Rettferd til menneska

1. sundag i advent

I dag vel eg å bruke tekstane til Den katolske kyrja. (Tekstane til Den norske kyrkja finn du her.) Eg tek i dag utgangspunkt i lekteteksten; teksten frå Det gamle testamentet. (Eg har valt å omsetja teksten sjølv, men med språkleg bakgrunn i Bibelselskapet si omsetjing av 1978/85.)

Det står skrive hjå profeten Jeremia i det 33. kapitlet:

14 Sjå; dagane skal koma, seier Herren, då eg let oppfylla den gode lovnaden[1] eg gav til husa åt Israel og Juda. 15 I dei dagane, og på den tida, let eg ei rettferdig grein veksa fram i Davids-ætta; han skal gjera rett[2] og rettferd i landet. 16 I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem liggja trygt. Og dette skal byen kallast: “Herren er vår rettferd.”

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

I dag vil eg fyrst bruka tida på å gje ein slags eksegese av desse orda; supplert med orda frå evangelieteksten. Det fyrste vil møter er lovnaden om at Gud skal la oppfylla den lovnaden han gav til Israel og Juda. Kva var denne lovnaden? Av vers 15 kjem det fram at dei hadde vorte lova ein rettferdig person; ein som skulle ”gjera rett og rettferd i landet.” I jødisk tankeliv tenker eg at dette vert sett på som ein messiansk profeti; ein profeti om ein rettferdig mann som skal redda Israel, om nødvendig med vald. Den jødiske Messias kan kanskje – med fare for å vere litt anakronistisk – samanliknast med Neo i The Matrix. Han er, for å bruke Fredrik Wandrup sine ord, ein ’Messias med maskingevær.’ Og slik var også tanken bak Messias for mange jødar. Men, som vi såg førre søndagen – då vi feira Kristi kongefest – var ikkje dette Kristi misjon; Han kom med eit nytt rike. Han kom med Guds rike. Eit rike som så og seie ’flyt’ inn i vårt; eit rike fylt av rettferd og fred. Som det heiter i songen frå Taizé, omsett til nynorsk:

Guds rike er fylt av rettferd og fred og glede i Heilaganden.
Kom, Gud, og opne i oss ei dør til Guds rike.[3]

Denne songen har utgangspunkt i Rom 14,17. ”For Guds rike er ikkje mat og drikke,” skriv Paulus, ”men rettferd, fred og glede i Den heilage ande.” Dette er det Messias skal gjere; Han skal komma med rettferd og med fred. Og ved Han skal Juda verta frelst og Jerusalem liggja trygt. Men kva betyr det? Betyr det, som sikkert mange før Kristi tid trudde; at berre Israel har del i frelsa? Nei, det trur eg ikkje. Kanskje er det einskilde som reagerer på dette; men eg trur at Israel no er Kyrkja. Eller sagt på ein annan måte; heidningane har no vorte poda inn i Israel.

Israel er ikkje berre dei som er så ’heldige’ å ha vorte fødd som jødar. (Ein liten avsporing er på sin plass; eg bruker ’heldig’ litt ironisk. Eg trur ikkje at vår – vesten – si behandling av jødar oppetter historia akkurat er noko vi treng å vere stolt over. Men la oss gå vidare.) Vi trur at Kristus er Messias; vi trur at Han er den som Gud let ”veksa fram i Davids-ætta”; Han som Gud, for å bruke Jesaja sine ord, let veksa fram or let Isai-stuven. (Jes 11,1) Han skal gjera rett og rettferd i landet, i Heilaganden. (Jes 11,2ff) Men på kva måte skal denne rettferden gestaltast; korleis får vi del i den? For å få eit svar på det, må vi sjå på dei andre tekstane i dag; 1Tess 3,12-4,2 og Luk 21,25-28.34-36.[4]

De står skrive i Paulus sitt fyrste brev til tessalonikarane i det tredje og fjerde kapitlet:

3,12 Og måtte Herren la dykkar kjærleik til kvarandre, og til alle menneske, få veksa og bli overstrøymande rik, slik som vår kjærleik til dykk! 13 Slik skal han styrkja hjarta dykkar, så de skal stå ulastelege og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. [Amen.] 4,1 Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 For de veit kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

De står skrive hjå evangelisten Lukas i det 21. kapitlet. Ære, vere deg, Herre.

