“…men ein kropp laga du til meg”

4. sundag i advent

Dagens tekstar finn de her. Dei er Mika 5,1-4a; Hebr 10,5-10 og Luk 1,39-45. Eg vel i dag å berre sitere dei nytestamentlege tekstane før eg skriv ned nokre tankar rundt dei.

Denne epistelen står skrive i brevet til Hebrearane i det 5 kapitlet.

5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda:
Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha,
men ein kropp laga du til meg;

6 brennoffer og syndoffer har du inga glede av.
7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg
for å gjera din vilje, Gud.
I bokrullen er det skrive om meg.

8 Først seier han: “Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på”, endå det er slike offer som blir borne fram etter lova. 9 Deretter seier han: “Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje.” Han opphevar det første så han kan setja det andre i verk. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det 1 kapitlet. Ære vere deg, Herre.

39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og sa med høg røyst: “Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.

Det eg har lyst til å fokusere på i dag er to ting. Eller snarare; to personar — Jesus og mor Hans, Maria møy. I epistelteksten las vi frå Salme 40, etter den greske Septuaginta-omsetjinga: “Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg.” Messias — Jesus Kristus — kom ned til jord. Men på kva måte? Jo — og det er vel heile poenget med advent, og kanskje spesielt denne dagen i advent — Han kom til oss som eit barn, fødd av Maria møy. Han kom ikkje som ein lysande epifani rett ned i krubba. Nei; Han vart fødd! Men likevel er dette ein epifani — ei openberring.

Men kva vert openberra? Ser vi på den klassiske juleforteljinga ser vi at openberringa i all hovudsak er at Gud er komme ned til menneska. Det vesle barnet i krubba er Gud den allmektige, El Shaddai. Men Han kom på ein heilt annan måte enn ein tenkte seg. Der ein ofte såg for seg ein krigersk konge kom det ein fattig og vis vandringsmann. Og nettopp dette trur eg er viktig å få med seg i adventstida. Kristus er vandringsmannen; vi skal fylgja Han. Kristendommen er ikkje hovudsakleg intellektuell; den er framfor alt praktisk. Ola Tjørhom uttrykker det slik:

Kristen tro består ikke i å slutte seg til et sett med meninger. Kristen tro er først og fremst liv. (…) Som ganske mange kristne her til lands vokste også jeg opp med en forestilling om at det avgjørende er å ha Jesus i hjertet. Denne forestillingen ble ofte kombinert med en såkalt lønnkammerreligiøsitet, hvor personlig bibellesning og bønn utgjorde de sentrale bærebjelkene. Jeg vil i og for seg ikke bestride denne tankegangen — selvsagt er det viktig å ha Jesus i hjertet. Samtidig må jeg innrømme at den fungerte stadig dårligere for meg i praksis. Ikke nødvendigvis fordi det var noe galt med den. Men fordi den etter hvert ikke lot seg intgrere i det livet jeg faktisk levde. Og en fromhet som knapt kan leves ut, må sies å ha begrenset verdi.[1]

Adventstida er vandringstid; vi vandrar frå kvar ein verdsens krok fram mot Kristus. Og denne vandringa er i all hovudsak religiøs, rituell, liturgisk, tilbedande — ja, med andre ord: menneskeleg. Eg trur at adventstida har ein klar kristen ‘profil’ — i ei klar ikkje-sekulær ånd. Jula er på mange måtar enkel å sekularisere og kommersialisere. Det er festtid, glede, etc. Advent er på ein heilt annan måte vanskeleg å fange. Og det er kanskje difor at mange prøver å ‘utrydde’ den ved å la jula byrje tidlegare og tidlegare. Nei adventstida fortel oss noko som sekularismen anten har gløymt eller prøver å skjule; at vi ikkje berre er homo sapiens; det tenkande mennesket. Nei, vi er framfor alt homo adorans; det tilbedande mennesket. Dette omgrepet fann eg hjå den russisk-ortodokse teologen Alexander Schmemann. Eg lar han få ordet, frå artikkelen “Worship in A Secular Age”:

Secularism, I submit, is above all a negation of worship. I stress:—not of God’s existence, not of some kind of transcendence and therefore of some kind of religion. If secularism in theological terms is a heresy, it is primarily a heresy about man. It is the negation of man as a worshipping being, as homo adorans: the one for whom worship is the essential act which both “posits” his humanity and fulfills it. It is the rejection as ontologically and epistemologically “decisive,” of the words which “always, everywhere and for all” were the true “epiphany” of man’s relation to God to the world and to himself: “It is meet and right to sing of Thee, to bless Thee, to praise Thee, to give thanks to Thee, and to worship Thee in every place of Thy dominion…”[2]

Mennesket er fyrst og fremst tilbedande. Og den tilbedinga skal rettast mot Gud. “For i han er det vi lever og rører oss og er til.” (Apg 17,28) Men det er ikkje alltid vi lever opp til dette. Realiteten er at synda på mange måtar hindar oss i dette. På grunn av fallet og synda er vi, som Martin Luther sa det: ‘inkrøkt i oss sjølve.’ Vår natur som tilbedarar har difor ein tendens til å vere like innkrøkt; til å fokusere innover, mot oss sjølve.

Men for å ordne opp i dette kjem Kristus. Og ved at Gud laga ein kropp til Messias, og fordi Maria bar Han fram, og fordi Han — som den andre, lydige Adam — bar seg sjølv fram som eit lydig offer er vi vorte helga, vigsla, konsekrert til Gud. Ja alt dette har vi del i “ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.” Men dette offeret — som alle andre offer — er ikkje abstrakt; det er konkret. Og på same måte som israelittane vart frelst ut frå døden ved påskeofferet — inkludert ved å eta det — vert vi frelste ved Kristus. Ved at Han gav seg sjølv for oss på krossen — og ved at Han gjev oss del i dette kvar gong vi tek del i det heilage altarsakramentet. Der — når vi står framføre altaret — ser vi frelsa vår; at vi får konkret lov å ta imot Herren, og at vi på den måten vert vigsla, transformerte og får del i guddomleg natur. Difor vil eg no be ei kort bøn om åndeleg kommunion, med utgangspunkt i ei bøn eg fann her.

Kjære Gud, vi takkar deg i dag for den gåva du har gjeve oss i Kristus Jesus, Han som er sant nærverande i nattverdens heilage sakrament. Eg trur på deg, eg set mi von til deg, eg elskar deg. Lat ikkje noko skilja meg frå det heilage livet, lat mi lengt koma til syne som kjærleik til dei eg møter, lat meg snart få ta imot Kristus ved ditt altar, og lat alt leia fram til meir samfunn med deg — Fader og Son og Heilag Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Ola Tjørhom, Smak av himmel, lukt av jord: materialistisk spiritualitet. Oslo: Verbum 2005, s. 7.9

[2] Alexander Schmemann, “Worship in A Secular Age.” I: For the Life of the World: Sacraments and Orthodoxy. 2nd Expanded edition. Crestwood, NY.: SVS Press 1997, s. 118.

One comment on ““…men ein kropp laga du til meg”

  1. predikeren says:

    Takk!
    Dette er en tale til hjertet!
    Her løftes lyset og gleden opp i staken, så det skinner for alle i huset!

    Ville bare ønske deg en riktig god jul!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s