Frp og kultur

I dagens utgåve av Vårt Land (29.09.2009, s. 3) kom eg over eit sitat frå Mette Hanekamhaug, den yngste på stortinget. Der kjem ho med eit klassisk Frp-utsagn om kultur: “I dag gir staten støtte til kunstnere som ingen av oss har hørt om. 150.000 til ei som skal hekle lampeskjermer!”

Men kva seier eigentleg dette om Frp sitt kultursyn? For Hanekamhaug er ikkje den einaste som har sagt slike ting i det partiet. Eg trur at Frp meiner at kultur berre handlar om underhaldning og kommers. Men kultur handlar i alle høgste grad – eller betre; i aller djupaste grad – om identitet. Kultur handlar ikkje om kjøp og sal. Og vidare ligg det jo eit anna paradoks i utsegnet til Hanekamhaug — og andre liknande utsegn frå Frp: at det er dei som er kommersielle og som tenar pengar på musikken som skal ha støtte! Kva meining gjev det? Vert det ikkje som å seie at folk med jobb skal ha sosialstøtte?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s