Og så går det nedover… ;)

I fjor nemnte eg at eg var komme kvartvegs til hundre. Vel, no har det gått enno eit år. Eg skal ha ein samankomst med nokre vener, og i den samanhengen vil eg sitere mi relativ kreative omsetjing av Ord 15,15: “For den dølle er dagane kjipe, men den hippe drar stadig feite parteyys!” Og samstundes vil eg gratulera kameraten min, som også har bursdag i dag og vert 37. Han er ikkje 11 år eldre han meg. Han er 10 år, 364 dagar, 22 timar og 37 minutt eldre enn meg. Geeky, I know!

For dei som kan rekna er det vel meiningslaust at eg skriv at eg vert 26, men eg gjer det likevel. Og i den samanhengen hadde det vore gøy å sitere frå den 26. boka i Bibelen, 26. kapittel, og 26. vers. Med den ”vanlege” kanon hadde det vore Esekiel 26,26. (Med Den katolske kyrkja sin kanon, som har dei deuterokanoniske saman med dei andre hadde dette vore Jes 26,26.) Men sidan både Esekiel 26 og Jesaja 26 berre har 21 vers, vel eg heller å sitere noko anna. Då avsluttar eg denne tompraten — og navleskuinga — med å sitere Esek 2,6: Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og lat deg ikkje skræma av det dei seier, endå dei er ikring deg som klunger, og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skræma av det dei seier, og ver ikkje redd dei! For ei trassig ætt er dei.

Dersom det gav meining for deg, så ver så god.😉

This entry was posted in Ymse.

One comment on “Og så går det nedover… ;)

  1. Gratulerer så mye Kjetil!

    Hipp hipp…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s