Sjå mot aust

2. sundag i advent

I dag skal eg ikkje skrive mykje. Eg kveld var eg i St. Paul i Bergen; den katolske kyrkja i Bergen. Og difor vil eg i dag sitere tekstane med ein kort meditasjon.

Det står skrive i Baruks bok i det 5. kapitlet:

1 Jerusalem! Ta av deg dine sørgeklær og ikle deg det herlige skrud som Gud har gitt deg til evig tid. 2 Kle deg i rettferdighetens kappe som er gitt deg av Gud, og la Den Eviges herlighet være diademet på ditt hode. 3 For Gud skal åpenbare din prakt for alle land på jorden. 4 Og Gud vil til evig tid gi deg navnet «Rettferdig Fred» og «Gudfryktig Herlighet». 5 Stå opp, Jerusalem, og still deg på høyden! Rett blikket mot øst og se dine barn samle seg fra vest og øst, på Den Helliges bud, glade over at Gud har kommet dem i hu. 6 Til fots forlot de deg, drevet av fiender. Men Gud skal føre dem tilbake, båret med ære, som på en kongestol. 7 For Gud har befalt at hvert høyt fjell og de evige hauger skal jevnes, at dalene skal heves og bli til flat mark, så Israel trygt kan vandre i Guds herlighet. 8 Skogene og hvert velluktende tre skal gi Israel skygge på Guds befaling. 9 For Gud skal lede det jublende Israel i lyset av sin herlighet med den miskunn og rettferd som kommer fra ham.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

Det står skrive i Paulus sitt brev til Filipparane i det 1. kapitlet:

4 Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. 5 For heilt frå første dagen og fram til no har de stått saman med meg i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. … 8 Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. 9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova

Det står skrive hjå evangelisten Lukas i det 3. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 Det var i det femtande styringsåret til keisar Tiberius. Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene, 2 og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son til Sakarja, i øydemarka. 3 Og han drog omkring i heile Jordan-landet og forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene, 4 slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord:

Ei røyst ropar i øydemarka:
Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!

5 Kvar dal skal fyllast,
kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut.
Dei krokete vegane skal bli rette,
dei steinete stigane bli slette.

6 Og alle menneske skal sjå Guds frelse.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dag vil eg fokusere på eit vers frå GT-teksten; Baruk 5,5: “Stå opp, Jerusalem, og still deg på høyden! Rett blikket mot øst og se dine barn samle seg fra vest og øst, på Den Helliges bud, glade over at Gud har kommet dem i hu.”

Vi skal i dag rette blikket mot aust; for der skal vi sjå Herrens komme. Det fyrste eg vil kommentere i dag er at advent er ei tid for førebuing; vi skal bruke denne tida på å førebua oss på jula. Men dette betyr ikkje primært at vi skal pynte huset, bake kaker, “vaska gølvet” eller “bere ved.” Nei; advent er tid for ettertanke, tid for å sjå på våre liv — sjå på om vi lever etter Kristi bod. Vi skal førebua oss på Kristi andre komme.

Men kva er Kristi andre komme? I denne samanhengen vil eg sjå på det at vi skal sjå mot aust. Det fyrste ein tenker på i den samanheng er nok sola, som står opp i aust. Som sola står opp i aust og går mot vest kjem Herren til oss. Og vi skal gå han i møte. Men korleis kan vi gjere det. Jo, ein måte vi kan gjere det er ved å fylgja hans bod. Ved å elska kvarandre. Men framfor alt; ved å feira eukaristien. Altaret står i aust; vi går fram til altaret for å få del i Herrens lekam og blod. Der — på altaret — er Han nærverande; under skapnaden åt brød og vin. Eg trur vi ser ein profeti om dette i Sef 1,7. Eg omset teksten sjølv, med utgangspunkt i språket i NO78/85:

“Ver still for Herren Gud,
for Herrens dag er nær!
Herren har fførebudd eit offer,
han har vigsla dei han har kalla.”

Herren førebudde eit offer. Dette offeret var Kristus; Hans liv, liding, død og oppstode. I motsetnad til Adam — som var ulydig — levde Kristus eit liv i lydnad. “Då han stod fram som menneske,” skriv Paulus, “fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” (Fil 2,7b-8) Og ved at vi førebur oss i advent – og ved at vi feirar jul – ser vi framover mot Herrens dag; mot den dagen Herren skal komma. La oss håpa at vi har del i dei Han har kalla; dei Han har vigsla.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s