Og jula varar heilt til påske…

Kristi openberringssundag/2. sundag etter jul

I dag er det 2. sundag etter jul i Den katolske kyrkja (Dkk), medan det i Den norske kyrkja (Dnk) er Kristi openberringsdag. (Etter mitt skjøn burde ein i Dkk heller kalla dagen for 2. sundag i juletida.) Eg vil i dag ta tak i tekstane til både Dkk og Dnk, då desse har eit særst samanfallande tema. (Kristi openberringsdag er eigentleg på fyrstkommande onsdag (6. januar), men i Dnk har ein flytta den til den næraste sundagen.) Tekstane for Dkk er Sir 24,1-4.12-16; Ef 1,3-6.15-18 og Joh 1,1-18 (evt. 1-5.9-14). Tekstane for Dnk er Sal 72,8-17; 1Tim 3,14-16 og Luk 2,41-52.

Eg skal ikkje sitere tekstane i dag, men vil heller skrive nokre tankar om dei.

Som tittelen på dette innlegget fortel oss, vil eg i dag gå inn på forholdet mellom jul og påske. Som vi syng i ein ‘klassisk’ julesong: “Nå er det jul igjen, og nå er det jul igjen, og jula varer helt til påske. Men det er ikke sant, nei, det er ikke sant, for innimellom kommer fasten.” I dag ignorerer eg siste del av den songen, og tek for meg påstanden om at ‘jula varar heilt til påske.’ For teologisk sett stemmer dette særs bra. Men det hadde kanskje vore betre å sunge: “No er det Maria bodskapsdag igjen, og no er det Maria bodskapsdag igjen, og Maria bodskapsdag varar heilt til påske…” For det vi feirar i jula startar eigentleg i mars; i feiringa av engelen Gabriel sitt møte med Maria, slik vi les om det i Lukasevangeliet sitt fyrste kapitel. “Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!” Slik introduserte engelen seg til Maria (Luk 1,28) Og etter denne introduksjonen fekk Maria beskjed om at ho var utvalt til å føda eit barn, ein son — Frelsaren. Og kva svara ho til dette? Jo, ho svara: “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” (Luk 1,38) Eller som ein teolog ein gong skal ha gong sa det: “Madonna said: ‘Papa, don’t preach’. The Madonna said: ‘Let it be done to me according to your will’.”

Men kva er eigentleg poenget her? Dagens evangelietekst i Dnk er historia om Kristus som kjem bort frå foreldra sine, og som vert funnen att i templet. Den byrjar slik, i Luk 4,41f: “Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.” For kva var eigentleg denne hendinga? Dersom vi ser på tema for Dnk i dag kan vi seie at denne hendinga openberra noko av kva og kven Kristus er. Då foreldra fann hann att i templet, og Maria la ut om kor bekymra ho hadde vore, sa Kristus: “Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?” (v.48f) Det står at dei ikkje skjøna dette, men at Maria “gøymde alt dette i hjarta sitt.” (v. 51)

Den dagen i templet openberra Kristus noko viktig; Han kalla Gud for sin ‘Far.’ Dette omgrepet var ikkje uvanleg, med det er klart at det her tydde noko viktig. For når Kristus seinare brukte denne nemninga ville jødane steina Han. Kristus openberra kven Han var, og Han openberra dette i templet — i påsketida. Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå heile signifikansen til dette. Det som har slått meg i det siste er at påsken ikkje var avhengig av eit tempel. Påsken hadde frå dag éin vore ei ‘familiehøgtid’ som vart forretta av husfaren. Ein slakta sjølvsagt dyr til påsken i templet, men ein kunne feira påske utan templet. Men det var eit offer ein måtte ha eit tempel for å gjere; Yom Kippur — den store soningsdagen.[1] Med hendinga i templet kan de sjå ut som at Kristus sameinier desse. Kanskje legg eg for mykje i teksten, men i ein andakt er det lov å spekulere.

Dette vert kanskje ekstra interessant dersom ein ser på kyrkja sin liturgi. Nattverden har klare påskekonnotasjonar; kvar gong ein feirar eukaristien feirar ein ei ‘minipåske.’ “For vårt påskelam er slakta, Kristus,” skriv Paulus. “Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.” (1Kor 5,7b-8) Men det er også klare element av Yom Kippur i liturgien. Teologen Margaret Barker har påpeikt at mykje av nattverdsliturgien har utgangspunkt i Yom Kippur. Ho skriv:

Despite the apparently clear accounts of the Eucharist in the Synoptic Gospels, there are many problems as to its true origin and significance. The Passover is the least likely context as this was the one sacrifice not offered by a priest (m.Yoma 5.6), and the earliest tradition remembers Jesus as the great High Priest. The words of institution known to the evangelists (Matt. 26.26-28; Mark 14.22-24; Luke 22.14-20) and Paul (1Cor. 11.23-26) indicate as their context the priestly sacrifice of the Eternal Covenant, in other words, the Day of Atonement. The position of the Christian altar in a church building, beyond the boundary between earth and heaven, shows that it derived from the kapporet in the Holy of holies, the place where the Atonement blood was offered.

