Litt meir om dåpsdebatten

I dag tenkte eg å skrive litt meir om dåpsdebatten som i det siste har gått mellom Ingeborg Midttømme og ein del bedehusrepresententar. Ein ting som har slått meg er problemet med den argumentasjonen som ligg til grunn for ‘bedehusposisjonen’ i debatten. For det virkar nærast som ein seier: ‘døypt’ = ‘medlem i Den norske kyrkja (Dnk).’

Men problemet med dette er at det finst folk som døyper sine born i desse bedehusforsamlingane utan å noko ynskje om at desse borna skal verta medlemmar i Dnk. Ergo er det noko meir enn dåpen som gjer deg til medlem i Dnk. Elles ville alle døypte katolikkar, ortodokse, pinsevennar, etc. vore medlemmar i Dnk.

Mest interessant er kanskje Arild Ove Halås sitt utsegn. Han er krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, og sa dette til Romsdals Budstikke (gjengjeve i Vårt Land, 10.09.09): “Vi vil aldri bøye oss. Vi utfører barnedåp på bedehus utan biskopens tilsyn eller løyve.”

Her seier jo Halås eigentleg dette; vi vil ikkje vera medlemmar av Den norske kyrkja. Og så kan ein jo spørje; er det kristent å nekta at biskopen har tilsyn? Slik eg ser det, er det ikkje noko grunnlag for eit slikt syn. Som Hl. ignatius av Antiokia sa det i brevet til Smyrnerane, kap 8:

Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverd som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt, skal ein halda for gyldig. Der kor biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der kor Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate verken å døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.[1]

Dette er ikkje noko nymotens doktrine. Dette er frå ca. år 107. Halås set seg her utanfor den kristne kyrkja.

Som ein konklusjon vil eg sp seie at dette ikkje handlar frå Midttømme si side om dåpskandidaten sin status som døypt, men hans eller hennar status som medlem i Dnk. For konklusjonen av den argumentasjonen som vert gjeve av m.a. Halås er jo at alle dei som har vorte døypt er medlemmar i Dnk, sjølv om dei (eller foreldra deira) ikkje ynskjer dette. Viss han ikkje meiner det, bør han kanskje tenke seg om…

Noter:

[1] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1984; 1997, s. 67. Omsett til nynorsk.

7 comments on “Litt meir om dåpsdebatten

  1. Arild Ove Halås says:

    Interessant å lese at jeg er satt utenfor den kristne kirke. Saklig og god argumentasjon om et tema du kanskje bør sette deg litt mer inn i før du fyrer løs.

    Arild Ove Halås

  2. Arild Ove Halås :
    Interessant å lese at jeg er satt utenfor den kristne kirke. Saklig og god argumentasjon om et tema du kanskje bør sette deg litt mer inn i før du fyrer løs.
    Arild Ove Halås

    Det står vel vitterleg at ein skal underordne seg biskopen? Og dersom Ignatius ikkje er godt nok for deg, kva med 1Tess 5,13f og Hebr 13,17? Der står det høvesvis:

    Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk. De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!

    og

    Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.

    Dersom du ikkje ser på desse som dine leiarar så bør du vel melde deg ut av Dnk. Vidare vil eg seie at eg ikkje skjønar kvifor du — eller folk som døyper seg/døyper borna sine i den samanhengen du står i — ynskjer å vere medlem(mar) i Dnk. “Vi vil aldri bøye oss. Vi utfører barnedåp på bedehus utan biskopens tilsyn eller løyve.” Her seier du jo nettopp at du ikkje ynskjer å vere medlem. For eit medlem i eit kyrkjesamfunn må — slik Bibelen viser oss — underordna seg den leiarskapen som er der.

    Dersom du går inn for alternativ tilsyn, slik som med Carissimi, så kan du det. Men då må du gå gjennom den rette kanalen — biskopkollegiet. Dersom du ikkje vil det — dersom du berre seier “vi vil aldri bøye oss” — er du då eigentleg eit medlem i Dnk?

    Når det gjeld sjølve saka, så ser du ut til å meine at alle døypte er medlemmar i Dnk. Det er konsekvensen av din argumentasjon. Det vil jo bety at alle som er døypt i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande — inkl. katolikkar, ortodokse, pinsevennar, etc. — er medlemmar der. Men vi veit at det er feil. Difor er det ikkje berre dåpen som gjer deg til medlem i Dnk.

  3. rootsman says:

    Jeg tror vel hele problemer har sine røtter i opprør mot de Kirkelige autoriteter.

    Det kan se ut som vi på mange måter er på vei tilbake hedenskapet vi kjenner fra Vikingtiden, da hver mann på sin egen pragmatiske måte tok seg naturguder etter hva som for øyeblikket passet dem best.

    Dette står i sterk kontrast til hele den kristne tradisjon, inklusive den tidlige, slik Kjetil indikerer ovenfor.

  4. Andreas Evensen says:

    Dette skriver jeg med fare for at du plukker det fra hverandre.
    Det er vel litt utenfor hovedtema, men jeg vil vel heller si at Arild Ove hadde satt seg utenfor den kristne kirke ved å bøye seg for biskopen der han er fra, i og med at hun er en kvinne. 1Kor 14,33-38. 1Tim 2,11-14.
    Eller for den saks skyld hvis han hadde bøyd seg for de andre biskopene, som enten er åpenbare vranglærere eller ikke tar avstand fra sine vranglærende bispekolleger.

    hilsen en lavkirkelig pietist med sans for det alminnelige prestedømmet og menighetens kallsrett:)

  5. Ja, men då må han jo melda seg ut. Ein kan ikkje vere medlem og samstundes nekta å bøya seg. Det ein kan gjere, er å prøve å få til alternativt tilsyn. Men dette må jo gå via bispekollegiet.

  6. Og eit lite spørsmål: kor står det at kyrkjelyden har kallsrett?

    Og kven seier at det ålmenne prestedømet har noko som helst å gjere med kyrkjerett og læreautoritet?

    Ut frå Skrifta (og Tradisjonen) vil eg seie at det ålmenne prestedømet har å gjere med bøner og åndelege offer, at vi skal bera oss fram for Herren. (1Pet 2,5-9; Rom 12,1f; Hebr 13,15)

  7. Rettleder says:

    Bare for å si det men, Arild Ove fortjener ikke noe respekt eller omtale.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s