Å elske med heile seg

19. sundag etter pinse

I dagen evangelietekst lærer vi kor viktig det er å elska fullkomme; å elske med heile seg. La oss difor no lese denne.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Markus i det tolvte kapitlet. Ære vere deg, Herre.

28 Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: ”Kva for eit bod er det første av alle?” 29 Jesus svara: ”Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. 30 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’ 31 Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.” 32 Den skriftlærde sa til han: ”Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. 33 Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.” 34 Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: ”Du er ikkje langt borte frå Guds rike.” Og ingen våga å spørja han meir.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanning, ditt ord er sanning. Amen.

Å elska Gud heilhjarta — med heile seg — og å elska nesten, medmenneska, som deg sjølv. Det er det vi er kalla til. Det er større og meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer. Men kva er det å elska? I Brørne Karamasov skriv den russiske forfattaren Dostojevskij om eit møte med ei skeptisk kvinne og presten Fr. Zossima. Ho mista trua si gjennom studiene, og ber om hjelp for å få den tilbake. Fr. Zossima kjem ikkje med bevis, men ber ho om å praktisere trua:

[You can be convinced of the faith by] the experience of active love. Strive to love your neighbour actively and indefatigably. In as far as you advance in love you will grow surer of the reality of God and of the immortality of your soul. If you attain to perfect self-forgetfulness in the love of your neighbour, then you will believe without doubt, and no doubt can possibly enter your soul. This has been tried. This is certain.[1]

Men dette kan ikkje vere abstrakt og konturlaust. ”Du skal elska Herren din Gud.” ”Du skal elska nesten din som deg sjølv.” Å elska er, for å høyrast litt teknisk ut, eit verb. Det fortel oss at å elska ikkje er ein fjern abstraksjon; det er ein konkret viljeshandling. Det er noko vi gjer. ”Mennnesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen,” skriv Fr. Arnfinn Haram. ”Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg.” Å elska er ikkje å tenke fina tankar. Å elska er å handla!

Dersom kjærleiken vår berre vert ein indre abstraksjon; ein intellektuell øving i korrekt tru, så vil vi dø innvendig. For denne type tru er det ein på engelsk kallar for ‘lip service’ — at ein snakkar Gud etter munnen utan å meine det; altså eit slags åndeleg hykleri. Og, som Jakob påpeiker, så er dette åndeleg død. Han skriv:

Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: ”Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!” utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beintfram død. (Jak 2,15-17. Les v. 14-26)

Paulus seier det meir kort og konsist: ”For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.” Dersom trua skal vera verksam i kjærleik må ho vere konkret, handfast — aktiv! Om du berre hugsar ein ting frå det eg har lagt fram her, la det vere dette: utan den konkrete, verksame kjærleiken er vi åndeleg sett døde. La oss be:

Eg takkar deg alltid, min Gud for den nåde som du har gjeve oss i Kristus Jesus. I Han har vi vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap. Grunnfest vitnemålet om Kristus mellom oss, så vi ikkje manglar noko nådegåve medan vi ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. La Han grunnfesta oss til enden kjem, så vi — fullkomne i kjærleik — kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag. Takk for at du er trufast, som har kalla oss til fellesskap med Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.[2]

Noter:

[1] Fyodor Dostoevsky, The Brothers Karamazov. New York: Barnes & Noble 2004, s. 60

[2] Fritt etter dagens episteltekst; 1Kor 1,4-9

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s