Nominalisme og ‘f-ordet’

For ei tid tilbake kom eg i snakk med ein person om banning, og han kom med ein interessant kommentar, som eg trur set lys på den nominalismen som pregar mykje av moderne vestleg tankeliv. Han sa; “Kva er det om er så gale med [f-ordet]? Det er jo berre ein lyd, kvifor seier vi at akkurat den lyden er støytrande, og ikkje ein annan?”

Denne haldninga vi ser her, er resultatet av den utviklinga som (historisk sett) byrja med sofistane på Sokrates si tid, og som fekk eit sterkt grep om vestleg tankeliv etter William av Ockham. Som ein bekjent av meg sa det; “When in doubt, blame Ockham.”😉

Poenget med nominalismen er at ord ikkje viser til noko utanfor seg sjølv. Men problemet med denne er at ingen verkeleg lever etter — eller i det heile tatt trur på — dette. Ingen vil seie at “Eg elskar deg” og “Eg hatar deg” er nøytrale ord, eller at dei ikkje viser til noko spesielt. Den haldninga som den omtala personen har til banning vil også, i eit nominalistisk system, ramme all språkbruk. Så spørsmålet er vel; kvifor halda fast på eit filosofisk system ein sjølv ikkje trur på?

One comment on “Nominalisme og ‘f-ordet’

  1. predikeren says:

    Banning er så mangt…
    men å misbruke Guds navn er brudd på 2 bud..
    Mange skiller ikke dette. De sier” Gud” og” Herregud” på en dannet og pen måte, og mener selv at det ikke er å banne, derfor er det heller ikke brudd på 2 bud… tror de.

    Det å bruke Guds navn til” ingenting”, eller “forfengelig”, er å bryte budet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s