Kom Heilag Ande til oss ned!

I den nikenske truvedkjenninga (Nikenum) vedkjenner vi trua på “Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande[1], som går ut frå Faderen [og Sonen], som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennom profetane.”[2] Difor er det viktig å ikkje gløyma han i liturgien.

I ein ‘økumenisk kommentar’ til den nikenske truvedkjenninga står det:

Den Hellige Ånd påkalles i bønn og tilbedelse på samme måte som Faderen og Sønnen. Vi vedkjenner oss at vi ikke kan gjøre noe uten Åndens nærvær og velsignelse. Denne holdning viser seg for eksempel ved påkallelsen av Ånden (epiklese) i forbindelse med de sakramentale handlinger. Når Ånden kan “tilbes og æres sammen med Faderen og Sønnen”, betyr det at vår tilbedelse alltid retter seg mot den treenige Gud, uansett hvilken person i guddommen vi påkaller. Ettersom Gud kommer til oss gjennom Den Hellige Ånd, må våre bønner være i tråd med åpenbaringen av Gud slik vi kjenner den i Skriften. Sann bønn er både tilbedelse av den treenige Gud og forbønn for verden og medmennesker.[3]

All tilbeding skal og må vera til Den treeinige Gud. Men eg trur likevel at vi kan seie at dei forskjellige personane har forskjellige ‘plassar’ i vår tilbeding. Ein vanleg måte å seie dette på, er at vi vender oss mot Faderen, ved Sonen, i Den Heilage Ande. Og dette trur eg er den forma vi bør ha hovudfokus på. Vi kan sjølvsagt be til Kristus eller til Heilaganden også, men eg trur at den forma som er skissert oppfor, bør vera den forma som står i vårt fokus. Og eg trur også at dette er Heilagandens ‘funksjon.’

Her kan det vera til hjelp å tenka på ei formulering mange unge kristne er velkjent med; WWJD? — What would Jesus do? Dette spørsmålet er viktig å spørja seg. For vi er faktisk kalla til å gjera det som Jesus gjorde. Vi er kalla til å imitera Han. Og i Bibelen ser vi at Kristus, som er Gud, aldri ‘gjekk til verks’ åleine, separert frå Faderen og Anden. I Hebrearbrevet, t.d. les vi at Kristus “i kraft av ein evig Ande” har “bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.” (Hebr 9,14)[4]

I dette mønsteret finn vi vår eigen tilbeding, vår liturgi. Vi skal gje oss sjølve til Faderen i Anden. Paulus formanar oss om å “bera fram kroppen [vår] som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera [vår] åndelege gudsteneste.” (Rom 12,1) Peter formanar oss om å verta “eit heilagt presteskap [som ber] fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.” (1Pet 2,5) I Hebrearbrevet står det: “Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.” (Hebr 13,15)

Vi ber altså alle ofra våre, tilbedinga vår, liksom Kristus, “i kraft av ein evig Ande.” I §1104-05 av Den katolske kyrkja si katekisme står det:

Den kristne liturgi minner ikke bare om de begivenheter som frelste oss, den gjør dem levende og nærværende. Kristi påskemysterium feires, det gjentas ikke; det er de liturgiske feiringer som gjentas, og i hver av dem utgydes Den Hellige Ånd som gjør det ene mysterium levende.

Epiklesen (“nedkallelsen over”) er den bønn hvor presten bønnfaller Faderen om å sende Den Helliggjørende Ånd slik at offergavene blir Kristi legeme og blod, og de troende som mottar dem, selv blir en levende offergave til Gud.

Eg trur også det er dette Paulus var inne på då han skreiv om forholdet mellom ‘Anden’ og ‘kjøtet.’ Han skriv: “Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever etter Anden, traktar etter det som høyrer Anden til.” (Rom 8,5f) “Den som sår i sitt eige kjøt og blod, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.” (Gal 6,8 ) Dette handlar ikkje om ein kamp mellom det sjelelege og det kroppslege, men om kven vi fokuserar på. Fokuserar vi innover, så lever vi ‘etter kjøtet.’ Fokuserar vi utover mot Den andre, mot Gud, så lever vi ‘etter Anden.’ Det er dette kristenlivet handlar om. Det handlar om sann tilbeding — ortodoksi — der vi gjev oss sjølv, der vi, liksom Kristus, ber fram kroppen som eit levande offer for Gud, “i kraft av ein evig Ande.”

Amen. Ja kom, Du Heilage Ande!

Noter:[1] I den greske teksten står det eigentleg ‘levandegjerar’ (gr. ζωοποιόν; zåopoión). (Sjå den greske teksten til Nikenum og Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 24, n. 5)

[2] Brunvoll 1979, s. 24

[3] Trosbekjennelsen i vår tid. En økumenisk kommentar til den nikenske trosbekjennelse. Utarbeidet av NTSF. Norges kristne råds skriftserie nr 4. Oslo 2001, s. 13-14. Lenke til pdf-fil. (16.11.2008 )

[3] For GT-sitat bruker eg NO 78/85. For NT-sitat bruker eg NT05. For fleire referansar til forholdet mellom dei guddomlege personane, sjå Joh 5,21-23, Op 4,2-6, m.fl.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s