Å anta meiningar hjå andre

I dag fekk eg litt lyst til å søke litt rundt på nettsidene til Morgenbladet, og bestemte meg for å gjere eit søk på Fr. Arnfinn Haram. Der fann eg ein god del interessant, inkludert denne. Det er eit lesarinnlegg frå I. K. Ramasov i 2005, i høve Fr. Arnfinn sin nekrolog over pave Johannes Paul II. Dette må kanskje vere eit krondøme på einskilde personar sin totale mangel på forståing over at alle ikkje er liberale. “Nekrologen bærer totalt preg av Harams ukritiske holdning til pave Johannes Paul II og hele hans pavedømme,” skriv Ramasov. Og han held fram: “Hvorfor kunne han ikke nevnt pavens kompromissløse maktutøvelse i alle saker som avviker fra hans eget syn? Hvorfor nevner han ikke pavens uheldige rolle i hiv/aids-problematikken i Afrika? Er han redd for Troskongregasjonen?”

Altså meiner Ramasov at Fr. Arnfinn faktisk ikkje står inne for det han har skrive. For alle er jo eigentleg liberale, ikkje sant? Dei som ikkje innrømmer det er berre “redd for Troskongregasjonen.”🙄

Det minnar meg om ei som meinte det at i bunn og grunn er nok alle nordmenn eigentleg til venstre i det politiske landskapet. Til trass for at storparten av stemmene i valet gjekk til borgarlege parti – i sentrum eller til høgre. Var kanskje desse velgarane også redd for truskongregasjonen?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s