Jødestjerner og muslimar

Det er ikkje alltid at eg støttar FrP, men her gjer eg det. Dagbladet melder at leiar i Oslo FrP, Christian Tybring-Gjedde oppmodar muslimar til å bere ei jødestjerne for å markere jødeutryddinga. Men i god, gammal tabloid stil klarar avisa å uttrykke noko heilt anna enn det Tybring-Gjedde sa. “Leder av Oslo Frp, Christian Tybring-Gjedde, foreslår at muslimske skoleelever skal bære David-stjerne for å markere jødeutryddelsen” står det. Men han har ikkje sagt eit ord om at dei skal gå med David-stjerne. Ei David-stjerne ser slik ut:

Shoaib Sultan, generalsekretær i Islamsk Råd, seier: “Forslaget om å bære David-stjerne i solidaritet kan vurderes når Tybring-Gjedde foreslår en tilsvarende obligatorisk markering for hijaben.” Men dette vert berre dumt, og det er ikkje det Tybring-Gjedde har oppmoda om. Han oppmodar ikkje muslimar eller andre om å gå med ei David-stjerne, men ei jødestjerne, som er ein nazistisk fabrikasjon. Den ser slik ut:

Det er noko heilt anna enn å be dei gå med ei David-stjerne. Han ber ikkje muslimar om å bruke noko som symboliserer jødisk religion eller staten Israel, men noko som symboliserar solidaritet med dei jødane som vart forfylgde og drepne i massar av Hitler-Tyskland.

Men det ville vel kanskje ikkje skapt så mykje furore, og Dagbaldet hadde ikkje kunna utnytta det.

2 comments on “Jødestjerner og muslimar

  1. Andreas says:

    Men hvorfor oppfordrer han muslimer spesielt til å gjøre dette?

  2. Eg hadde viste gløymt å legge til ei lenke til sjølve saka, det er no oppretta. Ut frå dei sitata som Dagbaldet legg fram ser det ikkje ut til at han berre ber muslimar gjere dette. Dagbladet skriv at Tybring-Gjedde “mener at skolene i Norge bør innføre én dag i året der elevene kan lære om holocaust og jødenes historie.” Legg merke til den generelle termen ‘elevene.’ Vidare seier Tybring-Gjedde sjølv:

    “For å vise at man mener noe med løftet om å bekjempe mobbing av jødiske barn, bør man bære et merke eller et symbol som viser det. Da mener jeg en jødestjerne kan være et godt symbol.”

    Dette er ei generell oppfordring til alle, ikkje berre til muslimar. Dagbladet har derimot gjort dette til ei ‘Frp-politikar seier noko dumt i høve til Islam’-sak. For det fyrste ser det ikkje ut til at han berre oppmodar muslimar, men alle (dvs. alle skuleborn) å gjer dette. Vidare har han ikkje sagt at ein skal bruke ei Davidstjerne — som er Israel sin offisielle ‘logo.’ Nei, han oppmodar dei til å bruke ei jødestjerne, som er ei nazistisk oppfinning som alle jødar måtte gå med. Dette for å lære om holocaust og historien til jødane — og for å vise sympati med dei jødane som vart forfylgde av Nazi-Tyskland.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s