Den lutherske Messiaskyrkja sine gudstenester

I dag kom eg over nettsidene til Messiaskyrkja. Dei kallar seg for ‘den lutherske kyrkja i Noreg,’ noko eg meiner vert litt rart. Er ikkje frikyrkja også luthersk? Men det eg ville ta for meg i dag var ein interessant ting eg oppdaga på nettsidene deira. Her vert det opplyst Messiaskyrkja “samles nå tre steder: Oslo og Bergen og Tomter utenfor Oslo. Vi annonserer ikke for våre samlinger. All deltakelse skjer, slik den skjedde i den første kristne tid, gjennom personlig invitasjon. Men vi inviterer gjerne. ønsker du å bli invitert kan du kontakte oss.” Det fyrste eg vil kommentere er den lettare anakronismen som ligg i at dei vil ‘leve som dei fyrste kristne.’ Dette vert ofte galt; ein har eit bilete av korleis dei fyrste kristne levde — sjølvsagt utan omsyn til den konteksten dei levde i (med forfylgjingar, etc.) — og lever så etter dette. Men vi er i ein heilt annan kontekst.

Vidare er det interessant å sjå at dei ikkje berre samlar seg i Oslo, men også i Bergen. For når vi ser på kalenderen deira over kommande gudstenester — ein funksjon som ironisk nok motseier deira påstand om å ikkje annonsere gudstenester — står det at det skal vere gudsteneste i Oslo, medan dei andre kyrkjelydane i Messiaskyrkja må ta til takke med ei nettoverføring. Kanskje er eg gammaldags, men når vart nettoverføring av en gudsteneste i tråd med Kristi ord om a vi skal komma saman å feira nattverd? Skal dei sende den på e-post kanskje? Eg tenker ikkje her på tv-overførte gudstenester, sjølv om eg er litt skeptisk til det, men at ein kallar seg ein kyrkjelyd. Kyrkja er, for å sitere Confessio Augustana (CA), “forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.”[1]

Ein kan kanskje seie at evangeliet vert lært reint ved ei slik overføring. Men ein kan ikkje påstå at sakramenta vert forvalta rett. Så før dei får ein eigen prest og eigen sakramentsforvalting meiner eg det vert feil — ut frå luthersk lære — for desse forsamlingane utanom Oslo å kalla seg for ‘Messiaskyrkja.’ Eller forventar dei kanskje at desse går i andre lutherske kyrkjelydar også? Kva er då vitsen med endå eit nytt kyrkjesamfunn?

Noter:[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 48 

13 comments on “Den lutherske Messiaskyrkja sine gudstenester

  1. Andreas Evensen says:

    Bare for å utfylle: En av prestene i Messiaskirken kommer ca en gang i måneden til Bergen for å forkynne live og forvalte nattverden(og evt dåp.) De andre søndagene har de ikke nattverd i Bergen, fordi de ikke har egen ordinert prest.

  2. Dersom dei ikkje har eigen ordinert prest kvifor kallar dei se då ein kyrkjelyd? Slik eg har forstått det er dei i den såkalla Missouri-tradisjonen. Der er slike ting særst godt haldt fast på. Ut frå ein luthersk forståing er dei ikkje ein kyrkjelyd.

  3. Andreas Evensen says:

    Jeg burde sikkert skrevet “egen ordinert prest med base i Bergen.” De regner sikkert Torkild Masvie, som har base i Oslo, som sin prest, selv om han bare er over fjellet til en gudstejenste i måneden + en bibeltime av og til.
    Du får sende en e-post til han og høre med han selv, så får du den rette versjonen. Kan godt hende jeg vranglærer deg med min utfylling:)

  4. Det eg lurer på er kva dei gjer resten av månaden. Vi skal ha eukaristien minst ein gong i veka. Må dei då gå i sine lokale kyrkjelydar? Vert ikkje Messiaskyrkja då berre ein slags fritidsklubb på sida?

  5. Torkild Masvie says:

    Hei, jeg ser du har mening om Messiaskirken. Du skriver at “Vi skal ha eukaristien minst ein gong i veka”. Det tror jeg du må være alene om å mene på luthersk mark. Vi mener at det er rett for en menighet å ha ukentlig nattverdgudstjeneste, men ikke oftere enn det. I oppbyggingsfasen blir det ukentlig gudstjeneste i Bergen med overføring av preken fra Oslo, og så kommer pastoren selv og leder nattverdgudstjeneste hver 4de uke i Bergen. I norsk og færøysk tradisjon har vi hatt lekmannsgudstjeneste, og/eller lesing av postille de søndagene det ikke var nattverdgudstjeneste med pastor. I vårt tilfelle overføring av preken, fra ett rom i menigheten i Oslo, til et annet rom i menigheten i Bergen. Det er en smart modell for oppstart. Menigheten i Bergen vokser, og søndag har jeg nattverdgudstjeneste der. Da kan du komme om du ønsker. Med vennlig hilsen Torkild Masvie. Hovedpastor Messiaskirken Oslo/Bergen

  6. Masvie:

    Du skriver at “Vi skal ha eukaristien minst ein gong i veka”. Det tror jeg du må være alene om å mene på luthersk mark. Vi mener at det er rett for en menighet å ha ukentlig nattverdgudstjeneste, men ikke oftere enn det.

    På norsk pietistisk mark, kanskje. Men det eg skriv der eg temmeleg sentralt i luthersk tradisjon.

