“Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” Gen 1, 31a

Helgemessedag

Når vi les Bibelen sine tekstar, kanskje spesielt i GT med alle sine forteljingar, er det noko som ser ut til å stå fram som radikalt annleis enn det vi finn i andre religionar og kulturar — før, no og (sannsynlegvis) i fram tida: at det skapte er, nettopp, skapt — og ikkje ’guddomleg’ — men at det likevel ikkje er dårleg, vondt, mindreverdig, forkasteleg. Nei, seier Skrifta: etter at Gud hadde skapt verda les vi at han ”skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” (Gen 1, 31a)

Men kva har så dette med helgemessedagen å gjere? Eg trur at vi ser det same i Guds nyskaping — i kyrkja — som vi ser vi skapinga i verda. Det kunne stått slik: ”Og Gud skoda den kyrkja Han hadde gjort, og sjå, ho var overlag god.”

Men kva er godt i kyrkja? Det fyrste vi må spørje oss i den samanhengen er: kva er kyrkja? I fylgje Nikenum vedkjenner vi trua på ”éi heilag, katolsk og apostolisk kyrkje.” La oss sjå litt på desse, i litt feil rekkefylgje. Vi seier at kyrkja er eitt. Vi trur ikkje på fleire kyrkjer. Vi trur på éi kyrkje. Vidare seier vi at ho er katolsk — ‘ålmenn,’ om du vil. Denne katolisiteten kan ikkje berre vere at ho er verdsvid eller ålmenn i reint ålmenndemokratisk forstand. Det katolske er ein del av kyrkja sitt vesen; hennar vere (esse) og ikkje berre hennar betre vere (bene esse). Kyrkja var like mykje katolsk i år 40 som ho er i 2009. Eg trur at Msgr. Roald Flemestad, generalvikar/biskop elect. i Den nordisk-katolske kyrkja har rett når han her poengterer at nemninga ‘katolsk’ ikkje er brukt om kyrkja fordi ho er ”alminnelig i betydning alment forekommende blant alle mennesker.” Nei, ein bruker denne nemninga, poengterer han, ”fordi hun til alle tider og steder er forpliktet til å forkynne det samme evangelium.”

Vidare ser vi at kyrkja er apostolisk. Det betyr at ho kan sporast tilbake til apostlane — og til Herren sjølv. Eg skal ikkje skrive meir om dette, men viser til basisdokumentet til Carissimi og Dag Øivind Østereng sine refleksjonar omkring kyrkjeleg einskap.

Så er vi då komne til det viktigaste i denne samanhengen; at kyrkja er heilag. Og her trur eg at det er viktig å påpeike på kva måte ho er heilag. Ein seier ikkje at kyrkja er heilag fordi ho har mange vakre kyrkjebygg, eller mykje vakker musikk, eller mykje vakker liturgi, etc. Nei, ho er heilag fordi ho er helga og reinsa av Herren sjølv. Med CA 7 vedkjenner vi at ”det alltid vil verta verande éi heilag kyrkje. Men kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.”[1] Vi vedkjenner altså ikkje at kyrkja er heilag på ein abstrakt måte. Nei, kyrkja er konstituert av kyrkja sine lemmer. Ho er Kristi lekam — og det er medlemmane hennar som er heilage. Som Paulus seier det:

Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord. På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera. (Ef 5, 25-27)

Kva var det som gjorde kyrkja ’heilag,’ ’full av herlegdom’ og ’utan den minste flekk eller rynke’? Jo; dåpen — ”badet i vatn, i kraft av eit ord.” La meg sitere litt frå ei oppgåve eg skreiv om dåpen:

