Du Guds Lam uskuldig, i hel på krossen slegen

Langfredag / Den gode fredagen

I dag minnast vi Den gode fredagen; langfredag — den dagen tilværet atter vart oppretta, dagen åt nyskapinga. Eg skal ikkje skrive mykje, men vil berre skrive ned nokre tankar. Dagens tekstar finn de her (Den katolske kyrkja/Dkk) og her (Den norske kyrkja/Dnk). Eg vil i dag ta for meg tekstane i Dkk. Dei er Jes 52,13-53,12; Hebr 4,14-16; 5,7-9; og Joh 18,1-19,42. I Den katolske kyrkja sin langfredagsliturgi inneheld alltid tre delar: (1) Feiringa av Herrens liding; (2) tilbedinga av krossen; og (3) den heilage kommunionen. Eg vil i dag skrive ned nokre korte tankar, ut frå desse tre delane. Eg skal i dag berre ta for meg epistelteksten (frå Hebrearbrevet). Men fyrst, lat oss be:

Herre, kom i hug di miskunn, helga tenarane dine og stell dei under ditt vern. For deim innstifta Kristus, Son din, påska sitt mysterium gjennom sitt blod, han som lever og råder fra æve til æve. Amen.[1]

Lat oss høyra Herrens ord. Det står skrive i brevet til Hebrearane i det 4. og 5. kapitlet:

4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og nåde til hjelp i rette tid… 5,7 Då Jesus levde som menneske, bad han i naud med høge rop og tårer til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig. 8 Endå han var Son, lærde han lydnad ved å lida. 9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han.

Det fyrste vi skal gjere, sett frå langfredagsliturgiens perspektiv, er å feira Herrens liding. Dette må ikkje misforståast; ingen skal feira eit justismord. Men for oss vart verdas største synd — gudsdrapet — ei kjelde til fornying og nytt liv. Det fyrste vi må påpeike er at krossfestinga ikkje handlar om at Gud tømmer sin vreide ut over Sonen. Det handlar om meir enn krossen. Eg meiner at denne type ‘torturreligion’ ikkje tek inkarnasjonen på alvor. Døden på krossen handlar ikkje om at Kristus døydde for at vi skulle sleppe unna — eller for at Faderen skulle få nokon å tømme sin vreide ut over. Nei, det handlar om at han døydde for å transformera vår død. I Kristus vert døden ein vinning, som Paulus seier. Poenget med krossen må — ja, det må! — forståast i lys av inkarnasjonen, ikjøtinga. Paulus skriv at Kristus “for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.” (2Kor 8,9) Dette handlar ikkje om rikdom i pengar, det er ein metafor. Gud vart menneske, og levde som menneske, slik at vi kan få del i det guddomlege, slik at vi kan få “del i guddomleg natur” (2Pet 1,4). Eller slik Johannes seier det: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1,14)

Kristi lydnad til døden handla altså ikkje om krossen i og for seg. For at vi skulle få “del i guddomleg natur,” så måtte Gud verta menneske og leve som menneske og på den måten herleggjere og ta opp i seg alt det menneskelege. Eit fundamentalt prinsipp som ligg bak inkarnasjonstanken er ideen om at det menneskelege som ikkje er teke opp i Kristus heller ikkje er frelst.

Kristus er Guds Lam, som ber bort synda i verda. Og ved han vert vi del i Guds hjord; ved at vi dør frå oss sjølve ved Kristi død, og slik får stå opp med han til eit nytt liv. “Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden,” skriv Paulus. “Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.” (Rom 6,4f)

Men vi les også at vi skal tilbe krossen. Betyr dette at vi skal byrje med avgudar? Nei, ’tilbe’ er her brukt i ein litt rund form. Det er heller slik at vi ærar krossen, fordi Kristus vann oss der. Krossen er kulminasjonen av inkarnasjonen; staden der Kristus fullende sitt verk — å dra oss til han. “Og når eg blir lyft opp frå jorda,” sa Kristus, “skal eg dra alle til meg.” (Joh 12,32) Krossen — ein skittent, romersk torturreiskap — viser oss fullnade av Guds kjærleik. Anselm Grün skriv:

