Kristus tilbake på Stiklestad

Via Vårt Land

Eg hugsar så vidt tilbake til då eg var sju år, og såg Olav-spelet på Stiklestad.[1] Men dei siste åra har både Odin og Kristus glimta med sitt fråver. I 2007 skreiv NRK om dette, og sa at regissør Stein Winge hadde omarbeida stykket kraftig. “Vi har gjort spelet mindre religiøst og heller prøvd å få handlingen til å flyte hele tiden,” sa Winge. “I tillegg har vi satt noen spørsmålstegn ved miraklene Kong Olav gjorde. De var på daværende tidspunkt ikke hellige, men har blitt det i etterkant.” Winge har heller ikkje teke den norske heidenskapen på alvor, seier Paul Ottar Haga. Men no har ein endra regissør til Bentein Baardson. “Jeg er uhyre spent på hvordan stykket er blitt i Bentein Baardsons versjon,” seier Haga. “De tre siste årene, i Stein Winges regi, ble hverken den kristne budskapet eller den hedenske troen tatt på alvor. Vi fikk ikke frem brytningene i tiden, vi fikk ikke frem viktigheten av kong Olav. Man skjønte ikke hva stykket handlet om. Det ble bare tull.”

Heile poenget med stykket var nettopp brytinga mellom kristentrua og den norrøne heidendomen. Å strippe dei for dette vert omlag som å fjerne kjærleikshistoria frå Romeo og Julie, for å ‘få fram kampen mellom familiane.’ Spørsmålet er vel ikkje berre historisk, men kva som var intensjonen til Olav Gullvåg då han opphavleg skreiv spelet. Dette er eit kristent spel. Som dåverande fungerande biskop i Nidaros, Knut Andresen, sa det til NRK i 2007:

Hvis han [Winge] lager et spel som historisk skal avgrenses til det som skjedde der og da så er det jo krig og maktkamp det handler om. Men spelets innhold har vært at man har fortolket det som har skjedd i ettertid. Og det er jo fortolkningen som er interessant og det er der det kristne innholder kommer fram.

Noter:

[1] Eg hugsar godt at ein kamerat av meg vart skuffa då vi ikkje fekk sjå sjølve slaget.😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s