Krossen

For nokre dagar sidan kom eg over ein andakt i bladet Evangelisten.[1] Der tok Johnn Hardang — tidlegare rektor ved Bibelskulen på Bildøy og noverande radiopastor i P7 Kristen Riksradio — opp Matt 16,13-26. Fyrste la han ut om at Kristus til dette punktet hadde lært læresveinane at han var den salva kongen; Messias. Men frå no av byrja han å lære dei opp i kva dette bar med seg. “Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for disiplane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.” (Matt 16,21) Dette er eit interessant poeng. Men det viktigaste i Hardang sin andakt er hans utlegging av dette verset, samt v. 24-26: “Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?”

Hardang skriv at Kristus her snakkar om to krossar: Kristi kross — som han kallar for ‘stedfortrederens kors’[2] — og vår kross — som han kallar for ‘etterfylgjarens kross.’ Men eg trur han tek feil. Eg trur ar det er meir korrekt å snakke om éin kross; Kristi kross, som vi tek del i. Kristus lærer oss at vi har del i han, og Paulus fortel oss at vi har del i Kristus. Vert det ikkje då betre å seie at det finst berre éin kross: Kristi — og at vi er ‘deltakarar’ i den krossen når vi tek opp vår kross? Eg let Paulus få siste ordet: “Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.” (Gal 2,19b-20)

Noter:

[1] “De to kors” av Johnn Hardang. (Evangelisten, nr. 5, 15. mars 2010)

[2] Det finst ikkje noko god omsetjing av ordet ‘stedfortreder’ på nynorsk. (‘Stadfortredar’ er ikkje nynorsk.) Bokmål har fleire (eller i det minste andre) substantiv enn nynorsk, og på nynorsk er ein nødt til å bruke eit verb. (“Kristus døydde/leid i vår stad.”) Sjølv meiner eg det er betre; det får betre fram at dette er noko som vert gjort — ikkje berre ein slags tilstand.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s