Å gje tilbake det vi har motteke

Tidlegare lagt ut på ein annan blogg. No lettare redigert.

I eukaristiliturgien i Den katolske kyrkja (og også i nokre lutherske kyrkjer) seier presten fram to velsigningar; over brødet og vinen. Desse lyder slik:

Prest: Velsigna vere du, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet vi ber fram for deg, ei frukt av jorda og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød.
Kyrkjelyd: Velsigna vere Gud i all æve.
Prest: Velsigna vere du, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke den vinen vi ber fram for deg, ei frukt av vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert frelseskalken.
Kyrkjelyd: Velsigna vere Gud i all æve.
I denne delen av eukaristiliturgien — offertoriet — ser vi “vårt bidrag.” Der ber vi fram offergåvene våre — brød og vin (og vatn) — som er “ei frukt av jorda/vintreet og av menneska sitt arbeid.” Vi ber altså fram grøda frå marka, det vi — ved Andens hjelp[1] — har dyrka fram. I offertoriet ber vi fram takkebøna, eukaristien vår, slik salmisten seier det: “Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste det du har lova! Kall på meg den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.” (Sal 50,14f) Vi takkar Gud nettopp fordi Han løyser oss ut. Og det kan vu gjera ved å bera fram oss sjølve, slik Paulus formanar oss i Rom 12,1f: “Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.”

“Tankegangen bak offertoriet,” skriv Terje Tønnessen, “er at vi bærer førstegrøden av alt det skapte til Herren. (…) Gavene som bæres fram under offertoriet representerer oss selv. Det er vi som bæres fram, legges på alteret, løftes opp i nådens stråleglans — ved Kristus og med Kristus og i Kristus. Offertoriet er et selvoffer, et offer av, med, for, fra oss selv. Alt som er vårt har vi fått.”[2]

Som vi seier det i ein kjent song: “Alt for Jesu fot jeg legger, alt hva jeg her kaller mitt.” Den katolske presten og forfattaren Per Bjørn Halvorsen skriv — med utgangspunkt i Rom 12,1 — at offergåvene våre til Gud ikkje er “å forstå som et «annet» offer enn Kristi offer: det er i forening med Kristus, som lemmer på hans legeme, at også våre legemer kan være et offer til Guds behag.”[3] Vi gjev oss sjølve til Gud Fader, lik Kristus, i Anden. Peter seier det slik: “Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.” (1Pet 2,5) Amen!

Noter:

[1] Anden er den som gjev liv (Nikenum), og Han er den som sveiv over vatnet, dvs. over skaparverket. I Sal 104,30 les vi ei bøn til Gud: “Du sender din Ande, og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att.”

[2] Terje Tønnessen, Kristus blant dere — Håpet om herligheten. Eukaristisk spiritualitet i en såret og splittet verden. Saeculum 2004, s. 59

[3] Per Bjørn Halvorsen, Jesu nattverd. Messen gjenom 2000 år. Oslo: St. Olav 1989, s. 174.175

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s