Luther sin kritikk av aristoteliske prinsipp i teologien

Også publisert på Tro og fornuft.no.

Er det ikkje plass til Aristoteles i teologien? I fylgje Ivar Asheim meiner Luther at det er det ikkje. Det meiner eg er feil.

For ei tid tilbake kom eg over noko av den kritikken Luther hadde av den teologiske bruken av Aristoteles i mellomalderens skolastiske system. Eit døme som ofte vert teke fram i så høve, er Aristoteles sine tankar omkring etikk og rettferdiggjering. Han skriv, i Den Nikomakiske etikk, at “eit menneske vert rettferdig ved rettferdige gjerningar.” (Bok 3,4; 1105b9)[1] Dette meinte Luther stod i motsetnad til kristen etikk, og difor var han særs kritisk til den posisjonen Aristoteles fekk i den kristne mellomalderfilosofien. Ivar Asheim skriv:

Mot denne tilknytningen til Aristoteles retter Martin Luther en nådeløs kritikk. Ingen modifikasjoner (de var mer eller mindre dyptgående blant de førende mellomalderske teologene) kan ifølge Luther redde den fundamentale skjevheten i selve ansatsen; ansatsen må oppgis. For det forholder seg nettopp ikke slik at vi blir rettferdige ved å handle rettferdig, heller ikke ved handlinger med nådens hjelp. Forholdet er nøyaktig motsatt: Forutsetningen for å gjøre rettferdige gjerninger er at vi først er blitt gjort rettferdige selv. Bare et godt tre kan bære gode frukter (Matt 7:17).[2]

Men eg trur Luther misforstår skolastikarane. Olav Müller skriv:

Den eldre Luther skriver at han den gang [som teologistudent] var Occamist. Thomas Aquinas har han bare kjent overfladisk. Det var Duns Scotus’ voluntarisme og Occams nominalisme han ble kjent med. Når han senere som reformator skjeller ut skolastikken, er det denne filosofiske og teologiske skoleretning han uavbrutt har for øye.[3]

Og her ligg problemet. Luther kritiserer noko han ikkje har spesiell kjennskap til. Av den grunn trur eg Luther sin kritikk bommar på to klare område. For det fyrste, så er det ikkje noko i vegen med Aristoteles sin dygdsetikk[4] på eit reint naturleg, mellommenneskeleg plan. Denne etikken hentar impulsar frå Sokrates og Platon, men er samstundes kritisk til dei. (Han er mykje meir praktisk enn båe to.) På dette planet har vi fire ‘kardinaldygder’; fire dygder som på kvar sin måte er med å forma mennesket på best mogeleg måte. Desse er:

  1. Visdom/klokskap, som formar intellektet/fornufta
  2. Mannsmotet, som formar viljen/handlingssenteret (hjå Platon: ‘kjenslene’)
  3. Måtehaldet, som formar instinkt, drifter og lidskapane (hjå Platon: ‘attråa’)
  4. Rettferda, som skapar harmoni mellom desse. På eit reint (mellom-)menneskeleg plan.

Asheim skriv at Luther eigentleg ikkje er imot Aristoteles sin etikk i seg sjølv, men den skolastiske bruken av den:

I sin rette sammanheng, for eksempel innen samfunnsfilosofi, mente han det saktens kunne være verdifulle ting å finne hos Aristoteles også, men når man trakk ham over i teologien, måtte alt bli galt. Luther vil ha Aristoteles ut av teologien fordi de aristoteliske tankemønstrene etter hans mening ikke var egnet til klargjøring av det som var blitt etikkens sentrale problem etter den fordypning av identitetsproblematikken som hadde foregått fra nytestamentlig tid av. Det selvransakende spørsmål “hvem er jeg egenlig? er jeg rettferdig?” må besvares ut fra en annen antropologi og virkelighetsforståelse enn den aristoteliske.[5]

Her ligg den andre feilen. Det er korrekt at Aristoteles sin etikk er antroposentrisk, at den set mennesket i hovudsetet, men det er ikkje sant at den aristotelisk-inspirerte thomistiske filosofien gjer det same. Den er klart teosentrisk, den set Gud i hovudsetet.

Luther prøver å skape ein ‘ny dygdsetikk,’ basert på NT. Men han er ikkje den fyrste. Aquinas meinte ikkje at det menneskeleg arbeid var nok i seg sjølv, og at mennesket kunne ‘realisere seg sjølv’ utelukkande ved dei menneskelege (kardinal-)dygdene. Nei, for å verta realisert — ein bør her styre unna omgrepet ‘realisere seg sjølv’ — måtte mennesket, ved Guds nåde, få del i dei guddomlege dygdene; tru, håp og kjærleik. (jmf. 1Kor 13:13) Spørsmålet er sjølvsagt: Er dette dygder? Ja, det vil eg seie at dei er. For dygd handlar om kva karakter ein har, korleis ein er.

Asheim skriv at Luther meinte at dei nytestamentlege dygdene ikkje har “som funksjon å bidra til gradvis oppbygging av en moralsk personlighet, men går ut på å leve ut det liv som Ånden gir (Gal 5:22-25).”[6] Dette meiner eg er ein falsk dikotomi; ein distinksjon som ikkje er der. For livet i Anden handlar nettopp om at vi vert transformerte i Han (2Kor 3,18) og at vi skal leva ut det livet som er gjeve oss. Luther siterte sjølv Matt 7:17, eit vers som nettopp indikerer det viktige tilhøvet mellom karakter og handling.

Dersom vi teosentrerer dygdsetikken, så er det fint plass til Aristoteles i teologien. For dermed er det ikkje snakk om vårt eige strev, men Guds verk i oss. Her kan det vere eit problem at mange på luthersk og protestantisk side ser på Gud som ‘åleinevirkande.’ Eg vil heller sjå på han som ‘allvirkande.’ Altså; at Gud er den som gjer ‘jobben,’ men at Han gjer den gjennom oss. “[Arbeid] på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt,” skriv Paulus (Fil 2,12). Dette kan virka særs rart, sett i høve til det andre han skriv. Men det er fordi ein gløymer neste vers, v. 13: “For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” (Mi utheving)

Forstått slik vert det ikkje vanskeleg å ‘kristne’ Aristoteles sin etikk. Han seier som sagt at “eit menneske vert rettferdig ved rettferdige gjerningar.” Forskjellen er at desse gjerningane vert gjort av Gud i oss. Dette er ikkje antroposentrisk. Dette er i alle høgste grad teosentrisk.

Noter:

[1] Aristotle, The Nicomachean Ethics. Translated by J.A.K. Thomson. Revised with Notes and Appendices by Hugh Tredennick. Introduction and Further Reading by Jonathan Barnes. London: Penguin Books 2004, s. 38. Omsett til norsk.

[2] Ivar Asheim, Øyet og horisonten. Grunnproblemer i aktuell etikkdebatt. Oslo: Universitetsforlaget 1991, s. 107

[3] P. Olav Müller SS.CC., “Luther sett med en katolikks øyne.” Foredrag i Ilen menighet, Trondheim, under Lutherjubileet i 1983. [Henta: 03.10.2009]

[4] Eg bruker ordet ‘dygd’ fordi det (1) er betre nynorsk enn ‘dyd’ og (2) ‘dyd’ har fått uheldige ‘besteborgarlege’ konnotasjonar ved seg.

[5] Asheim, Øyet og horisonten, op. cit., s. 109

[6] Ibid., s. 110

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s