Kyrkjeautoritet og Sola Scriptura

I dag, medan vi feirar ei høgtid som har historisk bakgrunn i Bibelen (Matt 1-2, Lukas 1-2, Joh 1), men som liturgisk sett ikkje står direkte nemnt der, tenkte eg det at det er på sin plass å ta opp spørsmålet om kyrkjeautoritet og Sola Scriptura, ‘Bibelen åleine.’ Vi kan byrje med å sitere Kristi ord til Peter, i Matt 16,18f:

“Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.” (NT05)

Spørsmålet er sjølvsagt; kva er meint med denne nøklemakta? Før eg går inn på det vil eg ta for meg ein tekst som har vorte brukt som ein profeti – eller i alle fall ein type – på det petrinske embetet; på paveembetet. Det er Jes 22:20-22:

Den dagen vil eg kalla på tenaren min, Eljakim, son til Hilkia. Eg skal lata han verta kledd i din kjortel, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for dei som bur i Jerusalem og for huset åt Juda. Eg legg nøkkelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal det ikkje latast att; og når han har lèt att, skal det ikkje latast opp.[1]

David kan seiast å vera ein type på Kristus; han var konge i Israel, Kristus er verdsens konge. (Eller ‘kongane sin konge,’ for å bruke eit velkjent omgrep.) Difor kan også Eljakim vera ein type på Peter. Han var ‘slottshovdingen’ åt David; han hadde overoppsyn med slottet (2Kong 18,18).[2] Han ser også ut til å ha vore prest (Neh 12,41). Dette er interessant. For Peter er då i ei liknande situasjon; for det fyrste er han slottshovding for Kristus. For det andre er han prest. Ein skal sjølvsagt ikkje dra for mange parallellar mellom det gamaltestamentlege og det nytestamentlege presteembetet, men levittane hadde mange av dei oppgåvene som er vorte gjeve til apostlane og personar som dei ordinerte; dei som vart sette inn i tenesta som prestar, biskopar og diakonar.

Tilbake til saka. Som vi ser av Matt 16 fekk Peter nøklemakta; makta til å binda og løysa. Har denne makta noko ekvivalent i jødisk tankeliv (bortsett frå den eventuelle profetien/typen i Eljakim)? I the Jewish Encyclopedia sin artikkel om binding og løysing ser vi at det er det:

The power of binding and loosing was always claimed by the Pharisees. Under Queen Alexandra, the Pharisees, says Josephus (“B J.” i, 5, § 2), “became the administrators of all public affairs so as to be empowered to banish and readmit whom they pleased, as well as to loose and to bind.” This does not mean that, as the learned men, they merely decided what, according to the Law, was forbidden or allowed, but that they possessed and exercised the power of tying or untying a thing by the spell of their divine authority, just as they could, by the power vested in them, pronounce and revoke an anathema upon a person.

Det mest interessante i artikkelen kjem likevel seinare, når dei skriv om NT:

In this sense Jesus, when appointing his disciples to be his successors, used the familiar formula (Matt. xvi. 19, xviii. 18). By these words he virtually invested them with the same authority as that which he found belonging to the scribes and Pharisees who “bind heavy burdens and lay them on men’s shoulders, but will not move them with one of their fingers”; that is, “loose them,” as they have the power to do (Matt. xxiii. 2-4). In the same sense, in the second epistle of Clement to James II. (“Clementine Homilies,” Introduction), Peter is represented as having appointed Clement as his successor, saying: “I communicate to him the power of binding and loosing so that, with respect to everything which he shall ordain in the earth, it shall be decreed in the heavens; for he shall bind what ought to be bound and loose what ought to be loosed as knowing the rule of the church.”

Kyrkja har altså ikkje berre retten til å dogmatisere; til å seie kva som er sant og ikkje i religiøse, filosofiske og moralske spørsmål. Ho kan også seie kva som er rett i høve til høgtidsdagar. Dette kan også underbyggjast vidare, slik eg ser det, ved å argumentere for at Kyrkja – som ein verdsvid familie – kan binda sine familiemedlammar til einskilde høgtider. Ville nokon t.d. seie at det er ‘autoritativt’ (negativt sett) å binde borna til å feire fødselsdagen til mor (eller omvend) eller å binde foreldra til å ta del i ein forballkamp som borna speler? Alt dette er høgtid for familien.

Men kvar har så dette med Sola Scriptura å gjere? Dersom Sola Scriptura vert forstått rett; ingenting. Problemet er at den sjeldan vert forstått rett. Ein bruker t.d. dette til å understreke at jul, påske, etc. er ‘ubibelsk’ fordi det ikkje står direkte i Bibelen at vi skal feira desse dagane. Men som vi ser oppfor; kyrkja fekk autoritet til å gjere dette. Spørsmålet om Sola Scriptura, som djupast sett er av hermeneutisk art, er: ‘Kan Skrifta nokon sinne stå ‘åleine’? Er ho sin eigen tolkar?’ Den rette forståinga av Sola Scriptura er, slik eg ser det, uttrykt best av Olav Fog:

