Kvifor vi enno ikkje kan dele eukaristien

Frå 23. (eig. 24.) juni – 24. juli i år var eg i Israel i høve eit sommarsemester ved NLA Høgskulen i Bergen. (Eg studerte kristologi (læra om Kristus), jødedom og religion med islam som valemne.) Medan vi var i Nasaret, og besøkte kyrkja der Maria skal ha fått beskjeden frå Gabriel, fekk eg spørsmål frå ein medstudent om kvifor vi ikkje (lovleg) kunne ta imot nattverd, eukaristi, i ei katolsk kyrkje. Eg svara at eukaristien er teiknet på einskap, og ikkje berre eit middel. Og vi ska ikkje ‘leike at vi er eitt,’ ved å ta del i same eukaristi når vi faktisk ikkje er eitt.

Enkelte svara at vi trur på same Jesus, men det gjorde jo også mange kjettarar oppetter historia. I denne posten skal eg prøve å skrive litt meir om kvifor ein ikkje kan dele same eukaristi. (Eg vil seie at det er synd at det er ein splitt, men det er eit anna spørsmål.)

Dag Øyvind Østereng, ein av prestane som står bak Carissimi-oppropet, seier det slik i eit foredrag om kyrkjeleg fellesskap:

Enhver som studerer Det nye testamente sitt vitnesbyrd om denne saken [at kristne er forpliktet på den kristne forsamling, Hebr 10,25], vil fort finne det samme mønsteret, den samme forpliktelsen, de sterke bånd som knytter fellesskapet av døpte sammen til ett legeme, og gjennom eukaristien synliggjør og manifesterer Kirkens koinonia, kirkens fellesskap, den kirkelige kommunion. [jfr. Apg. 2,42; 1 Kor.1,16; 2 Kor. 13,13; Gal. 2,9; 1 Joh.1,3 og 7]. (…) [Bibelen], apostlene og deres etterfølgere gir oss ikke noe valg — vi er forpliktet på fellesskapet med alle de døpte, og til å møte fram ved Kirkens gudstjenester og dele den samme eukaristi. Vi er kalt til å dele kommunion med hverandre. Det er kirkens orden, og den apostoliske ordre til oss. Ja, det er Jesu bud![1]

Dette er sterke ord, og det kan sjå ut som at mitt argument dett saman. Men eukaristien må, og kan aldri, skiljast frå den kyrkjelege konteksten den står i. (Og det argumenterer også Østereng for både før og seinare i foredraget.) Når vi les Apostelgjerningane, ser vi at det i den tidlege Kyrkja fanst fire ‘grunnpilar.’ Vi les at dei fyrste kristne “heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.” (Apg 2,42) Altså, må ein vere sameina i lære, møte opp i og ta del i fellesskapet, dela den same eukaristien og be saman.[2] Spørsmålet er: har protestantar den same læra som Den katolske kyrkja? Dersom svaret er nei — og det er det! — så burde det vore eit godt nok svar. Det er synd, men slik er situasjonen.

Dersom folk seier at dei trur på treeininga, inkarnasjonen, krossofferet, etc., så ville eg sagt at Bibelen fortel at vi må halda fast på “den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.” (Judas 3) Det betyr: heile trua, ikkje dei delane ein vel å tru på. At folk trur at katolske og ortodokse har lagt til nye ting er ei anna sak. For det er viktig å sjå på kva sjølvforståing dei kyrkjene har, og respektere det. (Når du besøker ein ven, så held du deg til dei reglane som gjeld i hans hus.)

Det er i eukaristien — i samband med læra — vi samlast. Og eg håpar at det ein gong er slik at vi alle kan dele den same eukaristi. Men det skjer ikkje ved at vi ‘ranar den til oss’ ved å gå i katolske kyrkjer.

Noter:

[1] Dag Øivind Østereng, “Kirkelig fellesskap — med hvem — om hva?” Foredrag på seminar om Morgendagens kirke — visjon og veivalg, Fjellhaug 14.02.07, s. 2-3. http://bit.ly/paz8t [Henta: 30.07.2009]

[2] Då Apostelgjerningane vart skrive, så tydde truleg ‘bønene’ ikkje den private bøna i lønkammeret, men dei jødiske bønene i templet, som vi veit at apostlane bad, jf. Apg 3,1. Desse — inkl. bøner frå NT — kallar vi ‘tidebøner.’ (Dette står sjølvsagt ikkje i motsetnad til fri bøn. Det er både/og, ikkje anten/eller. Men den frie bøna har sin naturleg plass i lønkammeret.)

One comment on “Kvifor vi enno ikkje kan dele eukaristien

  1. rootsman says:

    “Enkelte svara at vi trur på same Jesus, men det gjorde jo også mange kjettarar oppetter historia.”

    Det synes jeg var et godt svar. Djevelen tror også på Gud, men får ikke delta av den grunn.

    “Men det skjer ikkje ved at vi ‘ranar den til oss’ ved å gå i katolske kyrkjer.”

    Nemlig, så jeg tror dKK gjør rett i å være litt “eksklusiv” angående eukaristien. Her er det nok vi andre som må bøye oss hvis vi vil “kobles til” den historiske kirken.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s