God kyndelsmesse!

I dag feirar ein kyndelsmesse i Den katolske kyrkja — og i ei rekke andre kyrkjesamfunn. Denne høgtidsdagen vert kvart år feira på 2. februar og markerar at det er den førtiande dagen etter Herrens fødsel (25. desember).[1] Det som skjedde den dagen var at Kristus vart boren fram i templet for å helgast etter ein peiode der mora (Hl. Maria) hadde vore gjennom den reinsingsprosessen som vert kravd i moselova (3Mos 12,1-8). Men før vi går vidare må vi sjå på dagens tekstar. Dei er Mal 3,1-4 (eller Hebr 2,14-18) og Luk 2,22-40. Eg skal ikkje sitere tekstane, men eg vil tilrå folk om å lese dei.[2] (Berre trykk på versa.) Det interessante med kyndelsmessa[3] er dei implikasjonane vi ser i dagens evangelietekst. Eg vil her fokusere på det eg meiner eg ‘essensen’ i teksten; lovsongen til Simeon, v. 29-32:

“Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort ferdig for åsynet åt alle folk,
eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.”

Simeon levde i vona om at det ein gong skulle koma ein frelsar; ein mann som skulle vera eit “lys til openberring for heidningane” og “til ære for [Guds folk], Israel.” Det eg vil fokusere på i dag er lyset — som også passar godt saman med namnet ‘kyndelsmesse’ (lysmesse). Kristus, Messias skulle vera eit “lys til openberring for heidningane.” Det fyrste eg ser for meg når eg høyrer dette uttrykket er bøn. Grunnen til det er at eg har vorte så van med å syngja lovsongen til Simeon — om enn i bokmålsk språkdrakt — kvar gong eg ber kveldsbøn eller completorium. Og eg trur ikkje denne assosiasjonen er dum. For det er nettopp i bøna at Kristi lys kjem til oss. Han nyttar seg ikkje av flomlys, lommelykt eller faklar. Nei, Han gjev oss lyset på innsida. [Kanskje er det her eg bør fortelje ein dårleg vits: Veit du kva lys Noa hadde på arken? Flomlys vel!]

Ein vidare assosiasjon til lys er Gud sjølv. Hl. Jakob skriv: “All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.” (Jak 1,17) Hjå Gud finn vi ikkje forandring eller skiftande skuggar. For å få ein skugge må vi ha eit lys. Men i sjølve lyset — i Gud sjølv — vil ein ikkje finna skuggar. Vidare trur eg at når vi seier at Gud er lys så seier vi samstundes at Han er god. Får lyset er — og vil alltid vere — ein metafor på det gode. På same måte som mørkret berre er negasjonen av lyset er det vonde berre negasjonen av det gode. Pøv t.d. å lage ei ‘mørkepære.’

Vidare er det kanskje sola som står klarast i sinnet når eg høyrer ordet ‘lys.’ Sola er varmekjelda vår; ho gjev varme slik at vi kan leve. For meg er det ikkje rart at folk har ein tendens til å tilbe henne. For det kan virke som at ho held fast på nøkkelen til liv og død: For lite av ho – og du døyr. For mykje av ho – og du døyr. Men i Bibelen vert ho og månen kalla “dei to store ljosa.” (1Mos 1,16) Men dette hindrar ikkje Bibelen i å bruke solmetaforen. Den oppstadne sola er Gud — Kristus. “Men for dykk som har age for mitt namn,” seier Herren, “skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger.” (Mal 4,2a) Og vi kan gå Han i møte ved å venda blikket fram mot altaret; mot aust og mot Herren som kjem til oss under skapnaden åt brød og vin. Då vil eg sitere Jes 60,1 slik den kjem fram i Nos 917.[4]

Reis deg i ljos, sjå, ditt ljos kjem, halleluja; og Herrens herlegdom renn opp over deg. Halleluja.

La oss be:
Allmektige Gud, vi takkar for den frelsa du gav oss då du sende oss Kristus, eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel. Vi bed deg: Hald oss oppe i ei sann tru til det evige livet og gjev oss del i di frelse. Det bed vi deg ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.

Noter:

[1] Sidan ein etter gamal skikk reknar med den dagen ein er på når ein reknar dagar så er det no førti dagar sidan juledag.

[2] Om eg hadde brukt denne teksten i ein andakt eller i ei preike ville eg teke med tekstane.

[3] Ordet ‘kyndelsmesse’ kjem av lat. candela (vokslys). Les meir om kyndelmessa her.

[4] Vi song denne i kveld (på bokmål) då eg var på kyndelsmesse i St. Paul i Bergen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s