Even though Paul knew Christ as the paschal lamb (1 Cor. 5.7), he had also been taught that his death was ‘for our sins in accordance with the scriptures’ (1 Cor. 15.3). This indicates that the earliest interpretation of the death of Jesus was based on the fourth Servant Song, which, in the form known at Qumran, depicts a suffering Messiah figure who bears the sins of others (1QIsaa 52.13-53.12). He was the High Priest who sprinkled the atonement blood (Isa. 52.15) and was himself the sacrifice (Isa. 53.10). A similar expectation is found in Peter’s temple sermon; the Servant, the Author of life, was about to return from heaven bringing ‘times of refreshing’ (Acts 3.13-21). Again, these texts indicate that the original understanding of the death of Jesus was the renewal of the Eternal Covenant on the Day of Atonement.[2]

Ho held så fram med å seie at “[the] original context of the Eucharist should sought in the Day of Atonement, when the High Priest took the blood into the holy of holies and then returned to complete the rite of atonement and renewal.”[3]

Ho har eit godt poeng, men eg trur ho går litt langt. Slik eg ser det, er det betre at ein ser på eukaristien som samanfattinga og sameininga av påsken og Yom Kippur — samt alle dei andre ofra i den gamle pakta. Frå no av trengde ein ikkje å ofra, men ein hadde eit evigt offer — eit offer ein no kunne nyta fruktene av til evig tid.

Dette er viktig å understreke no på Kristi openberringsdag. For denne openberringa handlar om alt; om Hans komme i morslivet, om livet Hans, om gjerningane Hans, om lidinga Hans, om døden Hans, om oppstoda Hans, om himmelfarten Hans. Kort sagt; om Kristus sjølv — husfar og lam; prest og syndoffer. Men det viktigaste er nok kanskje ikkje å påpeike kva Han var, men kvifor. Kvifor kom Han til jorda? Og kvifor openberra Han seg for oss?

Svaret er kort og greit: Han kom for å forsona oss med Gud; for igjen å gje oss fellesskap med Gud — Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Men dette handlar om meir enn ein ‘redningsaksjon.’ Frelsa sin natur finn vi i 2Pet 1,4. Der står det at vi, ved Gud lovnader og ved Kristus, skal få “del i guddomleg natur.” Dette er grunnen til at Ordet vart menneske. “Det av vårt som Kristus ikkje har teke opp i seg som sitt, det har han heller ikkje frelst.” Slik heiter det i ei klassisk formulering.[4] Dette guddomleggjeringsmotivet er heilt sentralt i kristen teologi. Den tyske teologen Wolfhart Pannenberg skriv at dette motivet “determined … the whole history of Christology in the ancient church. In its main line of development, deification was thought of as the consequence of the incarnation, thus of the movement from God to man.”[5]

Som det heiter hjå kyrkjefaderen Athanasius: “[Ordet] tok opp i seg det menneskelege så vi kunne verta guddomleggjorte.” (De incarnatione 54)[6] Det er viktig å påpeike at dette ikkje handlar om panteisme e.l. Det er snakk om at vi får del i Guds liv. Eit godt bilete i denne samanhengen er jernet som vert handsama i elden. Elden sameinar seg med jernet, men dei er likevel fråskilde. Jernet får del i enkelte av elden sine eigenskapar — varme, lys, etc. — men vert likevel ikkje eld av natur. På same måte kan vi seie at vi får del i enkelte av Guds eigenskapar, utan at vi dermed sluttar å vera menneske. (Faktisk kan vi kanskje seie at vi gjennom denne sameininga vert sanne menneske.)

Ved inkarnasjonen — ikjøtinga — fekk Kristus del i same natur som oss, og dermed kan vi få verta Guds born. (Joh 1,12f) Eg trur Kristus seier det best sjølv: “Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt.” (Joh 17,22-23a)

Dersom Kristus berre var Gud, har ikkje inkarnasjonen noko direkte effekt på vår frelse. Og dersom han berre var menneske, har vi ikkje noko håp om frelse, og inkarnasjonen vert redusert til ingenting. Som det heiter hjå Paulus, i 2Kor 8,9: “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] For nokre tankar omkring Kristus og Yom Kippur, les denne posten.

[2] Margaret Barker, “Parousia and Liturgy,” s. 1-2 (pdf-fil). (Excursus in The Revelation of Jesus Christ. Edinburgh: T&T Clark 2000, s. 373-388.)

[3] Ibid.

[4] Sjå Oskar Skarsaune, Inkarnasjonen — myte eller faktum? Oslo: Lunde 1988, s. 103 og Svein Rise, Kristologi i kontekst. Kompendium for kristendomskunnskap, KME 201. Bergen: NLA 2005, s. 22

[5] Wolfharft Pannenberg, Jesus — God and Man. Second Edition. Translated by Lewis L. Wilkins and Duane A. Priebe. Philadelphia: The Westminster Press 1977, s. 39-40

[6] Athanasius, On the Incarnation. The treatise De Incarnatione Verbi Dei. Translated and edited by A Religious of C.S.M.V. With an Introduction by C.S. Lewis. New revised edition. Crestwood, N.Y.: SVS Press 1996, s. 93. Omsett til norsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s