Treeiningssundagen

I dag feirar vi festen for den heilage Treeininga, ei høgtid som – ifylgje nettisene til Den katolske kyrkja i Noreg – har vokse fram dei siste tusen åra, saman med Corpus Christi og Jesu hjartefest. Desse høgtidene, står det, “betegnes ofte som idéfester. De er ikke i direkte forstand minnedager for historiske begivenheter i Frelseshistorien, men er uttrykk for en bekjennelse som historisk er vokst frem. Disse festene er uttrykk for middelalderlig og mer moderne fromhet i den vestlige Kirken, og har hatt en konsentrerende og samlende virkning. Gjennom Det annet Vatikankonsils liturgireform, med sin fremheving av Påskemysteriet, diskuteres nå disse festenes betydning og nødvendighet som forpliktende fester for hele Kirken.”

Treeiningssundagen hjelper oss å halda fokuset på rett plass. Denne dagen hjelper oss å ‘setja tonen’ for heile den ‘spesielle’ delen av kyrkjeåret; frå advent og fram til og med pinse. Vi lærer at vi ikkje må halda fokuset på éin av personane i guddommen – vi treng alle tre. Eg skal ikkje skrive meir denne dette i dag, men vil berre avslutte med eit kort utdrag frå diktet The Phoenix and the Turtle av William Shakespeare. Eg trur at det han fortel om kjærleiken mellom to også kan seiast om kjærleiken mellom dei evige tre:

“So they loved, as love in twain
Had the essence but in one;
Two distincts, division none:
Number there in love was slain.”

Lat oss be:
Gud, vår Far, du har sendt Sanningsordet og den heilaggjerande Anden inn i verda, og openberra den treeinige løyndomen for menneska. Lat oss, når vi vedkjenner den sanne trua, få erfara Treeininga sin ævelege herlegdom og få tilbe einskapen i majestetens allmakt. Ved Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Noter:

[1] Laust basert på kyrkjebøna for treeiningssundagen i Den katolske kyrkja.

One comment on “Treeiningssundagen

  1. Arne Jordly says:

    No ligg det svar frå meg til deg på fritext sin blogg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s