  7. Gaute says:

    Du er kunnskapsrik, men du virker ikke særlig hyggelig🙂

  8. Eg er nok meir hyggeleg ellers. Men dette er ikkje ein koseklubb.

  9. Torkild Masvie says:

    Som nevnt har vi som ønsket normalordning å ha ukentlig nattverdgudstjeneste i våre menigheter. Der er vi på linje med vår amerikanske “parallell”-kirke Missouri synoden. Der varierer det forresten om det er ukentlig nattverd eller ikke. De ville bli ganske grovt fornærmet om du kalte dem “pietistisk” fordi de ikke hadde nattverd minst en gang i uka. Du sier at det er “temmelig sentralt i luthersk tradisjon” å ha nattverd “minst ein gong i veka”. Kunne du gi referanser til hvilke skriftlige kilder som viser at dette er temmelig sentralt i luthersk tradisjon – å ha nattverd oftere enn ukentlig? Kunne du gi eksempel på ett annet luthersk kirkesamfunn som har en slik konsekvent nattverdpraksis som du etterlyser og påstår er temmelig sentralt i luthersk tradisjon?
    Mvh Torkild Masvie

  10. Torkild;

    Du sier at det er “temmelig sentralt i luthersk tradisjon” å ha nattverd “minst ein gong i veka”. Kunne du gi referanser til hvilke skriftlige kilder som viser at dette er temmelig sentralt i luthersk tradisjon – å ha nattverd oftere enn ukentlig? Kunne du gi eksempel på ett annet luthersk kirkesamfunn som har en slik konsekvent nattverdpraksis som du etterlyser og påstår er temmelig sentralt i luthersk tradisjon?

    Det fyrste vi må sjå på er kva reformasjonen var for noko. Reformasjonen var, slik Luther såg det, ei tilbakevending til den ‘reine trua.’ Dette betyr ikkje nødvendigvis at ein gjekk tilbake til same ‘stil’ som ein hadde i urkyrkja. Luther sitt syn på reformasjonen kan kanskje oppsummerast i Pauli oppfordring om at ein skal prøve alt (dvs. prøve det opp mot den kristne trua) – og halda fast på det gode. (1Tess 5,21)

    Dagleg nattverdsfeiring var ein del av den katolske praksisen i reformasjonstida. Før du kjem med konkrete døme på at ein ikkje skal gjere dette tek eg det roleg. Vi kan også sjå på Apg 2,42-46 (mi utheving):

    Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. 43 Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

    I luthersk tradisjon er det ordet og sakramenta som står i ‘sentrum’ for den kyrkjelege praksisen. (Forstyå meg rett; Kristus står i sentrum – men det er ved ordet og sakramenta vi møter Han.)

    Reformasjonen handla om å reformere, ikkje endre på alt. Det er nok eit mindretal av lutherske kyrkjesamfunn som faktisk har dagleg eukaristifeiring. I tråd med luthersk – og bibelsk – tenking.

  11. Torkild Masvie says:

    Du har vel ved ditt svar bekreftet at du ikke gir eksempel på et luthersk kirkesamfunn som står for det du sier, og det er heller ikke endel av sentral luthersk tradisjon at en menighet bør ha nattverd mer enn ukentlig. Det er ikke redelig av deg å gjøre de anklagene du gjør mot oss.
    Det er egentlig litt tullete at du anklager nettopp oss for det du gjør. Vi er et konfesjonelt luthersk kirkesamfunn, med kobling til luthersk kirkelig ortodoksi og liturgisk kirkelighet, med ukentlig nattverd i Oslo siden 2004. Vi har nattverd så ofte vi har ordinerte pastorer fra vårt kirkesamfunn tilgjengelig i Bergen med målet å ha ukentlig nattverd for den del av vår menighet som er der. Du finner ikke i Norge luthersk kirkesamfunn “til høyre” for oss. Heller ikke katolikkene har nattverdgudstjeneste for en flokk et sted annet enn de gangene de har prest som kan komme og betjene dem. Flere steder i Norge må disse katolikkene midlertidig greie seg med sjeldnere nattverdgudstjeneste.
    Jeg kommer ikke til å gå inn i en videre debatt. Jeg bare ville forklare hva vi gjør og hvorfor.

  12. Torkild Masvie says:

    Liten tastefeil i siste innlegg. Vi har hatt ukentlig nattverd i Oslo siden vi hadde vår første gudstjeneste i 2005 (vi eksisterte ikke i 2004). Vi har hatt til sammen 3 søndager uten nattverd på disse årene.

  13. Eg har ikkje kritisert Messiaskyrkja i Oslo. Eg har kritisert praksisen med å kalle forsamlinga i Bergen (og liknande) for ‘kyrkjelydar.’

    Det kan godt hende at dette også gjeld einskilde katolske kyrkjelydar. Eg er like skeptisk til det. Sjølv finn eg dette argumentet særs dårleg. To feiltak opphevar ikkje kvarandre.

    Dei fyrste kristne feira eukaristien dagleg. Det er sjølvsagt ‘nok’ å feire det på søndagen. Vert det mindre enn det, derimot, vil eg ikkje kalle det eit (luthersk) kyrkjesamfunn. (Dette er grunnen til at eg ikkje kallar Frelsesarmeen eit ‘kyrkjesamfunn.’)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s