Litt om sakramentalitet

I dag fekk eg lyst til å skrive litt om sakramentalitet. Det vert kort, ustrukturert og uferdig. Eg har ikkje skrive så mykje i det siste, men det er hovudsakleg fordi eg har teke eit sommarsemester ved NLA Høgskulen, og har vore oppteken med oppgåveskriving og eksamenslesing. (Det siste er eg oppteken av enno, fram til fredag.)

Det eg vil gjere i dag, er å skrive litt om sakramentalitet. Eg byrjar med å sitere noko ein bekjent av meg sa, omsett til norsk. Han tek opp spørsmålet ‘Kva er sakramentalitet,’ og svarar særs godt etter mitt skjøn:

Det er ideen at Gud kan bruka, og faktisk brukar, dei daglegdagse tinga Han skapte (og såg på som overlag gode) for å herleggjera sitt namn og meddela nåden til sine skapningar. Om det er ei blødande kvinne som vert lækt ved å ta i kappa Hans eller ein blind mann som får synet gjennom bruken av gjørme og spytt, så har Herren gjeve oss tallause døme på dette prinsippet i Skrift og Tradisjon. Eg tenker mellom anna på klutane som vart laga av kleda åt apostlane. Dei sju sakramenta er av ein slik orden, men på eit høgare plan. Dei opererer i og ved seg sjølve, liksom beina åt Elisja reiste ein mann opp få døden, og produserte den effekten Gud hadde bestemt. Ja, dei er symbol, men i meininga at dei som teikn er den instrumentale årsaka til det dei inneber, betyr og er eit teikn på. Instrumentet er i Herrens hender. Det er Han som vaska meg rein for synder i dåpen. Og det var han som salva meg og sette Andens segl på meg i konfirmasjonen. Og det er Han som høyrer og tilgjev meg i skriftemålet. Og det er Han som heilt og halde gjev seg sjølv til meg i eukaristien.

Gud bruker altså forskjellige instrument i det Han gjer. Vi kunne sjølvsagt argumentert for at Gud kunne ha gjort noko anna, heilt og halde utan å bruka instrument. Men det er ikkje poenget her. Poenget er at Gud viser oss at Han har velt å bruker vanlege, handfaste, konkrete, materielle ting i det Han gjer — mellom anna i dåp og nattverd, eukaristien. Ti det siste den eg siterte sa, vil eg gje ein kort modifikasjon.

Dei teikna det er snakk om i eukaristien er skapnaden åt brød og vin. Det er teikn. Lekem og blodet åt Herren er ikkje teikn. Dei er reelt nærverande. Som vi seier det i CA 10 (etter den tyske teksten): “[Vi lærer] at Kristi sanne lekam og blod i sanning er til stades under skapnaden [ty. Gestalt] åt brødet og vinen i nattverden og vert etla ut og teken imot der.”[1]

Så; er det eit problem at Gud vel å bruke det materielle? Vi med ei sakramental kristenforståing og kyrkjeforståing seier ikkje at Gud er bunde av det materielle og at Han berre kan handle ved dette. Men vi seier at Han overfor oss har valt å knytte oss til slike ting; vatn, brød og vin, etc.

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 50, jfr. note 49.

One comment on “Litt om sakramentalitet

  1. rootsman says:

    “Så; er det eit problem at Gud vel å bruke det materielle?”

    Nei, jeg ser ikke det som et problem lenger.
    Det må dog sies at jeg de siste årene har endret syn på dette som på en rekke andre ting – tidligere ville jeg ha undret med over hvorfor Gud skulle ville bruke det synlige for å utføre det usynlige.

    Nei, det er ikke noe problem, det er derimot betryggende å oppdage at den historiske Kirken har slike fundamenter (som den sakramentale forståelsen) som har vært konsistente gjennom tidene.

    Da velger jeg rett og slett å la meg prege av disse troende og dermed tro som disse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s