Eukatastrofen

Maria bodskapsdag

Eg skal ikkje skrive noko lang andakt i dag, men vil berre skrive ned nokre korte tankar for å minne folk om at vi i dag feirar Maria bodskapsdag; Herrens komme i kjøt. Jula varar heilt til påske; Ordet vart ikkje kjøt i jula, men ni månadar seinare. Dette feirar ein i dag — på dagen ni månadar før jul. Men det stoppar ikkje der. Etter tradisjonen lærer vi at Kristus også vart krossfest på denne dagen — at Ordet døydde på den dagen det kom inn i verda. På katolsk.no står det:

Fastleggingen av datoen 25. mars kan synes å være enkel hoderegning: Ni måneder før 25. desember, Jesu fødselsdag. Men denne forklaringen er misvisende, for feiringen på denne datoen stammer fra en jødekristen overlevering. Først menes med 25. mars Vårjevndøgn, når dag og natt er like lange, som vi vanligvis legger til 21. mars. Etter denne tradisjonen blir denne dato angitt som dagen for verdens skapelse. Omkring overgangen mellom 100- og 200-tallet anså man i Roma og Nord-Afrika denne dagen som Jesu dødsdag. På denne dagen skjedde den nye skapelse, det vil si Jesu Kristi død på korset. Augustin skriver at samme dag skjedde også Inkarnasjonen, at Gud ble menneske (det vil si Jesu unnfangelse). Fra denne tradisjonen utviklet feiringen av Inkarnasjonen og den tilhørende Bebudelsen seg den 25. mars. Ut fra denne datoen beregnet man deretter nøyaktig ni måneder til Jesu fødsel, altså den 25. desember. I følge denne tradisjonen ble altså julen beregnet ut fra Bebudelsen, og ikke omvendt.

Ein tenker seg altså at inkarnasjonen skapinga, nyskapinga og utfriinga skjedde på same dato, og for å forklare dette vidare vil eg ta utgangspunkt i eit ord som Tolkien ofte brukte; ‘eucatastrophy.’ Dette var det motsette av ein katastrofe, og eit litterært grep ein kunne sjå i mange forskjellige eventyr. (Tolkien gav berre grepet eit namn.) I eventyr er det ofte slik at folk kjem opp i store vanskar, men så skjer det noko uventa eller noko som dei hadde gjeve opp håpet på — og alt vart snudd om, frå katastrofe til ‘eukatastrofe.’

Kristus er ikkje ein Guds ‘plan B,’ og i fylgje Tradisjonen (kanskje spesielt i austleg-ortodoks samanheng) legg ein vekt på at skapinga vart fullendt i Inkarnasjonen, at denne var påtenkt frå byrjinga av. Altså er Inkarnasjonen — det som skjedde då Maria fekk bod frå engelen — skapinga sin ‘eukatastrofe.’ Deretter har vi oppstoda, som er ‘eukatastrofen’ til det som skjedde i Inkarnasjonen, då noko uventa skjedde, Kristus stod opp igjen. Tolkien skreiv:

[T]his story has entered History and the primary world; the desire and aspiration of sub-creation has been raised to the fulfillment of Creation. The Birth of Christ is the eucatastrophe of Man’s history. The Resurrection is the eucatastrophe of the Incarnation. This story begins and ends in joy. It has pre-eminently the “inner consistency of reality.” There is no tale ever told that men would rather find was true, and none which so many skeptical men have accepted as true on its own merits. For the Art of it has the supremely convincing tone of Primary Art, that is, of Creation. To reject it leads either to sadness or to wrath.

Då vil eg til slutt nemne at i Ringdrotten (Ringenes Herre) falt Sauron (Saurons torn) på 25. mars.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet så no og alltid og i all æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s