Carissimi og Anglicanorum coetibus

I fjor haust vart det gjort kjent at Den katolske kyrkja har opna opp for at anglikanarar – ikkje berre individuelt, men i ‘flokk’ – no kan komme inn i kommunion med Rom, samstundes som dei får ta vare på si anglikanske arv; den vakre liturgien, gifte geistlege, etc.[1] Dette har eg skrive litt om før, men vil no ta opp eit spørsmål som eg så vidt var innom i den teksten. Eg skreiv der: “Vi håpar no på at vi kan få ei ordning gjennom Carissimi, men eg trur ikkje vi skal venta for mykje.” Spørsmålet mitt no, er: burde vi ikkje søkt Rom om dette sjølv?

I handlingsprogrammet til Carissimi står det:

Carissimis målsetting er at det skal være kirkerettslig mulig å stå i tjeneste i Den norske kirke på grunnlag av en klassisk kristen bekjennelse. Mislykkes Carissimi i dette, eller kirkens lederskap og menigheter umuliggjør dette, ser Carissimi det slik at grunnlaget for tjeneste i samsvar med ordinasjonsløftet og videre medlemskap i Den norske kirke ikke lenger er til stede. Resultatet kan da bli et kall til kollektivt oppbrudd og exodus, hvor vi ser oss nødt til å anbefale Den norske kirkes medlemmer å søke fellesskap der kirkens apostoliske kjennetegn er tydeligere bevart.

Det same har lenge vore handlingsprogrammet for Forward in Faith (FiF); ei anglikansk rørsle som kan skildrast som ein slags hybrid av Carissimi og Kyrkjeleg fornying (KF), ein høgkyrkjeleg bøne- og arbeidsfellesskap.[2] Men dei sende, saman med the Traditional Anglican Communion (TAC), eit brev til Den katolske kyrkja der dei bad om ei løysing som gjorde at dei kunne halda på sin integritet og på sin tradisjon – men ikkje i motsetnad til Rom. Og dei fekk svar. Spørsmålet mitt er no: burde ikkje Carissimi gjere det same?

Noter:

[1] Her finn du Anglicanorum coetibus

[2] Før 2001 var KF for medlemmar av Den norske kyrkja, og var difor meir samanliknber med FiF, som er ‘eksklusiv’ anglikansk/episkopal. No er KF ei økumenisk rørsle.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s