Sjå fram til det vesle barnet

Julaftan

I dag er det julaftan, men jula har ikkje byrja enno. Kl. Fem i kveld byrjar den, då er det vigilien til juledag. Men fram til då er vi framleis i adventstida. Difor har eg no eit lilla banner på bloggen. Eg vil difor minna folk om at dagen i dag kanskje bør setjast av til bøn; ein bør gå inn i seg sjølv å tenke på kva advent er for noko, og kva jula er for noko – i lys av advent. Kanskje vil ein då få eit litt anna perspektiv på jula enn det handelstanden prøver å kontruere. For dei vil gjerne at du ikkje skal tolke jula i lys av advent; då ville ein kanskje ikkje brukt heile desember til å handle julegåver. Som litt meditasjon kan ein kanskje lese denne artikkelen av Fr. Arnfinn Haram. Her er eit liten ’smakebit’: ”Den kyrkjelege julefeiringa har si førebuingstid i Advent; ei førebuing som faktisk mest fokuserer på Kristi atterkome ved historia si slutt. Då skjerpar ein seg.”

Deretter kan ein lese den fylgjande bibelteksten, Luk 1,67-79. Det er den nytestamentlege teksten for julaftan morgon i Den katolske kyrkja.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det fyrste kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Sakarja, far hans [døyparen Johannes], vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:
“Lova vere Herren, Israels Gud,
for han såg til sitt folk og har løyst det.
Han har reist for oss eit horn til frelse
i sin tenar Davids hus,
så som han lova frå gamle tider
ved munnen til sine heilage profetar:
å frelsa oss frå våre fiendar
og frå handa åt alle dei som hatar oss.
Han synte miskunn mot våre fedrar
og kom i hug den heilage pakta,
den eid han gav som lovnad
til Abraham, vår stamfar,
så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han
i reinleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.
Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
og læra folket hans å kjenna frelsa, at deira synder blir tilgjevne,
for vår Gud er rik på miskunn.
Og slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang
og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Og då passar det vel bra med ei bøn.[1] La oss difor be:

Miskunnsame, evige Gud, du som for vår frelse har late din einborne Son koma til verda, vi takkar deg fordi du i din trufaste kjærleik har oppfylla løfta til fedrane og velsigna menneskeætta med barnet Jesus Kristus. Vi bed deg: Gjev oss nåden åt din Heilage Ande så vi opnar hjartet vårt for ditt evige ljos, som i julenatta strålar fram for all verda, og i sann og heilag glede lovar og prisar deg for di useielege gåve. Ved denne Son din, Jesus Kristus, vår Herre. Amen.

Noter:

[1] Bøna er for julaftan vesper i boka La oss alle be: Norsk tidebønn. (Tilrettelagt av Agnar Sandvik. Oslo: Bønne- og arbeidsfellesskapet kirkelige fornyelse/Oremus 1998, s. 134.135) Eg har omsett bøna til nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s