Evangeliet

For ei tid tilbake kom eg over dette uttrykket om eukaristien;[1] at den var ‘evangeliet til kroppen.’ Eg er trur eg tolkar dette annleis enn visse andre ville ha gjort; og dette trur eg har bakgrunn i kva ein meiner om evangeliet. Her fylgjer nokre små tankar omkring dette.

I det fyrste verset i Romarbrevet les vi at Paulus definerer seg sjølv som “Jesu Kristi tenar (gr. δοῦλος), kalla som apostel, utskild for Guds evangelium.”[2] For Paulus var evangeliet sjølve kjerna i tenesta han. Men kva er evangeliet?

Ofte — og kanskje er det den moderne tanken at ‘the medium is the message’ som lurer bak — virkar det som om folk ikkje skil evangeliet som beskjed/middel frå evangeliet sitt konkrete innhald. Eg må innrømme at den lutherske tanken om at evangeliet har ein konkret virkning på deg når du les er fin, men at den kan takast for langt. Når å lese ordet vert like viktig som innhaldet har det gått litt langt.

Eg meiner også at ein slik tanke om evangeliet vert for snever. Dersom eg hadde sagt: “Eg har gode nyhende; eg har vunne i lotto”[3] så er ikkje poenget at eg har gode nyhende. Nei, poenget er innhaldet i nyhendene; lottogevinsten. Det same gjeld for evangeliet. Dersom dei fyrste kristne sa “vi har gode nyhende”[4] så trur eg det netopp var innhaldet som var i fokus.

Og kva er innhaldet? Eg trur at hovudfokuset — og dette trur eg kanskje gjeld spesielt for dei johanneiske og paulinske skriftene — er dette: Jesus Kristus, komen i kjøt. Og dette, seier Paulus, må vi ta del i. Dette, over alt, er kanskje hans hovudsak.[5]

For meg vert difor eukaristien som ‘evangeliet til kroppen’ særs interessant. For, gjeven ei tru på realpresensen, virkar det som at dette avslører eit spesielt syn på evangeliet — eit syn som eg langt på veg deler: at evangeliet er meir enn berre ‘forteljinga’ om kva Jesus gjorde; det er sjølve realiteten. “Evangeliet til kroppen” ville då kunne seias slik: “Evangeliets sanne innhald til kroppen.” Evangeliet fortel oss at vi vert frelse ved Kristi blod (Hebr 9,32; 13,12, etc.). Og dette, fortel Kristus oss (Matt 26,28), vert konkret gjeve oss i eukaristien.

Er dette ein fruktbar måte å sjå på evangeliet? Eg meiner det, og eg trur at ein slikt syn gjer det enklare å forstå kva Paulus skriv om i Rom 15,1fb-16 (mi omsetjing):

[Gud har gjeve meg ein nåde] til å vera Kristi Jesu liturg[6] for heidningane og gjera offerprestteneste[7] med Guds evangelium, så heidningane kan verta eit hugnadleg offer, helga ved den Heilage Ande.

Noter:[1] Eukaristien er nattverden. Eller snarare innhaldet i nattverden; Kristus gjeve til oss under skapnaden åt brød og vin.

[2] Dette er mi eiga omsetjing. Eg har bygd på NT05, men har valt litt annleis enn einskilde stader. Eg har valt ‘utskild’ i staden for ‘utvald,’ då dette ordet betyr å ‘skilje frå.’ Dette passar også saman med det hebraiske heilagdomstanken. Det som er vigsla for Gud er skild ut for han.

[3] Som om det nokon sinne kjem til å skje. Og ein må jo kanskje også spele lotto for å vinne…😉

[4] Evangelium kjem jo av gr. εὐαγγέλιον (evangelion), ‘godt nytt.’

[5] For å lese litt meir om dette vil eg anbefale Taylor Marshall sin blogg om Paulus sin katolisitet.

[6] λειτουργὸν (leiturgòn), ‘tenar, liturg.’

[7] ἱερουργοῦντα (hierurgunta), ein verbform av substantivet ἱερεύς (hierevs), ‘offerprest.’

One comment on “Evangeliet

  1. Harald says:

    Spennende tanker, Kjetil!

    Jeg brukte selv uttrykket “The medium is the message” om nattverden i en preken for ikke så lenge siden. Da var det nettopp slik jeg tenkte, at evangeliet og inkarnasjonsteologien og nattverden er uløselig forbundet med hverandre.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s