Hanukka og advent

3. sundag i advent

I dag vel eg å ikkje ta tak i dagens tekstar. Dei som vil lese dei finn dei her og her. Dei er høvesvis for Den katolske og Den norske kyrkja. Eg vil heller skrive om Hanukka i dag.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 10. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter. 23 Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen. 24 Då flokka jødane seg om han og spurde: ”Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!” 25 Jesus svara: ”Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. 26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. 29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. 30 Eg og Faderen er eitt.” 31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Dette avsnittet — som eigentleg går heilt til v. 39 — er (utanom påsken) kanskje det viktigaste i Johannesevangeliet. Men kva handlar det om? Det fyrste som vert nemnt er kva høgtid som heldt på; Hanukka-festen. ”Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter.” (Joh 10,22) Det at denne festen er nemnt her seier oss noko spesielt om Kristus. Men før vi går inn på det, må vi sjå litt på kva Hanukka er. Grunnen til at eg vel å ta for meg denne høgtida er at vi står midt i den no. I år byrja den 11. desember og sluttar den 18. Det er ein lysfest og ei høgtid til minne om reinsinga av tempelet. (Les meir om dette her, her og her.)

Men kvifor er den så viktig? Jo, fordi den fortel oss noko sentralt om Kristus. Den mente passasjen frå Johannesevangeliet (Joh 10,22-39) har alltid vore viktig for oss kristne, men eg trur at den vert mykje meir forståeleg dersom vi les den i lys av Hanukka. Essensen åt den høgtida kan oppsummerast i to ord: nærver og ljos. Ved tempelvigsla vart Gud atter nærverande i det høgheilage. Ved tempelvigslingsfesten openberra Kristus kven Han verkeleg er; Messias. Men ikkje berre ein menneskeleg frigjeringskonge. Nei, Han er Gud sjølv. ”Eg og Faderen er eitt.” (Joh 10,30) Vidare er det viktig å sjå litt tidlegare i Johannesevangeliet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. (…) Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. (Joh 1,1-3.5-10)

Sette i lys av dette trur eg at Hanukka er særs viktig; etter påsken er den kanskje den viktigaste høgtida nemnt i Johannesevangeliet.[1] Grunnen til dette er at den er så sentralt plassert. Egil Anders Wyller skriv om dette i ein artikkel om ’arkitektonikken’ i Johannesevangeliet.[2] Han hevdar at evangeliet har ein kiastisk struktur med eit avsnitt i midten som kastar lys over heile skriftet; Joh 10,22-39. Og i midten finn vi Joh 10,30f. Fyrst seier Kristus: ”Eg og Faderen er eitt.” (v. 30) Deretter ser vi reaksjonen til jødane: “Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.” (v. 31)

Her ser vi altså at Kristus sette seg i Guds sete; Han seier rett ut at Han er Gud. Og sett i lys av Hanukka vert dette ekstra sterkt. Wyller skriv:

Tid og anledning for disse fundamentale utsagn fra Jesu side er jødenes Chanukka-fest (ta engkainia: fornyelsesfesten) midtvinters (X,22). (…) Jesus er in persona det nye tempel, som Gud har bolig i. (…) Det er Jesus som har gitt verden det fornyelsens «lys» som (Chanukka)-festen er viet.[3]

No i advent trur eg vi kan bruka Hanukka for å forkynne Kristus. Advent er høgtida for håpet; håpet på at vi snart skal få del i fullnaden åt himmelen, ved Jesus Kristus. Han er Gud. Han er det evige ljoset. Han er det nye tempelet.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Dette evangeliet er særs kultisk; det tek heile tida utgangspunkt i høgtidene. Og til dei knyt Johannes viktige hendingar.

[2] Egil A. Wyller, ”I Salomos buegang. Johannes-evangeliets arkitektonikk” i: Egil A. Wyller, Johannes II: Evengeliet og brevene. Oversatt fra gresk med kommentarer og studier av Egil A. Wyller. Henologisk skriftserie, bind 7. Oslo: Spartacus/Andresen & Butenschøn AS 1997, s. 142-160. Spesifikt om den kiastiske strukturen; s. 148-156.

[3] Ibid., s. 146-147

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s