Embetssyn (og messeoffer?)

For ei tid tilbake las eg ein tekst av Dag Øivind Østereng omkring apostolisk kristendom. I prekenhåndboka 13.05.2008 i DagenMagazinet tok han for seg misjonsbodet. ”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda,” sa Kristus til apostlane. ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” (Matt 28, 18-20) Dette tok altså Østereng utgangspunkt i, og skreiv:

Befalingen gis (…) ikke generelt ut til en udefinert skare av Jesus-tilhengere, men til apostlene, slik at oppdraget fra første stund skulle ha apostolisk karakter og orden. Misjon (sendelse), dåp og opplæring skal derfor skje med apostolisk autorisasjon, eller som vår lutherske bekjennelse uttrykker det, med rett kall. (…) Dette forteller oss at sakramentene (her: dåp og nattverd) er overgitt kirken som fellesskap til ordnet forvaltning og ikke til generell skalting og valting. (…) Et kristenliv på siden av gudstjenestelivet og enhet i det sakramentale liv som er betrodd kirken gjennom en apostolisk ordnet tjeneste, er et liv som kommer i konflikt med befalingen.

Til dette kom det eit svar frå Per Bergene Holm (i Norges Kommentar Avis; som ikkje ser ut til å vera medlemmar i AMO.) ”Menigheten er i fellesskap overgitt Guds ord og sakramentene til forvaltning,” skriv Holm, ”og det betyr ikke en egen geistlig embetsstand, men menigheten med sitt allmenne prestedømme.” Det eg skal ta for meg her, er hovudsakleg embetssynet. Men fyrst vil eg kort kommentere kva forhold embetet har til eukaristien. I fylgje Hl. Kyprian av Kartago (i engelsk omsetjing) er dette liturgen si oppgåve:

For if Jesus Christ, our Lord and God, is Himself the chief priest of God the Father, and has first offered Himself a sacrifice to the Father, and has commanded this to be done in commemoration of Himself, certainly that priest truly discharges the office of Christ, who imitates that which Christ did; and he then offers a true and full sacrifice in the Church to God the Father, when he proceeds to offer it according to what he sees Christ Himself to have offered.[1]

Men på kva mate? Ved å ofra Han opp att? Nei, som det står i kompendiet til Den katolske kyrkja si katekisme: ”[The sacrament of Holy Orders] is the sacrament through which the mission entrusted by Christ to his apostles continues to be exercised in the Church until the end of time.” (§ 322) ”Orders designates an ecclesial body into which one enters by means of a special consecration (ordination). Through a special gift of the Holy Spirit, this sacrament enables the ordained to exercise a sacred power in the name and with the authority of Christ for the service of the People of God.” (§ 323) Men ein seier ikkje at ein skal ofre Kristus. Det står at dei skal bere Hans offer — Han sjølv — fram. Kva då med det Holm skreiv; at forvaltinga av sakramenta er gjeve ”menigheten med sitt allmenne prestedømme”? Det ålmenne prestedømet, les vi, er insett til å bera fram kyrkje sine eigne, åndelege offer. (1Pet 2, 5-9) Men dersom ein då blandar dette saman med embetstanken, vil ein ikkje då enda opp med ei messeofferlære omlag slik som den ein meiner at Den katolske har? Den katolske kyrkja lærer ikkje det mange trur. Ironien her er at dei som argumenterer imot denne påståtte læra fører den inn att igjen bakdøra, berre lausrive frå embetet. Så; over til embetet.

Det fyrste eg vil seie er at ressonnementet til Holm ikkje held vatn logisk sett. Han seier at Guds ord og sakramenta er gjeve til kyrkja i fellesskap, og så seier han at det då fylgjer at dette ikkje er gjeve til ”en egen geistlig embetsstand, men menigheten med sitt allmenne prestedømme.” Men dette stemmer berre dersom ‘kyrkja i fellesskap’ står i motsetnad til eit høgkyrkjeleg embetssyn. Men kvifor kan det ikkje bety at Gud har gjeve kyrkja som fellesskap eit stand som har som oppgåve å forvalta dette? Som det står i CA 5: ”For at vi skal koma til denne trua[2] er det skipa ei teneste med å læra evangeliet og gje sakramenta.”[3] Det er ingenting i vegen for at Gud kan skipa eit embete; ei teneste der ein lærer evangeliet og forvaltar sakramenta. Dette finn vi hint til i Skrifta. Paulus seier at vi skal sjå på han, og dei med liknande apostelteneste, ”som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium.” (1Kor 4,1) Og vidare ser vi at apostlane fekk forsoningstenesta (Joh 20, 21-23). Denne skriv også Paulus om, i 2Kor 5, 17-20:

Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! (Mine uthevingar)

At vi har eit embetsstand ser vi også ut frå dei tidlege apostoliske tekstane, mellom anna breva til Hl. Ignatius av Antiokia. ”Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden,” skriv han til kyrkjelyden i Smyrna. ”Den nattverd som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt, skal ein halda for gyldig. Der kor biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der kor Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate verken å døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.” (IgnSmyr 8 )[4] Dette kjem også klart fram i NT:

Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk. De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk! (1Tess 5,13f)

Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk. (Hebr 13,17)

Avsluttande vil eg seie at påstanden om at vi ikkje har, eller skal ha, eit eige embete til det eg har skrive om vert feil, både bibelsk og historisk.

Noter:[1] Epistolae 62:14. I: Philip Schaff, Fathers of the Third Century: Hippolytus, Cyprian, Caius, Novatian. Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library 2004, s. 642 (674). Lenke til PDF-fil (07.03.2009)

Sjå også i: Fr Timothy Finigan, Sacred and Great. Traditional Liturgy in a Modern Parish, 2008. Lenke til PDF-fil (02.03.2009)

[2] Altså trua på rettferdgjeringa, jf. CA 4.

[3] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 49

[4] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1997, s. 67. Omsett til nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s