Kva vil det seie å bestemme seg?

I dag vil eg leggje ut nokre korte refleksjonar omkring det viktige ved å bestemme seg i høve til tru og livssyn; og spørsmålet er: kva vil det seie å bestemme seg? Kva betyr det engelske ordet decide?

På engelsk snakkar ein om homicide — drap. Og om suicide — sjølvmord. Begge desse orda har felles rot i det latinske ordet caedere (cidia, cide). Det ordet betyr ’drap’ eller ’kutte.’ Dei to nemnte omgrepa vil då høvesvis bety ’drap på eit medmenneske’/’kutting av eit medmenneske’ (av lat. homo, ’menneske’ + caedere) og ’sjølvmord,’/’mord på/kutting av seg sjølv’ (av lat. sui, ’av seg sjølv’ + caedere). Men det er eit tredje ord som også deler rot i ordet caedere. Det er ordet decide, ’bestemme seg.’ Det var Paul Otto Brunstad som (munnleg) gjorde meg merksam på dette, og det seier oss noko viktig om kva det vil seie å bestemme seg. Reint direkte betyr dette ordet ’å kutte av.’ (Av lat. de, ’av’ + caedere.) Men sett at caedere/cide i dei to fyrste substantiva vert omsett med drap — av andre eller av seg sjølv — kan det jo vere interessant å sjå på om dette også kan brukast på verbet decide.[1]

Dette tok Brunstad opp og spekulerte, utan direkte grunnlag i latin, i om at ’å bestemme seg’ faktisk betyr at ein tek livet av noko — nemleg tvilen. Og i høve til tru er dette viktig. Å tru er noko ein bestemmer seg for, sjølvsagt i kraft av Den heilage Anden. Og når ein trur, då tek ein livet av tvilen, ein kuttar den av. Det er ein av grunnane til at eg ikkje trur det går an å vere verkeleg agnostikar. For ein eller annan stad vil det verta kutta av, anten av deg sjølv — ved at du bestemmer deg — eller av livet, ved at du vert kutta av i døden. Vi må bestemma oss før døden. Som Josva sa det:

Så frykt då Herren og ten han heilhjarta og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på den andre sida av Eufrat og i Egypt, og ten Herren! Men dersom det byr dykk imot å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena: dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor elva, eller gudane til amorittane, i det landet de no bur i. Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren. (Josva 24,14f. Etter den nye omsetjinga, 2010)

Noter:

[1] Både homicide og suicide er substantiv, men dei er det vi kan kalle for ’substantierte verb.’ Eit ’substantiert verb’ vert brukt som ein rask måte å beskrive ein verbal handling. Eit godt døme er ’bilkøyring’ som er ein substantiert kortform av verbet ’å køyre bil.’

3 comments on “Kva vil det seie å bestemme seg?

  1. predikeren says:

    Hei.
    Dette liker jeg!
    Takk for at du meddeler(med-deler, deler med) deg med slike godbiter i språket!

  2. predikeren :

    Takk for at du meddeler(med-deler, deler med) deg med slike godbiter i språket!

    No vil eg ikkje ta æren for denne. Men det har eg vel allereie sagt frå om i teksten. Sjølv synst eg at denne tanken er særst spennande. Heile livet er fylt av meir eller mindre viktige val, frå ‘kva skal eg ha på brødskjeva?’ via ‘skal eg gje pengar til den heimlause personen der borte?’ til ‘skal eg ha tillit til det den personen seier til meg?’

    I slike situasjonar må vi ta eit val. Vi må kutte av tvilen. Men her trur eg det også er viktig å forstå tvilens funksjon — og at han faktisk har ein verdi. Tvil er ikkje vantru, det er ein måte vi kan prøve å finne ut om noko er eit godt val eller ikkje. Men som med mykje anna; tvilen kan ta overhand. Tvilen om ein skal gje pengar til ein heimlaus kan brått enda med at personen dør av svolt. Tvilen om ein skal ha tillit til ein person kan vere øydeleggjande, osv…

    Som sagt; tvilen har ein funksjon og ein verdi. Men til slutt må den bøta med livet. Så får vi håpe på at vi har den visdom og innsikt at vi vel det rette…

  3. predikeren says:

    Ja, litt som det å ha skrupler.
    Skrupler var vektstener som man brukte når man ballanserte vekten.
    Når man veier for og imot har man skrupler, og det er i utgangspunktet en klok og positiv gjennomgang. Likevel har uttrykket sunket ned til å stå for en mer engstelig etternøler som aldri bestemmer seg.
    Og skruppeløs(svært ettertenksom) er blitt til skruppel løs (samvittighetsløs).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s