Heilag Olav

Olsok

I dag, 29. juli, er det Olsok; minnedag for Olav Haraldsson eller Heilag Olav. Olav er den som har fått ‘æra’ for at Noreg vart verkeleg kristna. Vi kan seie at han fullførte det verk som Olav Tryggvason byrja, då han gjekk i land på Moster i 995.

Olav er ein kontroversiell figur i Noregs historie, og i kyrkjehistoria. På den eine sida er han for mange vorte bilete på den valdelege misjonæren, som kristna Noreg med sverd. Og dette er tildels riktig. Men ein stor grunn til at folk gjekk over til kristendommen var jo også at åsatrua hadde mindre og mindre ‘makt.’ Ein kan jo også spørja seg: Dersom Noreg var så ‘heidensk’ og kristendommen var så ‘ukjent’; kvifor vart då Håkon I (kjent som Håkon den gode) sendt til England for å oppfostrast hjå kong Adelstein? (Han fekk jo også tilnamnet Adelsteinfostre.) På den tida, rundt år 928, var England eit kristent land, og det var jo ikkje akkurat hemmeleg. Men nok om det. Olav innførte jo ein god del bra også: han innførte kyrkjeretten, som mellom anna fordømde blodhemn og utsetting av sjuke eller uønska born. (Det siste har vi klart å innføre igjen, om enn i andre former.) Då vil eg sitere Salme 21,2-3 (kap. 20 i Septuaginta/Vulgata), som er ein del av inngangsordet til festen for Heilag Olav i Den tradisjonelle latinske messa[1]:

Herre! Kongen gleder seg over di makt. Kor høgt han jublar over di hjelp! Du har gjeve han det hans hjarta ynskjer, og ikkje nekta han det han bed om.

La oss be:
Allmektige Gud, vi takkar for dine bod til vårt folk, dei som sådde Ordet, reiste krossmerket og skipa kyrkja i fedrelandet vårt. La kyrkja di her hjå oss halda kallet levande, så vi med truskap og kraft forkynner evangeliet klart og reint. Lær oss å byggja landet med lov, til di ære og til signing for folket. Ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.[2]

Noter:

[1] Frå norsk utgåve, 1962.

[2] Kollektbøn for Olsok, Dnk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s