Andens openberringsdag

I dag feirar kristne i heile verda kyrkja sin ‘bursdag.’ Men Dag Øivind Østereng påpeiker (i DagenMagazinet, 25. mai 2009) at det er betre å kalla den for ein guddomleg openberringsdag. Eg skal ikkje kopiere han, men eg vil låne dette eine poenget.

Før pinsedagen har vi tre store openberringshøgtider: jula, påsken og Kristi himmelfartsdag. Desse tre openberrar Kristi verk; at Gud vart menneske, levde som eit menneske, leid, døydde og stod opp som eit menneske og ‘reiste tilbake’ for å sitja ved høgre handa åt Faderen. Han tok mennesket med seg, og har gjeve oss del i himmelens herlegdom. “I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han.” (Ef 2,6)

Men så kjem vi til dagens høgtid, til pinsen. Den er ei Andens openberringshøgtid. Lat oss lesa dagens evangelietekst, etter Den katolske kyrkja si ordning:

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 20. kapitlet.
Ære vere deg, Herre.

Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Disiplane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Disiplane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»

Slik lyder det heilage evangeliet.
Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.
Amen.

Eg skal ikkje ta for meg sjølve teksten, men vil ta for meg sjølve pinsen, og Heilaganden sine oppgåver. I Joh 16,12-15 les vi at Anden skal vitna om Sonen, herleggjera Han, forkynna Han for alt folket — og leia oss fram til heile sanninga. Det er i og med Han vi får del i dei himmelske løyndomane — i bøna, i lovsongen, i orda og spesielt i sakramenta. Anden utvirkar desse. Han er — i fylgje ortodoks liturgi — gudstenesta sin hovudcelebrant. Sakramenta, og særleg eukaristien, er, kyrkja sitt nervesenter. Men han er også hovudcelebrant i våre liv. Paulus skriv: “Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.” (Rom 12,1) Og i Hebr 13,15-16 står det: “Lat oss då ved han [Kristus] alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn. Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er etter Guds vilje.”

Men kva er vår lovprising; kva er “frukta av lepper som vedkjenner hans namn”? Er det ‘berre’ bøna, lovsongen, sakramenta, etc? Nei, det er heile livet. Heile livet vårt er ei tilbeding, og bøna og lovsongen er ‘berre’ lyden av denne tilbedinga, for å låna eit poeng frå Rudi Myntevik. Heile livet skal vera farga av at vi høyrer Anden til. “Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever etter Anden, traktar etter det som høyrer Anden til. For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.” (Rom 8,5-6) Dette handlar ikkje om noko konflikt mellom kropp og sjel, ånd og materie. Det handlar om kven vi fokuserer på. Er fokuset på oss? Eller er fokuset på Heilaganden.

Men tilbake til byrjinga: I dag feirar vi kyrkja sin ‘bursdag’ — som er Andens openberringsdag. Det er ved Anden at vi vert samla saman. Vi er, for å låne eit poeng frå Peter Halldorf, Andens folk.

I dag feirar vi nettopp at denne same Anden vart gjeve til oss. Han openberrar Sonen for oss, ikkje berre på eit abstrakt plan, slik at vi kan lesa om Han i ei bok eller la han få ‘bu i hjarto vore,’ for å gripa til gode bilete frå bedehustradisjonen. Desse er viktige, men dei er ikkje fullstendige. Nei, Han openberrar Sonen ved å gjera Han reelt nærverande i altarsakramentet. Når de går til nattverd, tenk på at dette er Andens verk i våre liv, heilt konkret. Her får vi del i Kristi offer, her vert vi éin lekam (1Kor 10,16f; 12,12f). Eller sagt på ein annan måte, slik ein eg kjenner sa det i ein andakt (sitert etter minnet): Pinsen er fullendinga av påsken i våre liv. Og difor kan vi no ropa ut i Anden: “Abba!” “Far!” “Pappa!” “Fader vår!” Lat oss be:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, Han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. Vi bed deg: Vara oss i ditt navn, så vi kan mognast og verta eitt. Gjev oss i dag å drikka av éin og same Ande, og sjå i nåde til oss, slik at vi kan nå fram til fulledninga der vi kan få stå rettferdige for deg som arvingar til det evige livet. Ved Son din, Jesus Kristus, våre Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.

[1]

Noter:

[1] Mellom anna basert på nokre bibeltekstar, samt veksellesinga for dagsbøna onsdag i boka Tidebøn (Bergen: Efrem forlag 2009, s. 60)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s