25 “Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i sky med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri. 34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar tyngjast av svir og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Som de ser er dagens fokus på dom; på at vi må sjå til at vi lever rettferdige, rettvise liv. Profetien i Jeremia fortel oss at ein mann skal koma; ein som ”skal gjera rett og rettferd i landet.” Ordet som er omsett med rett er misjpat (bloggen klarar ikkje hebraiske bokstavar). Ordet kan også tyda ’dom.’ For kva er vel rettferd utan dom – utan at urettferden får ’sitt pass påskrive’? Vi får håpe at denne domen også er nådig. Som reven, i C.S. Lewis historie Till We Have Faces svarar Orual på hennar spørsmål om gudane ikkje er rettferdige: “Oh no, child. What would become of us if they were?” Ja, kva ville skje med oss dersom Gud ikkje hadde vore nådig, men berre rettferdig? Her trur eg at Jens Bjørneboe har eit særs god poeng når han, i diktet Mea Maxima Culpa (lat. ‘mi største skuld’), seier (i sjuande og siste verset):

Akk, vi må bøye oss i skam og si:
Rettferdigheten, Gud, den frykter vi!
Hvem er et menneske som ikke vet:
Vi trenger nåde og barmhjertighet!

Jeg vet ikke hvor jeg har hørt det sist:
Hvem er et menneske og ikke skyldbevisst?

Ja, som menneske bør vi vera medvitne vår eige skuld. Vi er ikkje små uskuldige born. Det 20. hundreåret har vore meir krigsherja enn noko anna tid før den. Og det ser ikkje ut som det 21. vert noko betre. Er det ikkje på tide at vi set oss ned og tenker over kva vi gjer? Eg får ofte høyre at kristne, eller kristendommen i seg sølv, har eit ’usunt forhold til synd’ – og då spesielt såkalla ’kjøtlege synder.’ Ein tenker seg ofte at syndvedkjenninga ikkje er til for å læka oss, men for å trykke oss ned i driten. I Mea Maxima Culpa bruker Bjørneboe den latinske liturgien, der ein nettopp skal vedkjenne synda; den største synda. Han beskriv synd med store, grusomme ord, men likevel sit eg ikkje igjen med ei kjensle av at han fordømmer, men heller at han kallar til ansvar og solidaritet. Jan Schumacher seier litt om dette til Vårt Land:

Å bekjenne synder er en form for solidaritet. Det handler ikke bare om å renvaske seg. Enhver syndsbekjennelse burde romme en dyp erkjennelse av fellesskap med alle.

Eg trur at nettopp denne form for syndserkjenning er eit godt grunnlag for empati. For, når ein set seg sjølv til sides, og tar omsyn til ’den andre,’ så forstår ein kva det vil seie å leve i fellesskap. Men for å fungere i fellesskap, må ein også ta omsyn til seg sjølv. Mannen bak den katolsk bloggen Disputations tolker, i innlegget ”Per se cruelty,” St. Katarina av Siena slik:

First, sin is essentially cruel. Each and every sinful act is an act of cruelty. There is no such thing as a harmless little sin.Second, the sinner is primarily cruel to himself. Sin is always an offense against oneself, and therefore can never be an act of self-love, properly speaking. True self-love is the desire of the true good for oneself. Sin is, though, often (always?) an act of selfish love (or self-love-ish, improperly speaking). Selfishness and self-love are incompatible.

