Vi skal sjå Hans guddomlege velde

Kristi forklåringsdag

I Den katolske kyrkja (Dkk) feirar ein 5. sundag i det akminnelege kyrkjeåret. I Den norske kyrkja (Dnk) feirar vi Kristi forklåringsdag.[1] Tekstane for dagen (Dnk) er 2Mos 3,1-6; 2Pet 1,16-18; og Joh 17,1-8. Eg skal ikkje sitere alle tekstane, berre epistelen og evangelieteksten.

Det står skrive i apostelen Peter sitt andre brev i det fyrste kapitlet.

16 For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. 17 For han fekk ære og herlegdom frå Gud, vår Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» 18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

Det står skrive hjå evangelisten Johannes i det syttande kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa: «Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til. 6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. 7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Herre.

Hovudbodskapen på Kristi forklåringsdag er at vi ein dag skal sjå Kristus som Han er. Kristus ber Faderen: “Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.” Denne herlegdomen var det Peter sa at han var eit augnevitne til. Eg trur det Peter viser til er Kristi forklaring — eller transfigurasjon — på Taborfjellet. Den teksten som er ‘mest vanleg’ i slik samanheng — der ein les om Kristi forklåring — finn ein mellom anna i Matt 17,1, der det står at Kristus vart forklåra for augo på Peter, Jakob og Johannes. Det står at Han vart “forvandla for auga deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.” Dette er ikkje ‘småtterier’, og dagens lesetekst frå GTset eit ‘ekstra guddommeleg preg’ på det heile. Det er historia om Moses og den brennande buska. Og nettopp her møtte Moses Gud. Ikkje på same måte som ein møter Gud i Kristus, men ein smakebit.

Forklåringa fortel oss at Kristus ikkje berre er eit menneske, Han er Gud, Herren. Dei tre læresveinane opplevde altså eit konkret, nærast lekamleggjort møte med det guddomlege. Dette handlar om ein materiell, inkarnatorisk spiritualitet. For det er netopp gjennom inkarnasjonen at mennesket får del i det evige ljoset. Johannes skriv: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1,14)

Ola Breivega skriv:

Til liks med dei fleste av dei greske kyrkjefedrane som har tala om forklåringi, lærer [Gregorios Palamas] at den mystiske opplevingi er uskapt og guddomleg. Det ljoset læresveinane såg på berget, høyrer Gud til av natur. Æveleg, uendeleg, tidlaust og romlaust kjem dette ljoset til synes i gudsopenberringane i Det gamle testamentet som Guds herlegdom (sjekinah). Med inkarnasjonen vert det guddomlege ljoset so å seia konsentrert i Kristus, for «i han bur heile guddomsfylla lekamleg» (Kol 2,9). Dette tolkar den ortodokse tradisjonen soleis at Kristi menneskenatur vart guddomleggjord gjennon den hypostatiske (personlege) sameiningi med den guddomlege naturen — og at Kristus under heile sitt jordeliv alltid stråla i guddomleg ljos. Men dei fleste av samtidingane hans kunne ikkje sjå det. Med Kristus hende det ingenting under forklåringi. Men det hende noko med læresveinane hans, med medvitet deira, so dei ei liti stund vart i stand til å sjå sin Herre og Meister slik han verkeleg var, strålande i sin guddomsnaturs ævelege ljos.[2]

Ved Kristus, og i Heilaganden, vert menneskenaturen lyfta opp; herleggjort, heilaggjort, frelst, og gjeve “del i guddomleg natur.” (2Pet 1,4) “Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel,” skriv Paulus, “vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.” (2Kor 3,18 ) Kristus er verdas ljos (Joh 8,12) — og gjennom Hans omlagande ljos får vi del i Guds liv. Ja, som Johannes seier det: “Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.” (Joh 1,16-18 )

Men det mest interessante med denne dagen er at den herlegdomen som Kristus prata om — og som vi, gjennom kommunion med Han, og dermed med Den treeinige Gud, kan ta del i — er så tett knytt til krossen. Dagens evangelietekst er i Kristi øvsteprestelege bøn; den bøna Kristus ba rett før Han vart arrestert. Poenget, trur eg, er at det som verka som eit tapt og eit nederlag, og ikkje mist ei stor skam viste seg å vere eit vinn, ein siger — og ein stor herlegdom. Og ikkje minst — kulminasjonen av vår frelse.

La oss be:
Gud, du som ved vitnemålet åt fedrane har stadfesta løyndomane åt trua i den herlege forklåringa åt din einborne Son, og som ved røysta som gjekk ut frå den lysande skya på underfull måte føreåt forkynte vår fullkomne utkåring som born: unn oss i nåde at vi må verta medarvingar med sjølve herlegdomens Konge og få del i den same herlegdomen. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg lever og råder, i eining med Den Heilage Ande, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[3]

Noter:

[1] Denne dagen feirar ein 6. august i Dkk. Eg skulle eigentleg ynskt at ein også gjorde det i Dnk. Eg skjønar ikkje heilt poenget med at Dnk heile tida skal vere annleis.

[2] Ola Breivega, Austanljos: Glimtar av ortodoks kristentru. Bergen: Norsk bokreiingslag 1994, s. 43

[3] Kyrkjebøn for Kristi forkåringsdag for den gamle latinske messa, delvis redigert og omsett til nynorsk. (Messeboken — Missale Romanum. Latin og norsk. Oslo katolske bispedømme 1961, s. 969)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s