Den katolske kyrkja si katekisme seier at dåpen er «er grunnvollen i hele det kristne liv; den er porten inn til livet i Ånden (…), og døren inn til de andre sakramentene.»[2] (…) [Dåpen er] eit sakrament, eit nådemiddel. Men det er også viktig å poengtere at nåden er Guds eige liv, og ikkje ein ting eller ein ’substans’ som vert gjeve til oss. I CA 5 står det at «med Ordet og sakramenta som middel vert Den Heilage Ande gjeven, han som verkar trua, kvar helst og når Gud tykkjer om det.»[3] Å få del i nåden ved ord og sakrament er altså, i fylgje luthersk (og ortodoks) tradisjon å få del i Guds eige liv, i Heilaganden. Vi vert ikkje lik Gud er i seg sjølv, men får «del i guddomleg natur,»[4] del i Guds liv.[5] (…)

Men kvifor handlar Gud med oss på ein slik konkret måte, og med konkrete middel? Her ser ein heilt konkret skilnaden mellom den lågkyrkjelege protestantismen og den høgkyrkjelege katolisismen. Fyrstenemnde har alltid hatt ein slags intellektualisme og rasjonalisme i botn, kombinert med ei mistru til at Gud (t.d. i dåpen) vil handla gjennom det konkrete. Slik står det på nettsidene til frelsesarmeen: «Vi tror at dåp ikke er avgjørende for frelse og at Gud ikke har gjort seg avhengig symboler for å handle med mennesket.»[6] Ja, Gud har ikkje gjort seg sjølv avhengig av symbol, men Han har gjort oss avhengige av dei,[7] av di vi er konkrete, kroppslege vesen.[8]

Helgemessedag handlar nettopp om at Gud helgar oss — heilag og reinsar sitt eige skaparverk. For vi er ikkje gnostikarar. Vi trur, med Paulus, at ”alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk, for det blir helga med Guds ord og bøn.” (1Tim 4, 4f) Og dette stemmer også i høve til dei menneska som ’befolkar’ kyrkja. Utan desse er ikkje kyrkja heilag. For utan desse finst det inga kyrkje. Inga heilag forsamling. Ikkje noko Guds folk. La oss be:

Må Gud som er så rik på herlegdom, styrkja vårt indre menneske med kraft ved sin Ande. Må Kristus ta bustad i hjarta våre ved trua, og vi stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Må vi saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå. Må vi bli oppfylte med heile Guds fylde! Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, Han — Faderen, Sonen og Den Heilage Ande — vere ære i forsamlinga og gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.[9]

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 48. (Her finn de ei engelsk utgåve) Denne definisjonen vart kritisert i Den romerske konfutasjonen av CA. in seier at ein ikkje tek omsyn til at det finst vonde i kyrkja, med tilvising til døyparen Johannes sine ord i Matt 3, 12. Men eg trur at dette vert litt feilplassert kritikk. For i CA 8 ser vi jo nettopp at ein innrømmer at kyrkja også er ’befolka’ vonde.

[2] Her viser eg til §1213 i Den katolske kyrkja si katekisme.

[3] Brunvoll, op.cit., s. 49. Mi utheving.

[4] 2Pet 1, 4

[5] Her viser eg til den austleg-ortodokse distinksjonen mellom Guds vesen, som vi ikkje kan kjenna, og Guds energiar (gr. energeia, ’verksemd’) som vi kan ha del i. Ta sola: vi kan ikkje få del i hennar natur, men vi kan ha del i solstrålane hennar.

[6] Her siterer eg frå denne artikkelen. [Henta: 01.11.2009]

[7] Her viser eg til §1257 i Den katolske kyrkja si katekisme. Der står det at ”Gud har bundet frelsen til dåpens sakrament, men selv er Han ikke bundet av sine sakramenter.”

[8] Kjetil Kringlebotten, Dåpen sin plass i kyrkja sitt liv. Heimeoppgåve i kristendom (KRL102), NLA Høgskulen Bergen, våren 2009, s. 5-7. Lenke til pdf-fil av oppgåva. [Henta: 01.11.2009]

[9] Fritt etter Ef 3, 16-21

One comment on ““Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” Gen 1, 31a

  1. Birger says:

    Eg kjører skoda eg og

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s