Litt om embetssyn

I det siste har det gått ein diskusjon om dåpssyn i media, etter at biskop i Møre, Ingebort Midttømme, gjekk ut å sa at ho helst ville ha slutt på lekmannsdåp (og lekmannsnattverd?), men at dersom det skjedde måtte to vitner frå dåpen stadfeste dåpen i ei gudsteneste. Dette dersom dåpskandidaten skal innlemmast i Den norske kyrkja (Dnk). Ikkje uventa har det komme ei rekke reaksjonar på dette, mellom anna i DagenMagazinet 09. september frå Kåre Johan Lid og Karl Arne Austnes som er høvesvis krinsleiar for NLM Sunnmøre og Romsdal krins og krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon. Eg skal ikkje her kommentere dei reint juridiske sidene ved denne saka, som er at Midttømme sine innstrammingar, i fylgje Lid og Austnes er “eit brot på fungerande praksis landet over etter muntlege avtalar.” Men det eg vil sjå på, er embetssynet. Eg vil her bite tak i nokre ting som dei skriv:

På bakgrunn av både Bibelen, og vedkjenningsskriftene til Dnk, er vi sterkt usamde i at ordinasjonen/embetet i Dnk gjev noko anna enn når lekfolk vert dett til teneste i den kristne fellesskapen. (…) Embetssynet biskopen står for er vi i ImF sterkt usamd i, noko som har med synet på kva Guds kyrkje er. Guds kyrkje er ikkje organisasjonar eller Dnk, men den er der Guds Ord og sakramenta vert forvalta rett. Jfr Augustana art VII, som er eit av vedkjenningsskriftene til Dnk.

For å vere heilt ærleg, så meiner ag at denne argumentasjonen er lettare simplifisert og rett og slett gal. For kor står det i Bibelen at det ikkje er ein forskjell mellom ordinert og lek? Slik eg ser det, seier Bibelen det stikk motsette, mellom anna i dei fylgjande versa:

Den som høyrer dykk [apostlane], høyrer meg [Jesus], og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg. (Luk 10:16)

Dei [kristne] heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. (Apg 2:42, mi utheving)

Igjen sa [Kristus] til dei: “Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.” Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.” (Joh 20:21-23)

Her ser det, slik eg ser det at det er ein rell distinksjon mellom dei som har fått prestekall og dei som er leke. Vi ser også i Apostelgjerningane og i epistlane at det er ei firedeling; (1) Apostel. Seinare brukte ein biskop om etterfylgjarane til desse. Kanskje på grunn av ein viss ærefrykt for apostlane. (2) Biskop/prest. Seinare vart desse skild frå kvarandre, og biskopnemninga vart brukt på apostlane sine etterfylgjarar. (3) Diakonar. (4) Lekfolk. Men spørsmålet er eigentleg; kvifor vil ikkje folk i Imf og NLM ha eit slikt embetssyn? Eg ser faktisk ingen grunn til ikkje å ha det, når vi ser at dei fyrste kristne hadde det. Er ImF og NLM meir ‘originale’ enn kyrkjefedrane? Då vil eg overlate resten til debatt med nokre frå. Hl. Ignatius av Antiokia, skrive omlag år 107, rett etter Johannesevangeliet. Dei som meiner at kristentrua datt saman på desse åra må få lov til det. Personleg ser eg på det som lettare absurd. Vel, Hl. Ignatius skriv slik i sitt brev til Smyrnerane:

De må alle fylgja biskopen slik Jesus Kristus fylgjer Faderen, og de må fylgja presbyteriet liksom apostlane. Diakonane på de gje akt på som eit Guds bod. Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverd som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt, skal ein halda for gyldig. Der kor biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der kor Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate verken å døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen. Men det som han godkjennar er også til hugnad for Gud, slik at alt de gjer kan vera påliteleg og gyldig. (IgnSmyr 8. Mi utheving.)[1]

Noter:

[1] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1984; 1997, s. 67. Omsett til nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s