bibelen si “Amen” til begge to. Punkt 2 og 3 derimot er tolkninger. Bibelen sier ikke eksplisitt at det er tre personer som blir kalt Gud. Du kan like gjerne si at Bibelen sier at Gud blir kalt tre ting; Fader, Sønn og Ånd.

    Det at Faderen, Sønnen og den Hellige Ånd i Matteus 28:19 henviser til tre forskjellige personer er en tolkning som den Katolske Kirke formulerte flere hundre år etter Jesu død. Andre kristne, samt jøder og senere de som skulle bli muslimer, oppfattet dette som avgudsdyrkelse da tre guddommelige personer i praksis er det samme som tre guder.

    Dette har du selvsagt hørt før, men tenk like vel over det. Når vi ser hvordan de første kristne praktiserte Jesu befaling i Matteus 28:19 er det enkelt å se at disse tre benevnelsene på Gud (eller titler) henviser til én person og ett navn: Jesus Kristus.

    Det er kun i det navnet det er frelse, og derfor døpte og døper kristne den dag i dag i Jesu Kristi navn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s