Men i samme øjeblik, man siger skriften alene må man finde en tolkningsnøgle til at forstå skriften med, og det betyder, at skriften i virkeligheden alligevel ikke står alene. For så træder tolkningsnøglen jo til og bestemmer indholdet af skriften. Udtrykket sola scriptura betyder i virkeligheden — og det var også det, Luther mente — skriften og kirkens apostolske tro.[3]

Dersom vi er medvitne om vår horisont og våre erfaringar, så er kanskje ikkje Sola Scriptura ein dum ting å ta med seg. Men problemet er at mange har mista det katolske og apostoliske. (Det betyr ikkje nødvendigvis det romersk-katolske.) I Den nikenske truvedkjenninga vedkjenner vi jo at det er “éi heilag, katolsk og apostoliske kyrkje.” Difor må vi ta med oss dette inn i vår tolkingsnøkkel — vår forståingshorisont. Vi må halda fast på Kyrkja si heilage overlevering; Tradisjonen — det som har vorte tradert. Skrifta er jo når alt kjem til alt også tradert.

Problemet er at Sola Scriptura no — hovudsakleg på grunn av at ein ikkje er medviten sine eigne fordommar om teksten — enda opp som ‘det eg sjølv meiner Bibelen og kristendommen handlar om.’ Og Bibelen blir nesten heva opp til Jesu nivå. Men kristendommen er ikkje ein bokreligion på same måte som Islam. Vi er ikkje ‘boka sitt folk.’ Vi er ‘Kristi folk.’ Her trur eg det er viktig å sjå litt på kva kyrkja sjølv har lært oppetter historia. Og då kan vi sjå på Nikea II, det sjuande økumeniske konsilet (i 787). Der skreiv biskop Basilius av Ankyra:

Anathema to those who spurn the teachings of the holy Fathers and the tradition of the Catholic Church, taking as a pretext and making their own the arguments of Arius, Nestorius, Eutyches, and Dioscorus, that unless we were evidently taught by the Old and New Testaments, we should not follow the teachings of the holy Fathers and of the holy Ecumenical Synods, and the tradition of the Catholic Church.[4]

Dette er då altså frå eit økumenisk konsil som dei fleste lutherske teologar hevdar å fylgja. Dersom ein skal gjera det, må ein skjøna at Sola Scriptura er eit hermeneutisk grep, eit grep som er gjort i lys av den apostoliske overleveringa. Kanskje er dette grunnen til at den anglikanske GAFCON-konferansen — som m.a. består av ein god del evangelikale – nektar for at det femte, sjette og sjuande konsilet er autoritativt. Jerusalem-deklarasjonen deira seier: “Vi anerkjenner de fire økumeniske og de tre historiske trosbekjennelser som et uttrykk for en troens rettesnor for den ene hellige katolske og apostoliske kirke.”[5] Eg har enno ikkje funne nokon god grunn til at dei har gjort akkurat dette. Min teori — og dessverre ser den ut til å vere rett — er at dei heldt seg til dei tre fyrste konsila og forkastar (eller i det minste ikkje bind seg til) dei tre siste fordi dei er einige med dei fyrstnemnde og ikkje med dei sistnende.

Spørsmålet då vert sjølvsagt: Kvifor skal ein i det heile teke ha eit konsil dersom ein kan forkaste det om ein er ueinig? Og kva med Arius, Nestorius, etc? Kunne dei berre seie: ‘Nei, vi er ueinige,’ og så var argumentasjonen slutt? Kva argument har ein for å forkaste dei tre siste konsila utanom ‘eg er ueinig med dei’? Spørsmålet er altså om kva autoritet kyrkja har. Og kva autoritet Biblen har. Til det siste vil eg seie at Bibelen ikkje har eit fnugg av autoritet. Ein dødt objekt kan ikkje ha autoritet; berre levande personar kan ha autoritet. Eit skrift kan vera autoritativt, men ikkje ha autoritet. Kanskje kan vi seie at forholdet mellom Bibelen og kyrkja er omlag som forholdet mellom grunnlova og staten. Fyrstnemnde er ein autoritativ tekst. Sistenemnde har fått autoritet til å handheve og tolke teksten.

Då, som ei avslutting, kan vi sitere Paulus, frå 1Tim 3,14f:

“Dette skriv eg til deg, endå eg håpar å koma til deg om ikkje så lenge. Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.” (NT05)

Noter:[1] Eg har omsett teksten sjølv, med utgangspunkt i språkføringa til Bibelselskapet si omsetjing av 1978/85.

[2] ‘Overoppsyn’ er det omgrepet som er brukt i omsetjinga av 2Kong 18,18 i Bibelen — Guds Ord (Nesbyen: Bibelforlaget 2007). Eg synst det er eit godt ord som ironisk nok passar godt til det petrinske embetet sett frå katolsk side. For den katolske kyrkja seier jo nettopp at paven har ‘overoppsyn’ i Guds hus; i kyrkja.😉

[3] Olav Fog, “Mellem liberalisme og biblicisme.” RE-FORMATIO, 2/2003, s. 35

[4] Philip Schaff, The Seven Ecumenical Councils. A select biography of the Nicene and Post-Nicene Fathers, Second series, Vol. 14. Edited by Philip Schaff & Henry Wace. Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library, 2005, s. 763. Lenke til pdf-fil. [Henta: 03.09.2008]

[5] DagenMagazinet, 2. juli 2008

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s