Han tok eit brød…

Skjærtorsdag

I kveld feirar vi skjærtorsdag til minne om det siste måltidet til Kristu og apostlane hans før han gjekk til lidinga si. Men offeret starta ikkje på krossen. Offeret starta då Kristus vart unnfanga i Maria sitt morsliv. Men kulminasjonen skjedde i påska då Kristus var omlag trettitre år. Men denne kulminasjonen skjedde ikkje berre på krossen – Kristi offer starta i den øvre salen, under påskemåltidet, og vart kulminert på krossen då Kristus drakk av eddikvinen, og sa: “Det er fullført!” (Joh 19,30)

Tekstane for dagen, i Den norske kyrkja, er Jes 53,1-5; 1Kor 11,23-26[27-29]; og Joh 13,1-15. Eg skal ikkje ta for meg dei tekstane; men heller reflektere litt over kva skjærtorsdag er for noko, med utgangspunkt i ein av dei salmane som vart sunge under påskemåltidet. Det står skrive i Salmane, Salme 116:

12 Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg? 13 Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn. 14 Eg vil halda mine lovnader til Herren for augo på heile hans folk. 15 Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr. 16 Å, Herre, eg er din tenar, din tenar og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Den salmen eg tek for meg i dag er del av den salmesamlinga ein song under påskemåltidet. Meir spesifikt er dette, når ein velsigna den fjerde kalken. I påskemåltidet skulle ein velsigna fire beger. Det siste begeret er det begeret Kristus og apostlane drakk av under den fyrste eukaristifeiringa, og som Kristus brukte i innsetjinga av nattverden, eukaristien. Denne kalken skulle komma rett etter de tredje, og hadde utgangspunkt i den. Den tredje kalken, som ein kalla for velsigningskalken, skulle ikkje drikkast opp — i fylgje Jan Rantrud — men den skulle etterfyllast, og velsignast på nytt. Då vart den til frelseskalken. ”Velsignings-kalken som vi velsignar,” spør Paulus, ”gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet.” (1Kor 10,16f)

Men poenget mitt i dag er å reflektere litt over kva skjærtorsdag er for noko, med utgangspunkt salmeversa frå Salme 116. Vi kan sjå for oss Kristus — som leia måltidet — syngja denne; og kanskje appliserte han denne salmen på seg sjølv. La oss sjå på versa, kvar for seg.

“Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg?” (v.12)

Her kan vi sjå for oss Kristus kontemplere det han har å takke for. Korleis, spør han, kan eg takka Gud — kva skal han gje tilbake til Herren? Dette er eit viktig spørsmål, spesielt for ein jøde. I denne samanhengen kan det vere på sin plass å sjå på kva slags salme denne Salme 116 er. I jødisk og kristen tradisjon vert denne salmen presentert som ein takkesalme; ein toda-salme.[1] Og i ein viktig toda-tekst, Salme 50,14f står det:

“Ber ditt takkoffer fram for Gud,
gjev Den Høgste det du har lova!
Kall på meg den dag du er i naud,
så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.”

Toda-offeret var eit offer som ein kunne ofra til Gud dersom Han hadde fria deg ut frå ei stor fare. (Sjå her.) I salmeverset står det at vi skal kalla på Gud når vi er i naud. Då vil han fria oss ut — og vi skal prisa Han, takka Han, påkalla Hans namn. Men denne praksisen døydde ikkje ut med Det gamle testamentet og Den gamle pakta.

I eit jødiske skrift om sabbatar og festdagar står dei ei interessant tekst; i Piska 9,12 — om ofra frå den gamle pakta:

And when ye sacrifice a sacrifice of thanksgiving unto the Lord—you will continue to offer it [even in the time-to-come] when you have all that delights you[2] (Lev. 22:29). R. Phineas, R. Levi, and R. Johanan citing R. Menahem of Gallia said: In the time-to-come all offerings will cease,[3] except the thank offering which will never cease. All prayers will cease, except the prayer of thanksgiving which will never cease. Hence it is written of the time-to-come The voice of joy and the voice of gladness, the voice of the bridegroom and the voice of the bride, the voice of them that say: “Give thanks to the Lord of Hosts, for He is good, for His mercy endureth for ever” (Jer. 33:11): these are prayers of thanksgiving; and of them that bring offerings of thanksgiving into the house of the Lord (ibid.): these are thank offerings. So, too, David said: Thy vows are upon me, O God (Ps. 56:13). He did not go on to say, “I will render a thank offering” but I will render thank offerings unto Thee (ibid.), a statement which intimates that both thanksgiving and thank offering will be rendered [in the time-to-come].[4]

Vi ser her at i den messianske tidsalderen — som eg trur vi er inne i no — vil alle ofra og bønene opphøyra, men takkofferet og takkebønene vil aldri opphøyra. Men meir om det seinare.

“Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn.” (v.13)

Her ser vi kva Kristus gjorde; han lyfta frelsesstaupet – frelseskalken – og kalla på Herrens namn. I Matt 26,27f les vi:

Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: “Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.”

I liturgien ber vi Heilaganden koma ned på gåvene våre — brødet og vinen. “Velsigna oss med all Andens velsigning. Helga ved din Ande dette brødet og denne vinen, jorda og arbeidet sine frukter at dei på ditt ord og din lovnad må bli vår Herre Jesu lekam og blod, han som baud oss å feira dette måltidet.” Og i offertoriet ber vi Gud om å ta imot vårt takkoffer i brød og vin. “Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet vi ber fram for deg, ei frukt av jorda og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød.” Og: “Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke den vinen vi ber fram for deg, ei frukt av vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert frelseskalken.”

Men signifikansen her er større; frelseskalken var ikkje berre eit takkoffer — det var også teiknet på Kristi liding og død. “Far,” bad Kristus medan han sveitta blod i Getsemane, “kan ikkje dette begeret gå meg forbi, men må eg tømma det, så lat viljen din råda.” (Matt 26,42) Frelseskalken var bitter. Slik eg ser det er frelseskalken det same som er identifisert som vreidekalken i GT. “Ta dette staupet med vreidevin or mi hand,” seier Herren, “og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det!” (Jer 25,15) Eller Jes 51,17:

Vakna, vakna
og reis deg, Jerusalem,
du som laut drikka
det vreidestaupet
som du fekk av Herrens hand,
og tøma til botnar
den skåla som gjorde deg ør!

Kristus tok den vreidekalken vi skulle ha, men han lyfta den opp i takksemd til Gud — og transformerte den til eit takkoffer.

“Eg vil halda mine lovnader til Herren for augo på heile hans folk.” (v.14)

I Salme 50,14f les vi: “Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste det du har lova! Kall på meg den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.” Todaen er ikkje eit offer ein ofrar for å verta frelst, eller for å rettferdiggjera seg sjølv; det er offeret for den som allereie er frelst, den som allereie er fria ut av farene. Eller bøna til den som ynskjer å verta fria ut. Den mest direkte linken til dette i NT finn vi i Hebrearbrevet: “Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.” (Hebr 13,15) “The todah sacrifice,” skriv Stephen Pimentel, “was offered by a person whose life had been redeemed or delivered from a great danger. The person who had been delivered would express his gratitude to God by celebrating a sacrificial meal with family and friends. A priest would normally sacrifice a lamb and consecrate bread in the temple. The meat and bread would then be brought home for the meal, along with wine.”[5] Lovnaden til Kristus var at han skulle gå i døden; at han skulle tømma vreidekalken for oss.

“Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr.” (v.15)

Dette verset har ein dobbel klangbotn; for det fyrste kan vi seie at Gud hat vondt av folk sine lidingar — han ynskjer ikkje at folk skal døy. Men verset kan også fortelja oss at det er dyrebart når ein person dør i Herrens venskap — at han har levd i pakt med Gud. Dette verset har også ein ekstra stor klangbotn for Kristus, som gjorde seg klar til å dø.

“Å, Herre, eg er din tenar, din tenar og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer.” (v.16)

Kristus var sonen til Guds trælkvinne; Maria. Heile denne salmen osar kristologi. Men kva er vel kristoogi dersom ein ikkje tek omyn til antropologien — til mennesket. For eg trur at det er viktig å sjå på vår deltaking i nattverden. Når vi minnast Kristi offer — når vi tek del i det — frå vi del i Kristus sjølv. For offeret hans er evigvarande — og det er ikkje noko anna enn han sjølv. Vi les i Hebr 8 at Kristus “[gjer] teneste i heilagdomen, i det sanne møteteltet, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.” Og vidare, at ein øvsteprest “blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.” (v. 2.3) Det er på bakgrunn av dette at vi er frelst — og det er difor vi feirer messe der vi får del i vår Herre sin heilage lekam og Hans dyre blod. Men det er også viktig å presisere at messa har eit anna offeraspekt, nemleg våre offer, som vi gjev til Gud ved Kristus.