Kristus snakkar om dette i Matt 16,26, der han spør kva det gagnar ”eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?” Her prøver ein å få det ’godt’ – ofte på andre sin kostnad – men skadar eigentleg berre seg sjølv. Dette kan vidare tolkast inn i den kristne ambisjonen om å vere ”heil i di ferd” (1Mos 17,1), og det å ha Kristi sinnelag. (Fil 2,5)

I Shakespeares velkjende klassikar Hamlet funderar hovudkarakteren Hamlet om han skal ende livet sitt eller ikkje. Han seier det slik: ”Å vere eller ikkje vere – det er spørsmålet!” Dette kan, med litt omtolking, brukast om kristenlivet; om å vere eit heilt menneske eller ikkje. Vi skal vere heile menneske, og vi skal vere oss sjølv, men ikkje ’oss sjølv nok,’ for å stele eit poeng frå Ibsen. Dette er ein prosess som krev kjærleik, nåde og forsoning. Jan Schumacher seier vidare:

Vår store skyld er vår nestes blod. Slik omtrent lød Bjørneboes liturgiske overdrivelse. Vi er skyldige alle, fordi vi er skyldige på elske hverandre, og på det punktet er vi alle skyldnere. Det er på dette punktet syndsbekjennelsen i dagens høymesse kommer til kort. Den opererer ensidig innenfor forholdet Gud – menneske, i stedet for å føre oss inn i livets store trekantdrama: Gud – meg selv – min neste. På dette punktet er Bjørneboes diktning en kraftig påminnelse. I stedet for å snakke om «syndsbekjennelse», foretrekker nyere liturgikere å anvende ordet «forsoning». Vårt møte med Gud, er også et møte med vår neste. Et slikt perspektiv er langt mer i pakt med hva vi finner i evangeliet.

Syndsvedkjenning/erkjenning er ikkje noko som er til primært for at Gud skal få straffe oss/la vere å straffe oss, det er eit konsept ein finn i mange ’heidenske religionar,’ der alt som skjedde anten var straff eller signing frå gudane. Synd er den urett ein gjer, og ja, ein kan kalle det å bomme på målet. For kva er målet? Jo, etter mitt syn er målet dette: ”Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei.” (Matt 7,12)

Å vedkjenne si synd er altså positivt. Det er ikkje for å unnga straff, men for å få eit sunnare forhold til seg sjølv, sine eigne grenser, til andre – og til Gud. Og det hjelper også til å forstå at mennesket – sjølv om det også er godt, ikkje berre vondt, som enkelte meiner – ikkje kan frelse seg sjølv. Dette meiner eg vi ser best hjå dei gamle ørkenfedrane, mellom anna Antonius, som kyrkjefaderen Athanasius skreiv om – midt oppi den arianske strida. Dette skriv Peter Halldorf om:

Kampen mot Arius’ kristologi og skildringen av Antonius’ vei, bort fra verden og ut i ørkenen, motiveres av en sterk overbevisning om at mennesket ikke klarer å være sin egen frelser. Bare den som ikke har møtt sine egne grenser kan falle for illusjonen om sin egen guddommelighet. Hver og en som har sett inn i seg selv og blitt forskrekket, vet at redningen må komme fra noen som er av en helt annen art.[5]

Vi må altså vedkjenne oss våre feil, for dersom vi ikkje gjer det, dersom vi stenger desse inne, vil vi berre få leve halvliv, innsstengd med våre eigne feiltak. Sjå heller ut til Den andre; lev eit rettvist liv til ære for Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] For ‘hebraisk-geeks’: direkte omsett (med tanke på norsk gramatikk) står det “…då eg let stå det gode ordet…” Verbet står i hifil; det er altså kausativt, med ei aktiv stemme.

[2] Eller ‘dom.’

[3] Sanger fra Taizé (nr. 30). Oslo: Verbum 2003, s. 32

[4] Eg kan ikkje gresk; difor held eg meg til NT05 her.

[5] Peter Halldorf, 21 kirkefedre. Oslo: Luther 2001, s. 95

One comment on “Rettferd til menneska

  1. predikeren says:

    Hei, godt innlegg.
    Jeg kjente ikke til Bjørneboes dikt, takk for den henvisningen.
    Å erkjenne synd er også å erkjenne Guds sannhet og rettferd, og i denne erkjennelsen er det guddommelige, for ingen kan si Kristus er Herre uten i den hellige Ånd..

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s