Kyrkjevel! 09

Kva slags kyrkje vil du ha? Slik stod det å lese på TV-skjermen min i dag, då ein kanal reklamerte for årets kyrkjeval (sjå nedanfor).

Filmen i seg sjølv er totalt meiningslaus og bortkasta; pompøse bilete av kyrkjebygg og kaffi- eller tedrikking, presentert så konfliktlaust som mogeleg. Audun Oppland skriv litt om denne reklamefilmen:

“Filmen forteller ingenting om hva det skal velges til, hvem som skal velges dit og hvorfor man skal gidde å stemme. Til slutt stilles spørsmålet: Hva slags kirke vil du ha? Alternativene synes å være: steinkirke, trekirke, arbeidskirke, langkirke… Filmen består nemlig bare av opptak av en rekke vakre kirkebygninger, akkompagnert av svært pompøs musikk og en prest som tydeligvis også er dirigent for det lokale filharmoniorkesteret (0:28).”

Etter å ha sett denne reklamen, tok eg meg ein tur inn på nettsidene til Den norske kyrkja. Der kom eg over ein del interessant valstoff, mellom anna her, her og — ikkje minst — her; ein pinleg ‘kul’ og ‘ungdomleg’ informasjonsfilm for veljarar frå 15-18 år.[1] (Eg tviler på at så mange der i det heile tekk tar turen inn på nettsidene til Dnk.[2])

Men det eg synst er det største problemet er nettopp det spørsmålet som brettar seg over skjermen: Kva slags kyrkje vil du ha? Kva betyr det kva kyrkje eg vil ha? Eg er ikkje kristen fordi kyrkja er eit demokrati, men fordi eg trur kristendommen — også den frå før 1500 — er sann. Eg synst vi no må få perspektivet på rett plass. Spør heller: Kva slags kyrkje vil Gud ha?

Og då kan vi jo kanskje la debatten rulle……

Noter:

[1] Ein irriterande ting med denne filmen er den vanlege påstanden om at Dnk har vore i Noreg i nærare tusen år. Men det er ei halvsanning. Dei fyrste 500 åra var ho katolsk.

[2] Som ein liten digresjon må eg seie meg heilt einig i Audun Opland sine tankar omkring desse nettsidene. Det som møter deg der er ikkje Kristus eller livet i kyrkjelydane, men nyhende om Kyrkjene sitt verdsråd, ledige stillingar og vedtaksføre organ. Audun skriv: “La oss be til Gud om at ingen, ingen søkende mennesker må finne på å klikke seg inn på kirken.no. La oss håpe at de går til menighetene istedet, de som ganske enkelt samler seg rundt ord og sakrament istedet for å reise verden rundt på konferanser eller ta glassheisen opp og ned i “Kirkens hus”.”

10 comments on “Kyrkjevel! 09

  1. Morten M. says:

    Hjertens enig, spørsmålet er ikke hva slags kirke jeg vil ha, men hva Gud vil ha. “Alle” synes å kreve at DnK skal bli så demokratisk som overhodet mulig. Demokrati synes å være et ubetinget plussord i andre sammenhenger. Og man kan vel ikke få for mye av en god ting?

  2. Morten M. says:

    Rettelse: et plussord i ALLE sammenhenger.

    Hvorfor skal tenåringer – eller for den saks skyld jeg selv – ha innlytelse over hvordan kirken styres, og enda verre, innflytelse på sammensetningen av Kirkemøtet, og således også på vedtak om kirkens lære?

  3. Ja, det er eit godt spørsmål. Lurer på kor mange biskopar i Dnk som hadde turt å sitere Hl. Ignatius av Antiokia i ei preike. Han sa jo som kjent: “De må alle fylgja biskopen slik Jesus Kristus fylgjer Faderen, og de må fylgja presbyteriet liksom apostlane.” (Ignatius sitt brev til Smyrnerane (IgnSmyr) 8,1)*

    Dette sa han rundt år 107, kort etter Johannesevangeliet.

    Eg veit ikkje om du har sett den ‘kule’ og ‘ungdomlege’ informasjonsfilmen eg lenka til, men der snakka ein om at før var alt berre fælt då kongen og biskopen bestemte alt, medan no er alt fryd og gammen fordi kyrkja har vorte demokratisk og at — eg siterer verbatim — “nå er det medlemmene som bestemmer.” Ikkje mykje igjen av Ignatius si kyrkje i Dnk…

    * Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1984; 1997, s. 67. Omsett til nynorsk.

  4. rootsman says:

    “Kva slags kyrkje vil du ha?”

    Eller hva slags heresi vil du ha?
    (hairesi = å velge)

    Vel, nå slipper jeg å velge siden jeg ikke er medlem, da.😉

  5. Ståle says:

    Ja, dette kirkevalget og ideologien rundt det er noe sludder og vås! Tenk hvis Athanasius, Leo den store og deres samtidige hadde brukt tiden sin på “kirkevalg” for å “kompensere for kirkas demokratiske underskudd” i stedet for å forkynne den apostoliske tradisjon og feire sakramentene? Da er det ikke sikkert det hadde vært noen kirke igjen i dag.

  6. predikeren says:

    På kortfilmen så vi tydelig lydens effekt på materien.
    Klokkeklanglyden laget bølger i kirkekaffen! Denslags sterke naturfaglige effekter legger man ellers lite merke til, og det bidrar sterkt til at jeg er for kirkeklokker med kirkekaffe!

  7. Frode Kvamsøe says:

    Har nokon stått opp med feil fot her, eller?
    Kan hende hatt for mykje sitron i teen eller på andre vis fått for mykje syre i magen?
    Surmaga kristne er det verste som finst.
    Filmen er bra, han.
    Me snakkar om ein teaser og ei påminning, ikkje eit teologisk og kyrkjehistorisk dokument!

  8. predikeren says:

    Ikke feil fot, men tydeligvis feil humor!
    Jeg koste meg med filmen!

  9. Nei, det er ikkje eit teologisk eller kyrkjehistorisk dokument, men det seier absolutt ingenting om kva valet er for noko, kven ein skal stemme på, etc. Og når ein då på valdagen ser på listene, så veit ein jo ingenting om dei ein evt. skal stemme på. Lokalt er det ikkje eit stort problem, dei fleste som stemmer kjenner til dei på listene. Men kva med bispedømerådsvalet? Ein kan ikkje “safe” der, sidan ein sannsynlegvis ikkje kjenner (til) nokon av dei som er på listene.

    Og så vil eg seie at eg framleis står på mitt av eit kyrkjeval som tek utgangspunkt i spørsmålet Kva slags kyrkje vil du ha? har heilt feil fokus. Her er det visstnok det einskilde stemmeføre individ, of ikkje Gud, som bestemmer.

  10. predikeren says:

    “Loddet rystes i kappen, men avgjørelsen kommer alltid fra Herren.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s