Mennesket i Dnk si liturgireform

“Liturgiforslaget har det sterke og navlebeskuende mennesket for øye, ikke mennesket som sådan — og i alle fall ikke de mer og mindre skrøpelige, men av Gud elskede, menighetene i Den norske kirke. Når det gjelder menneskesynet har liturgiforslaget, i all sin varme og velmenthet, dypest sett noe nådeløst over seg.” — dr.theol. Ådne Njå[1]

Ådne Hjå, som er sokneprest i Brønnøysund, skreiv dette i mandagens utgåve av Vårt Land. Og eg trur han har rett. Liturgireforma, poengterer han, tek ikkje utgangspunkt i “det mottakende menneske, somk først i passiv mottakelse av livet eventuelt finner sin tjenende aktivitet.” Nei, her skal ein — som ein kva som helst annan ‘coach’ eller sjølvhjelpsguru — ta utgangspunkt i det ein kallar for ‘kjerneverdiar’; ‘fleksibilitet,’ ‘stadeigengjering’ og ‘involvering.’[2]

Når eg les desse orda tenker eg på eit ord; navleskoding. For det virkar som at det er den vesle lokale forsamlinga, inkrøkt i seg sjølv, som skal vere norma. Det virkar som ein trur at “ei heilag, ålmenn kyrkje” betyr: “ei heilag, ålmennreligiøs gjer-det-sjølv kyrkje.” Kanskje det er på tide å innføre ‘katolsk’ i vedkjenninga igjen. Ein valte å bruke catholicam og catholicus i dei latinske omsetjingane, sjølv om dette er låneord frå gresk. “Det latinske uttrykk alminnelig (universalis),” skriv Msgr. Roald Flemestad, “kunne altså ikke sakssvarende gjengi meningen med ordet katolsk. Kirken er ikke alminnelig i betydning alment forekommende blant alle mennesker, men katolsk fordi hun til alle tider og steder er forpliktet til å forkynne det samme evangelium.”

Vi må hugse på at overfor Gud er ikkje mennesket seg sjølv nok. Det er ikkje sin eigen lukkes smed. Overfor Gud er vi som små born. Vi tek imot. Og det vi tek imot kan vi gje vidare. “[Det] sted vi snakker om”, skriv Ådne Hjå, “er ikke mitt partikulære sted isolert — som om evangeliet slår loddrett ned i min egen brødboks, men Gud universelle sted — hvor mitt liv flettes sammen med skapningen og den altommfattande kirken for øvrig.” I gudstenesta står vi for Gud som kyrkjelyd, som forsamling. Ikkje som sterke, navleskodande einskildsindivid. Difor vil eg her seie at ein bør gå bort frå forslaget om å ha eit sentralt altar der presten heile tida står vend mot kyrkjelyden. Vi bør halde fram med dagens praksis, der presten vekslar mellom å stå vend mot kyrkjelyden og vend mot altaret. Som ungdomstinget i Bjørgvin bispedøme sa det i vår:

Det er heilt naturleg at presten vender seg bort frå kyrkjelyden når han vender seg til Gud i bøn. Dette vil på den eine sida understreke at kyrkjelyden ikkje er sentrert rundt seg sjølv, men del av den verdsvide kyrkja. Og på den andre sida understreker dette at bøna er kyrkjelydens felles bøn til Gud, der presten står som representant for Guds folk.[3] Under eukaristibøna bør presten også veksle mellom desse to retningane, då delar av den er retta mot Gud (Fader) og andre delar er retta mot kyrkjelyden, mellom anna Kristi ord til læresveinane. (“Dette er min lekam…” “Dette er mitt blod…”)[4]

Gudstenesta må ikkje verta omskapt til ein slags plass der vi kjem for å hevde oss sjølv. Nei, den skal vere ein plass der vi får ta imot. Ein plass der det ikkje er vårt ego — men Gud — som står i fokus. Der skal vi gå for å få påfyll før vi går ut med det glade bodskapen. Før vi går ut og tener Herren med glede.

Noter:[1] Ådne Hjå, “Kirke uten nåde.” Kronikk i Vårt Land, 05.10.2009, s. 24[2] Informasjonsside om forslag til ny ordning for hovedgudstenesta I Den norske kyrkja. [Henta: 07.10.2009]

[3] Her refererer Ungdomstinget til Rom 15,16 og Fil 2,7.

[4] Sak 04/09 Gudstenestereforma. Vedlegg 2. Protokoll for Ungdomsting 2009. Dyrkolbotn 13.03.-15.03.2009. Bjørgvin bispedøme 2009, s. 8.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s