Kviledag….

I går skreiv eg at Den gode fredagen, langfredag var “den dagen tilværet atter vart oppretta, dagen åt nyskapinga.” Som eg påpeika i teksten på Maria bodskapsdag, såg ein tradisjonelt sett (i alle fall biletleg) på 25. mars som den datoen verda vart skapt. Og ein meinte at det i tillegg var den datoen Maria vart med barn, og den datoen — nokre og tredve år seinare — at Kristus vart krossfest. (Og, for dei som er like nerd som meg, den dagen tårnet til Sauron fall i Ringdrotten.) Langfredag var dagen då Gud skapte verda ved sitt Ord; ved sitt inkarnerte Ord.

Men kva då med laurdagen? Kva er den? I Gen 2,2 les vi: “Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette.” Han kvilte etter den fyrste skapinga. Og vi trur at Kristus kvilte i grava etter den andre; etter nyskapinga. For å parafrasere Gen 2,2:

“Den sjuande dagen hadde Jesus Kristus,
vår Herre, fullført heile sitt verk. Så kvilte
Han den sjuande dagen etter at han
hadde gjort alt dette.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Hans Holbein. The Body of the Dead Christ in the Tomb., 1521. (Olga’s Gallery)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s