I Rom 12,1, formanar Paulus oss om å “bera fram lekamen [vår] til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera [vår] åndelege gudsteneste.” Lekamen vert i Bibelen ofte brukt om heile mennesket. Paulus formanar oss altså om å ofre våre liv, alle våre gjerningar til Gud, slik at dei vert fullkommengjorde — og realiserte — i Kristus, i Gud. Paulus seier; “arbeid på dykkar frelse med otte og age.” Men han legg så til: “For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.” (Fil 2,12.13)

Peter kallar oss til å vera “eit heilagt presteskap [som] ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.” (1Pet 2,5) Her ser vi klart at vi er kalla til å bera fram offer, ved Kristus. “Den gode nyhet,” skriv den katolske forfattaren Scott Hahn, “er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer. I messen forener vi vårt offer med hans, og denne foreningen gjør vårt offer fullkomment.”[6] Men kva er eigentleg eit ‘åndeleg offer’? Står det i motsetning til bruk av det materielle? Nei, det trur eg ikkje. Eg trur at ‘åndelege offer’ kan forståast på mange måtar, her gjev eg tre: (1) Offera våre er ikkje lenger knytt til ein fysisk stad, t.d Jerusalem, men skal ofrast til Gud i “ånd og sanning” (Joh 4,20-24). (2) Offeret er knytt til fornufta, og til sanninga. Det er ikkje noko vi finn på fordi det er hyggeleg. Vi ofrar til Gud fordi vi trur Han er den éine, sanne Gud. (3) Ofra er ikkje gjort ved eigen kraft, men ved Heilagandens hjelp, Han som omlagar oss til urbiletet, “frå herlegdom til herlegdom.” (2Kor 3,17-18 )

Måten vi gjer dette i messa, er ved å bere fram offergåvene — brød og vin (og vatn) — som, i fylgje liturgien, “ei frukt av jorda/vintreet og av menneska sitt arbeid.” I offertoriet, der vi ber fram vår takkebøn, vår eukaristi, ber vi Gud ta imot våre offer, vår ‘åndelege gudsteneste,’ og fullkommengjere den ved Jesus Kristus. “Alt for Jesu fot jeg legger, alt hva jeg her kaller mitt.” Slik syng vi i ein velkjent song. Er det ikkje nettopp det, vi gjer i offertoriet? Vi gjev av vårt, vår overflod — brød og vin (og vatn) — for at Kristus skal ta imot det, fullkommengjere det, og ved det fullkommengjere oss. Vi er kalla til å vedkjenna Kristus, men dette skal vi ikkje berre gjere ved ord, men også i handling, som er frukta av trua (jmf. Jak 2,vi gjer i offertoriet? Vi gjev av vårt, vår overflod — brød og vin (og vatn) — for at Kristus skal ta imot det, fullkommengjere det, og ved det fullkommengjere oss. Vi er kalla til å vedkjenna Kristus, men dette skal vi ikkje berre gjere ved ord, men også i handling, som er frukta av trua (jmf. Jak 2,14-26).

Ved Kristi offer, gjeve oss i nattverden, får vi del i frelsa, og utan at vi tar del i det, kan vi ikkje leva. “For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.” (1Kor 5,7f)

La oss be:

Herre Jesus Kristus, vi takkar deg fordi du har sett inn den heilage nattverden, der du gjev oss din lekam og ditt blod til forlating for syndene, og sameinar oss med deg og di kyrkje i himmelen og på jorda. Gjev oss å ta imot desse gåvene rett og dagleg veksa i tru, von og kjærleik, til vi samlast hjå deg i ditt fullkomne rike, du som med Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[7]

Noter:

[1] På hebraisk er ‘takk’ toda; תדה.

[2] I ei fotnote (nr. 57) til dette står det:

JV: Ye shall sacrifice it that ye may be accepted. But liresonkem, “that ye may be accepted,” may also be rendered “when you have all that delights you.” Inasmuch as the sacrifice of thanksgiving had already been ordained in Lev. 7:12, the commentator contrues its repetition in Lev. 22:29 as intimating that the sacrifice of thanksgiving will continue in the time-to-com. See also Yefeh to’ar on Lev. Rabbah 9:7.

[3] I ei fotnote (nr. 59) til dette står det:

Offerings to atone for sins, which in time-to-come will not be commited.

[4] Pesikta De-Rab Kahana. R. Kahana’s Compilation of Discourses for Sabbaths and Festal Days. Translated from Hebrew and Arameic by William G. Braude and Israel J. Kapstein. London: Routledge & Kegan Paul 1975, s. 183-184. (ISBN: 0710082215)

[5] Stephen Pimentel, “The Todah Sacrifice as Pattern for the Eucharist.” Inside the Vatican 16, no. 3 (2008), s. 44-47. [Henta: 01.04.2010]

[6] Scott Hahn, Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden. Oslo: St. Olav 2007, s. 129

[7] Kollektbøn for skjærtorsdag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 195)

One comment on “Han tok eit brød…

  1. […] Det fylgjande er i stor grad ein lettare redigert reproduksjon av skjærtorsdagsinnlegget eg skreiv i 2010. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s