Liturgien og folket

Steve Cavanaugh skriv:

For years we’ve heard the rather ideologically slanted translation of “leitourgia” as “the work of the people”. Actually, a liturgy is a work on behalf of the people. So Christ’s Sacrifice on the Cross is the great Liturgy; all of our individual liturgies, whether at Mass or the Divine Office are participations in that one Liturgy.

Ein interessant ting i denne samanhengen er at ein ‘liturg’ i det gamle Hellas — ein som hadde eit arbeid på vegne av folket — faktisk var ein del av folket. Grunnen til at vi er frelst ved Kristi verk, er at Han er ein av oss, dvs. ein person med menneskeleg natur. (Han har også guddomleg natur.) For det er svært viktig, meiner eg i alle fall, å påpeike at sjølv om presten arbeider på vegne av folket, så er det nettopp fordi Han er ein av folket.

I Den augsburgske truvedkjenninga/Confessio Augustana (CA) 7 les vi at “det alltid vil verta verande éi heilag kyrkje. Men kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.”[1] Og vi CA 14 les vi (om kyrkjeordninga) at “i kyrkja bør ingen læra offentleg eller forvalta sakramenta utan at han er retteleg kalla.”[2] Retteleg kalla vert ein alltid i kyrkja, og ein vert alltid kalla som ein del av Guds folk. Det er ikkje slik at når presten står for Gud og har ‘altarteneste’ og ‘ber fram trua vår som offer’ (jf. Fil 2:17), så er Han vesentleg ulik oss. Men det stemmer ikkje heilt. Han er ein av oss, og representerer oss. Han er in persona ecclesia, og ber fram kyrkjelyden som offer. (Jmf. Fil 2:17, Rom 15:16) Men han er også in persona Christi — og gjev oss del i Guds mysterium (jmf. 1Kor 10:16f, 1Kor 4:1).

Liturgien er altså eit møte med den heilage, formidla ved presten, ved embetsberaren. Og dét er godt å tenke på. For her i gudstenesta, og spesielt i nattverden, vert Kristus nerverande for oss frå np og til evig tid.

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 48

[2] Ibid., s. 52

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s