Domssundagen : Kristi kongefest

I Den norske kyrkja (Dnk) er siste sundag i kyrkjeåret alltid domssundagen. I forslaget for ny tekstbok i Dnk har ein ikkje teke med namnet, men ein har innhaldet med seg. Siste sundagen skal ein bruke på å ’samle saman trådane’ og hugse på den domen som står framføre oss. Den katolske kyrkja (Dkk), derimot, brukar siste sundagen i kyrkjeåret til å feire Kristi kongefest. (Sjå meir her.) Sjølv meiner eg at begge delar høyrer saman. Dette ser vi kanskje best av evangelieteksten i Den katolske kyrkja (Dkk) på onsdag som var; Luk 19,11-28. Her møter vi historia om kongen som reiser bort, og gjev tre av tenarane sine eitt pund. To av dei investerte pundet, og sat igjen med høvesvis ti og fem pund. Den tredje, derimot, hadde gøymd bort det eine pundet i frykt for Herren. ”Herre, sjå her er pundet ditt!” sa tenaren. ”Eg har hatt det liggjande i ein klut. Eg var redd deg, for du er ein streng mann, som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sått.” (Luk 19,20f) Til dette svara kongen:

”Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sått. Kvifor gav du ikkje pengane til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?” (Luk 19,22f)

Poenget med denne teksten er ikkje at kongen var grisk. Det ein må spørja seg er: kva var dette pundet? I innleiinga til likninga (Luk 19,11) står det: ”Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne.” Likninga handlar altså om Guds rike. La oss difor lesa evangelieteksten for Dkk:

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det sjette kapitlet. Ære vere deg, Herre.

33b ”Er du kongen over jødane?” 34 Jesus svara: ”Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?” 35 ”Er vel eg jøde?” sa Pilatus. ”Ditt eige folk og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?” 36 Då sa Jesus: ”Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg, så eg ikkje skulle bli overgjeven i hendene på jødane. Men mi kongsmakt er ikkje av denne verda.” 37 ”Du er altså konge?” sa Pilatus. ”Du seier at eg er konge,” svara Jesus. ”Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Kongefesten, står det i denne artikkelen, har ei direkte kjelde i 1880-talet, då mange var bekymra for sekulariseringa i verda, og kanskje spesielt Europa. Poenget eg prøver å få fram ved å ’kombinere’ denne og Dnk si feiring av domssundagen er nettopp at domen har sin bakgrunn i Kristi kongsmakt, som ikkje er av denne verda.

Men la oss sjå litt tilbake på teksten om dei tre tenarane. For det eg har lyst til å dra fram i dag er ikkje berre Kristi kongsmakt, men kva konsekvensar dette får for våre liv, og det ansvaret som fylgjer med dette. Som det heiter i Spider Man: ”With great power comes great responsibility.” Dette kan ein kanskje ikkje overføre direkte til oss, då vi ikkje nødvendigvis har makt. Men vi kan kanskje seie det slik: Dersom du har fått Guds gåve har du eit ansvar til å investere den. Det handlar ikkje om å vere grisk, men å overlevere det vi har fått, dele det med andre. For å skjøna dette, må vi sjå på forskjellen mellom det materielle og det åndelege. Det fyrste vi må seie er at vi ikkje er gnostikarar. Det er ikkje nødvendigvis ein motsetnad mellom desse to. Men dei er ikkje heilt like. Dersom du delar eit brød i to, vert brødet du sit igjen med mindre. Kvar gong ein deler noko materielt vert det mindre. Det åndelege, derimot, vert multiplisert ved deling. Ein åndeleg sanning vert ikkje mindre av at ein delar det med andre. Du får ikkje mindre del i himmelen ved å dele evangeliet med andre.

Dei to fyrste tenarane tok imot gåva si, og delte den med andre. Dei investerte Guds rike i verda. Den tredje tenaren, derimot, heldt fast på dette, og nekta å dele den. Men Gud ynskjer ikkje ei lang rekke frelste einskildsindivid. Han ynskjer eit folk. Dette folket består sjølvsagt av einskildsindivid, men desse individa skal ikkje vera skilde frå dei andre. Ingen i Guds rike er seg sjølv nok. Vi må dela det vi har, både det åndelege — og det materielle. For, som sagt er det ikkje noko motsetnad. Spørsmålet er om vi som kristne ser på oss sjølve som ’spirituelle materialistar’ eller ’materialistiske spiritualistar.’ (Med ’spirituell’ meiner eg ikkje New Age…) I den fyrstnemnde gruppa menneske er materialist substantivet og spirituell adjektivet. Desse er kanskje folk som bruker religionen som eit shoppingsenter, der ein kjøper mest mogeleg til seg sjølv. Religiøs-kristen konsumkitch. Den andre type menneske er dei som — sjølvsagt ikkje perfekt — er åndelege fyrst, men ikkje ser på det materielle som ein motsetnad til det åndelege. Poenget er at dei set Kristus i førarsetet. Vi må hugse på kven som er ’sjefen’ — kven som sit i dommarsetet. Men husk; Kristi kongsmakt handlar det ikkje berre om tvang og rå makt. ”Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda,” seier Han, ”at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.” (Joh 18,37)

Det vi då kan dra fram, er at Kristi kongsmakt ikkje berre er knytt til makt, slik det ofte har vore i jordlege makter oppetter historien, men den er knytt til sanninga. I ”Men Without Chests,” det fyrste kapitlet i boka The Abolition of Man, bruker C.S. Lewis ein metafor om mennesket som var lånt av Platon: ”As the king governs by his executive, so Reason in man must rule the mere appetites by means of the ‘spirited element’. The head rules the belly through the chest.”[1] Fornufta, rasjonaliteten er hovudet, kongen — det styrande prinsipp i mennesket. Men ein kan som kjent ikkje stole fullt og heilt på sitt eige hovud, på sin eigen intuisjon utan Gud. For som det står i Salomos ordtøke: ”Age for Herren er opphav til visdom, å kjenna Den Heilage er vit.” (Ord 9,10) Som Geoffrey Chaucer sa det i ”The Parson’s Tale” frå Canterbury Tales, I. 262: ”God sholde have lordschipe over reson, and reson over sensualite, and sensualite over the body of man.”[2]

Og med dette i sinnet bør vi gå ut i verda, dele evangeliet med folk og leve til ære for Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] C.S. Lewis, The Abolition of Man. San Francisco: HarperCollins 2001, s. 24

[2] Sitert i: C.S. Lewis, The Discarded Image. Cambridge University Press 1964, s. 154

One comment on “Domssundagen : Kristi kongefest

  1. […] var også tanken bak Messias for mange jødar. Men, som vi såg førre søndagen – då vi feira Kristi kongefest – var ikkje dette Kristi misjon; Han kom med eit nytt rike. Han kom med Guds rike. Eit rike som […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s