Når jeg ser på Jesus, og ser hvordan han henger og dør, med armene strakt ut, da føler jeg meg betingelsesløst elsket. I dypet av hjertet vet jeg at Jesus døde for meg. Han sparte ikke seg selv. Han ga alt på korset. Der åpnet han seg for meg. De utstrakte armene hans er en invitasjon til meg. Jeg kan gjemme meg i kjærligheten hans. Når jeg kneler foran korset, behøver jeg ikke å anklage meg selv. Da er det stille i hjertet mitt. Jeg vet at alt er bra. Alt er omfattet av kjærligheten hans.[2]

“Du Guds Lam uskuldig, i hel på krossen slegen.” Slik syng vi det i ein gammal salme. Gud vart slått i hel av menneska. Han gjekk gjennom den menneskelege erfaring for å transformere den — for å gje oss del i det guddomlege, gje oss del i guddomleg natur — gjera oss til Guds born.

Men korleis vert dette gjeve oss? Her må vi sjå på den tredje delen av langfredagsliturgien; kommunionen. For det er nettopp i eukaristien — og i dåpen — vi får del i dette, på konkret, handfast vis. I nattverdsliturgien seier presten, rett før kommunionen: “Sjå det Guds Lam, som ber bort synda i verda. Sæle er dei som er innbudne til Lammets bryllaup.” (Dette er basert på Joh 1,29 og Åp 19,9.) Dette er ein klar referanse til påskelammet i Exodus. (Les kap. 12,5-11 for ein gjennomgong av kva israelittane måtte gjera når dei skulle feira påske for Herren.)

Det viktige her er å leggje merke til kva som vart gjort med påskelammet, som er ein type på Kristus. Det står fyrst at dei måtte slakta det (v.6). Dette ser vi klart i Kristi krossoffer, der Kristus leid i vår stad, for vår skuld. Dette aspektet vert det fokusert mykje på, i alle kristne leirar. Deretter står det at dei måtte stryka litt av blodet frå lammet på dørstolpane og dørbjelken . (v.7) Dette finn vi også igjen i Kristus, slik Paulus påpeiker i Ef 1,7a: “I han [Kristus] har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene.” Begge desse aspekta, døden og blodet, finn vi igjen i alle kristne leirar. Men så dett mange av. For det neste aspektet ser det ut som om mange har gløymt.

For i v. 8 les vi at israelittane måtte eta påskelammet; noko vi no får del i ved nattverden. Der finn vi vår frelse. Der har vi del i Kristus. Del i hans offer. Del i fruktene frå krosstreet; frå livsens tre. Som det står i ei hymne til del heilage krossen:

Sæle kross, me no vår Frelsar hyller i din høge stamn; dine bjelkar óg me helsar, båten som ber Jesu namn. Blod av Lammet hev du drukke, det er hav og himmelhamn.

Sjå opp på krossen for der ser vi verkeleg korleis Gud er. Der hang Gud — slått, piska, håna, audmjuka — utan å slå tilbake. Sjå opp mot krossen — mot disk og nattverdskalk — og du vil sjå di frelse. Lat oss be:

Allmektige, evige Gud, du har nyskapt oss ved Kristi sæle død og oppstode. Vara oss i di miskunns verk, så vi får del i dette mysteriet og lever i stadig kjærleik til deg. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[3]

Noter:

[1] Kyrkjebøna 1 for langfredag, omsett til litt arkaisk nynorsk.

[2] sAnselm Grün, Jesusbilder. Oversatt av Torun Nordgård. Oslo: Verbum 2004, s. 148

[3] Basert på sluttbøna for langfredag.

One comment on “Du Guds Lam uskuldig, i hel på krossen slegen

  1. […] Høgtider, Kyrkjeåret/andaktar | Merkelappar: faste, påske, påskeaftan | Leave a Comment  I går skreiv eg at Den gode fredagen, langfredag var “den dagen tilværet atter vart oppretta, […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s